Rulleskiløypa på Liatoppen er klar til bruk (5.10.17)

Postet av Liatoppen Skisenter den 5. Okt 2017


I løpet av dei siste dagane er asfalten i rulleskiløypa lagt, og løypa er klar til bruk. Det er lagt 1,25 km med asfalt inkludert standplass på skytebanen. Løypa eignar seg for både nybyrjarar og erfarne skiløparar så vel som kombinasjonstrening i skiskyting. Med dette har Liatoppen skisenter fått eit nytt tilbod i sommarhalvåret og eit viktig bidrag til heilårsbruk av anlegget.





















Ny rulleskiløype snart klar på Liatoppen

Postet av Liatoppen Skisenter den 28. Sep 2017


Det har dei siste vekene vore høg aktivitet på Liatoppen med maskinentreprenør Oddvar Øygard AS i full sving på dagtid og dugnad utført av eigarlaga på kveldstid. I løpet av relativt kort tid vil ny rulleskiløype stå klar til bruk og med det blir bruken av skisenteret i sommarhalvåret utvida.

Mykje av grunnarbeidet vart gjort i fjor, men også i år er det gjort ei vesentleg oppgradering av skisenteret. I tillegg til arbeid med rulleskiløypa er det er laga ny inngang til standplass for å ta ned farten inn til skyting. Det er også laga ei ny, kort løype rundt heile skytebanen. På standplass er det bygd opp ny trener/publikumstribune som er ca. 50 cm høgare enn standplass. I bakkant av denne er det laga ein steinmur. Mykje masse er flytta på for å bygge muren og tribuna.

Det tekniske anlegget er også oppgradert gjennom framføring av fiberkabel til anlegget samt ny straumforsyning. Med dette vil lyd og bildeproduksjonar under arrangement bli både enklare og sikrare. Eit viktig arbeid for å kunne gjennomføre arrangement med høg kvalitet i framtida.





Rulleskiløypa er fullfinansiert

Postet av Liatoppen Skisenter den 24. Apr 2017

Vi har nå fått svar på vår siste søknad på rulleskiløypa. Sparebankstiftelsen Hallingdal har vedteke å gi oss eit tilskot 700 00 kr. Det betyr at vi får gjort ferdig rulleskiløypa denne sommaren.

Slik det ser ut no vil grunnarbeidet starte opp i slutten av juli. Vi vil prøve å få lagt asfalt så tidleg som mogleg slik at utøverne kan bruke løypa i haust. Førebels har vi ikkje gjort avtale med noko firma, men arbeidet med å få ein avtale er i gang.

Finansieringa blir slik:

Tippemiddel 700 000

Eigenkapital 670 160

Kommunalt tilskot 700 000

Dugnad 184 000

Progamsatsingsmiddel, skiforbundet og skiskytterforbundet 374 000

Sparebankstiftelsen 1 Hallingdal 700 000

Takk til




Ålrennet 2017

Postet av Liatoppen Skisenter den 25. Feb 2017

25. februar arrangerte Ål IL sitt årlege Ålrenn i fristil. 128 deltakar stilte til start på ein vinterleg laurdag på Liatoppen. Snøveret breidde seg innover området og gjorde at føret ikkje vart like skarpt som ein kunne forvente. Det vart konkurrert i distansar frå 1,25 km og opp til 10 km. Hyggeleg med eit stort innslag av deltakarar frå utanom dalen på startstreken. Arrangøren satsa på god premiering hadde premiar til alle deltakarane.

Resultatliste:





Skiføret på Liatoppen og Votndalsåsen (20.1.17)

Postet av Liatoppen Skisenter den 12. Jan 2017

Nok eit mildver har råka våre område. Heilt sidan tysdag 17. januar har det vore mange varmegrader i fjellet. Det er nok mange brukarar av skiløypene på Votndalsåsen som lurar på korleis det står til med skiføret no.

I lysløypa mellom Liatoppen og Skrindohaugen er det gode skiforhold. Det er også skiføre frå Skrindohaugen og innover mot Hovdestølen. Vidare innover er det lite snø. Tråkkemaskina køyrer ut frå Liatoppen laurdag morgon og køyrer opp løypene innover så langt det er mogeleg. Følg med på skisporet.no for meir detaljar.

Me håpar det snart blir meir vinterleg med kuldegrader og snø.

God tur!