Resultat frå Ringkollstafetten

Postet av Liatoppen Skisenter den 30. Des 2006

Den tradisjonsrike Ringkollstafetten vart arrangert på Liatoppen 30. desember. På grunn av snømangel hadde Ringkollen skiklubb flytta stafetten opp til snøsikre Liatoppen. Deltakarane vart møtt av nysnø og vinterlege forhold. Ringkollen skiklubb gjennomførte eit flott arrangement. Her er resultatlista: Ringkollstafetten på Liatoppen 30.12.06


Ribberennet 26. desember

Postet av Liatoppen Skisenter den 25. Des 2006

Torpo IL gjennomførte årets Ribberenn på Liatoppen 2. juledag.

Det vart ein vellykka skidag med fin temperatur, godt føre og fine løyper trass i alt mildveret i julehelga. Fullstendig resultatliste finn du her: Ribberennet 26.12.06



Arenaplanar

Postet av Liatoppen Skisenter den 21. Des 2006

Her er ulike arenakart:

Arenakart sprint (pdf)

Arenakart normal (jpg)
Arenakart sprint/jaktstart/stafett (jpg)

Arenaplan i større format finn du her.



Skirenn på Liatoppen i jule- og nyttårshelga

Postet av Liatoppen Skisenter den 21. Des 2006

Det går mot ei aktiv julehelg på Liatoppen med mange arrangement. 2. juledag arrangerer  Torpo IL sitt tradisjonsrike Ribberenn. Rennet er opent for alle klassar frå 8 år og oppover. Meir informasjon om rennet og påmelding finn du her. 

Laurdag 30. desember går Ringkollstafetten av stabelen på Liatoppen. Ringkollen Skiklubb på Hønefoss har flytta denne populære stafetten frå Ringkollen til Liatoppen på grunn av snømangel. Det er klassar frå 8 år og oppover til senior. Meir informasjon om stafetten og påmelding finn du her.



Bromma-sprinten på Liatoppen 16. desember

Postet av Liatoppen Skisenter den 11. Des 2006

Brommasprinten 2006 vart arrangert på Liatoppen i dag under flotte vinterforhold. Nokre få kuldegrader og vekslande vær med sokskinn og lett snøvær ga ei fin ramme til rennet. Løparar frå heile Buskerud kunne konkurrere i godt preparerte løyper. Her er resultatlista: Brommasprinten 16.12.06



Klubbar som har treningssamling på Liatoppen

Postet av Liatoppen Skisenter den 29. Nov 2006

Fleire lag, kretsar og skigymnas har samlingar på Liatoppen før jul. Her er eit knippe av dei:

 

 Nittedal skiskytterlag  25.-26. november
 Jardar idrettslag  2.-3. desember
 Voss skigymnas  3.-8. desember
 Oseberg skilag  7.-10. desember
 Ål ski  16.-17. desember



Skiskyttarstadion er klar til bruk

Postet av Liatoppen Skisenter den 15. Nov 2006

Tysdag kveld hadde Ål skiskyttarlag første trening på den nye skytebanen.

Dagen mange unge skiskyttarar hadde sett fram til var kome. Dei kunne endeleg gjennomføre ei skikkeleg kombinasjonsøykt i det nye anlegget. Den nye skytebanen er romsleg i høve til den gamle. Pr. i dag manglar litt skilting på standplass til at banen er 100% ferdig, men dette vil vere på plass om kort tid.

Det er flotte forhold i løypene og bra med snø. Ver litt forsiktig med å bruke dei beste skia ved standplass då det kan vere litt småstein i løypene der det nyleg er arbeidd.



Utbygginga ligg før tidsskjema

Postet av Liatoppen Skisenter den 5. Nov 2006

Utbygginga ser ut til å vere ferdig 2 veker tidlegare enn opprinneleg planlagt. Dermed kan arbeidet avsluttast i midten av november.

Utvidinga til 30 skiver har gjort at den nye skytebanen blir over 90 meter brei og er flytta ca 15 meter vestover. Prislappen på utbygginga er i underkant av 3 mill. kroner. I løpet av 2 hektiske haustmånader er det sprengt ut og knust 9400 kubikkmeter masse.

Den nye skytebanen tek form (Foto: Hege Fjørtoft Bjørnstad).

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Prosjektet hadde ikkje vore gjennomførbart til denne prisen utan avtala med Oddvar Øygard AS som går ut på eit arbeidsbyte. Entreprenøren har gjort alt maskinarbeid mot delvis betaling i form av steinmassen på området som er knust og som blir lagra i nærleiken til seinare bruk.

I tillegg til alt maskinarbeidet er det lagt ned ein stor dugnadsinnsats frå skisenteret sine eigarlag (Fjellet IL, Torpo IL, Ål IL og Ål skiskytterlag), og ein gjeng med spreke pensjonistar som har vore i sving på dagtid, kveldstid og i helgane.

Anleggsleiar Kjell-Arild Baklien i Oddvar Øygard AS til venstre og leiar av Liatoppen Skisenter Kåre Hagen (Foto: Hege Fjørtoft Bjørnstad).



Gode skiforhold på Liatoppen

Postet av Liatoppen Skisenter den 5. Nov 2006

I løpet av første veka i november kom det 40-50 cm snø på Liatoppen. Lysløypa er no preparert for både klassisk og skøyting.

Ål ski hadde si første organiserte trening på Liatoppen for vinteren torsdag 2. november. Løparane vart møtt av nypreparerte løyper og flott vintervær.

Mange har nytta høve til å prøve skia denne første novemberhelga. Sidan det er lite frost i bakken er det enkelte parti i løypa som er blaute. Men med litt varsemd er ikkje dette noko problom.



Utbygginga på Liatoppen er i gang!

Postet av Liatoppen Skisenter den 12. Sep 2006

Utbygging av skytebanen til 30 skiver er i full gang. I tillegg blir vegen frå Liagardsvegen og inn til Liatoppen rusta opp. Arbeidet er planlagt fullført til 1. desember.

Stor utbygging på Liatoppen

Arbeidet som no er i gang har vore planlagt i fleire år, og er eit stort løft for eigarlaga og skisenteret. Ål skiskyttarlag er tildelt Junior-NM i skiskyting i 2008 og opprustinga er ein viktig del av førebuingane til arrangementet. I tillegg har deltakartalet på Liatoppsprinten auka for kvart år og er no så høgt at fleire skiver er etterspurt.

Mykje masse skal flyttast og mykje fjell skal sprengast bort. Sjølve standplassen blir flytta innover mot tidlegare skyteskiver. Inngåande løype vil no koma bak eksisterande reiskapshus. Skytebanen blir nesten dobbelt så brei som tidlegare, 96 m, og avstanden mellom skivene blir auka frå 2,5 m til 2,9 m. Grave- og sprengingsarbeid blir utført av entreprenør Oddvar Øygard AS.

I tillegg blir det lagt ned ein betydeleg dugnadsinnsats frå eigarlaga som har faste dugnadskveldar heile hausten.

Utgraving av tidlegare standplass

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Utbygginga er kalkulert til omlag 3 mill. kroner. Finansieringa vil vere 1/3 i tippemiddelanlegg, 1/3 i kommunalt tilskot og 1/3 frå eigarlaga. Anlegget fekk ikkje tildelt tippemidlar i 2006, så kommunen har forskottert ein samla sum på kr 927.000 for 2006 og 2007 slik at arbeidet kunne starte i år.

Det nye anlegget vil få sin elddåp under Liatoppsprinten i april 2007.

 

Standplassen skal flyttast innover i terrenget

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Den nye skytebanen tek form

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Her skal mykje sprengingsarbeid gjennomførast

 

 

 

 



Liatoppsprinten 2006

Postet av Liatoppen Skisenter den 24. Apr 2006

Laurdag vart ein strålande dag på Liatoppen der unge skiskyttarar frå heile Sør-Norge stråla om kapp med vårsola. Søndag vart prega av våt nysnø og ikkje like innbydande tilhøve.

Arrangørklubben sine skjørtejenter

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Resultat frå konkurransane finn du her:

Liatoppsprinten 2006 - sprint laurdag
Liatoppsprinten 2006 - sprint søndag
Liatoppsprinten 2006 - jaktstart søndag

Fleire bilete frå arrangementet:

Full aktivitet på arenaen.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Rekruttane tek ut alt!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Innspurt

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tvekamp

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Premieutdeling i Ål kulturhus

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Utdeling frå Gildefondet



Liatoppsprinten 22. og 23. april

Postet av Liatoppen Skisenter den 20. Apr 2006

Det nærmar seg, det nærmar seg.....Liatoppsprinten 2006. All informasjon om arrangementet ligg på heimesidene til Ål skiskytterlag. I kveld, 20. april er det -1 grad og perfekte forhold i anlegget. 

I løpet av kvelden skal alt vere rigga og klart for storinnrykket til helga. Laurdag er det 683 påmeldte, og omlag det same på sundag.

Værutsiktene framover finn du ved å trykke på værmelding i venstremenyen. I dag seier den at me får lettskya vær både laurdag og sundag, temperatur 5 grader på dagtid og sørleg til vestleg bris.



Bergsjørennet 26. mars

Postet av Liatoppen Skisenter den 26. Mar 2006

Resultatliste: Bergsjørennet 2006


Ål-rennet 25. mars

Postet av Liatoppen Skisenter den 25. Mar 2006

Ein flott skidag på Liatoppen i strålande solskinn der deltakarar og foreldre kosa seg i vårsola.

Resultatlista frå rennet finn du her: Ål-rennet 2006


Børre Næss på start

Børre Næss frå Efteløt stakk av garde med seieren i rennet og i Bjørn Myhre-cupen samanlagt. Fossum stilte med ikkje mindre enn 14 jenter i klasse jenter 12 år. Imponerande! Dei hadde lagt sesongavslutninga til Liatoppen kombinert med hyttetur til Hemsedal.

 

Jentegjengen frå Fossum samla før start.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Unge jenter i skisporet



Show-rennet 24. mars

Postet av Liatoppen Skisenter den 25. Mar 2006

Torpo IL hadde ein travel kveld under showrennet fredag. Stor deltaking og problem med tidtakinga gjorde sitt til at det tok ei tid før ein var klar til premieutdeling.

Resultatalista finn du her: Showrennet 2006



Flott skihelg på Liatoppen

Postet av Liatoppen Skisenter den 22. Mar 2006

Førstkomande helg blir det virkeleg aktivitet i skisenteret. Denne helga går både showrennet, Ål-rennet og Bergsjørennet av stabelen på Liatoppen.

Startlista for Ål-rennet laurdag er no klar. Du finn den her: Startliste Ål-rennet 2006

Helga startar med Torpo IL sitt tradisjonsrike showrenn på fredag kveld. Her er det fellesstart og korte rundar som gjeld. Rennet går i fristil og alle frå 8 år og oppover til veteran kan delta. Mange tette duellar ventar.

Laurdag har ÅL IL sitt årlege Ål-renn. Dette rennet er også finale i Bjørn Myhre cupen i Buskerud. Også dette rennet går i fristil.

Sundag er det klart for Bergsjørennet. Årets flottaste skirenn/skitur frå Bergsjø til Liatoppen. Rennet har både trim og turklasse (med tidtaking). Møt opp på Liatoppen sundag morgon og la bussen frakte deg til start på Bergsjøstølen. Turen attende er kjempeflott! Bussane går kl. 10.00 frå Liatoppen.



Levert av IdrettenOnline