Ribberennet 2009

Postet av Liatoppen Skisenter den 28. Des 2009

Det tradisjonelle Ribberennet vart arrangert på Liatoppen av Torpo IL den 27. desember. 255 deltakarar stilte til start i rennet som gjekk i realt vintervær. Rikeleg med kuldegrader og nysnø sørgde for eit relativt trått og tungt føre som ga større tidsskilnader enn normalt er. Dagens raskaste kvinne var Celine Brun-Lie frå Njård og raskaste mann Per Kristian Nygård frå Vestre Spone.

Resultatliste



Overnatting Vital cup/Statkraft cup

Postet av Liatoppen Skisenter den 2. Des 2009

Her finn du aktuelle overnattingsstader med ledig kapasitet under Vital cup/Statkraft cup i januar:

 

Copyright Actif Hotell

Actif Hotell
Hotellet ved Ål Skisenter, ski-inn og ski-ut.
Tlf 32 08 66 66

Bergsjøstølen
Fjellstue med hotellkomfort i Bergsjøområdet.
Tlf 32 08 46 18

Best Western Eidsgaard Hotell - Gol
Førsteklasses service i lune omgivelser.
Tlf 32 07 93 00

Liatoppen fjellstove
Næraste nabo til Liatoppen skisenter.
Tlf 32 08 55 57

Pers Resort - Gol
Reisemålet som gir de beste opplevelser og den mest innholdsrike kvalitetstid for alle.
Tlf 0PERS (07377)

Copyright Thorgeir Røer Rødungstøl Høyfjellshotell
Rødungstøl - hotellet i Bergsjøområdet.
Tlf 32 08 46 22

Copyright Ål Utvikling AS

Thon Hotell Hallingdal
Hotellet i Ål sentrum.
Tlf 32 08 20 11

Copyright Ål Utvikling AS

Torpomoen
Rimeleg overnatting i hyggelege rom, triveleg miljø, god mat. Tlf 32 08 29 20

 



Vital cup/Statkraft jr. cup 16. og 17. januar

Postet av Liatoppen Skisenter den 13. Okt 2009

Ål skiskytterlag og Liatoppen skisenter er arrangør av Vital cup 3/Statkraft cup 16. og 17. januar 2010. Distansar er normal og sprint.

Ål skiskytterlag/Liatoppen skisenter har god erfaring som arrangør. I 2001 vart senior-NM arrangert i anlegget. I 2008 gjekk NM junior av stabelen her. I tillegg arrangerer Ål skiskytterlag kvart år i april verdas største skiskytterrenn, Bendit Liatoppen skiskytterfestival, som i 2009 hadde 960 deltakarar.

Bruk venstremenyen (Vital/Statkraft cup) for å koma til informasjonssidene til arrangementet.

Referat frå lagleiarmøtet fredag 15. januar: Referat lagleiarmøte 15.01.10



Skisesongen er i gang på Liatoppen

Postet av Liatoppen Skisenter den 7. Okt 2009

I dag, 12. oktober, er lysløypa preparert for skøyting til Skrindohaugen. Det er litt gras i løypa så det er lurt å ikkje bruke dei beste skia om du ønskjer å prøve ein tur.


Resultat Bendit Liatoppen skiskytterfestival 2009

Postet av Liatoppen Skisenter den 26. Apr 2009

Odlostafetten fredag 17. april: html pdf-format
Fellesstart junior fredag 17. april:   html pdf-format  
Bendit laurdag 18. april:

html
html med foto

pdf-format
Bendit søndag 19. april html pdf-format

NB!
Listene i html-format inneheld ikkje markering for tillegg i tid for regelbrot.



Verdas største skiskyttarrenn blir endå større

Postet av Liatoppen Skisenter den 14. Apr 2009

Komande helg er det klart for Bendit Liatoppen skiskytterfestival på Liatoppen. Ål skiskytterlag står som arrangør med god hjelp frå alle eigarlaga i skisenteret. Rennet får rekordmange deltakarar.

Nokre timar før påmeldingsfristen går ut er det klart at det blir sett ny deltakarrekord. På fredag er 175 lag påmeldt til Odlo-stafetten. I tillegg går 50 17-åringar fellesstart.

Til laurdagens sprintrenn nærmar deltakartalet seg 970 noko som er ein auke frå 909 i fjor. Sundagen har også over 900 deltakarar der 13-16 åringane går fellesstart, medan 12 år og yngre går enkeltstart.

Været har ikkje vore på arrangørens side dei siste vekene. Mildt vårvær utan nattefrost har tæra hardt på snøen, men 3 dagar før er alt under kontroll. Både standplass, stadion og delar av løypa får tilført meir snø dei næraste dagane, samt at det blir vurdert salting i løypene for å få fastare underlag.

Vel møtt til årets skiskyttarfest!



Klubbmesterskap i skiskyting

Postet av Liatoppen Skisenter den 31. Mar 2009

Tysdag 31. mars arrangerte Ål skiskyttarlag klubbmesterskap i skiskyting på Liatoppen. I fint vårvær stilte 39 deltakarar til start. Mesterskapet vart avvikla med normalprogram med tillegg på 15-45 sek. pr. bom.

Her er resultatlista: Klubbmesterskap Ål ssl 2009



Klubbmesterskap Ål IL

Postet av Liatoppen Skisenter den 25. Mar 2009

Tysdag 24. mars arrangerte Ål ski klubbmesterskap på Liatoppen. 49 deltakarar i alderen 8 år og oppover deltok. Rennet gjekk dette året i klassisk stil (annakvart år klassisk og fristil).

Her er resultatlista: Klubbmesterskap Ål IL 2009



Bergsjørennet 2009

Postet av Liatoppen Skisenter den 25. Feb 2009

Laurdag 14. mars arrangerte Ål idrettslag, langrennsgruppa det tradisjonsrike turrennet frå Bergsjøstølen til Liatoppen. Rennet er 32 km langt og går i flott fjellterreng. Vær og føre var førsteklasses og dei ca. 100 deltakarne fekk ein flott tur. Raskaste løper i klassisk stil vart Pål Golberg frå Gol og raskaste fristil-løper vart Per Øyvind Mythe frå Hemsedal.

Her er resultatlista: Bergsjørennet 2009



Showrennet/Gaurhovdrennet 2009

Postet av Liatoppen Skisenter den 22. Feb 2009

Torpo IL arrangerte 22. februar det 38. Gaurhovdrennet med start og mål på Liatoppen. Dette tradisjonsrike arrangementet starta som eit renn frå Leveld til Gol, men fekk for vel 20 år sidan Liatoppen som utgangspunkt for ei rundløype. Av dei 40 som stilte til start vart Tore Bjerkreim raskaste herre og Live Båsen raskaste dame.

Samstundes med turrennet gjekk Showrennet for aldersgruppa 8-16 år med klassevise fellesstartar. Her stilte 72 løparar til start.

Komplett resultatliste finn du her: Showrennet/Gaurhovdrennet 2009



Webkamera og værstasjon

Postet av Liatoppen Skisenter den 10. Jan 2009

Endeleg er både webkamera og værstasjonen i drift på Liatoppen skisenter. Dette er meint som eit tilbod til alle brukarar av skisenteret. Liatoppen skisenter er stolt av å kunne tilby brukarar denne ekstraservicen. Tek me med GPS-oppdateringar av preparerte løyper kan du no sjekke både løyper,vær og føre før skituren. Webkamera er sponsa av Byggmester Morten Sjemmedal AS, medan værstasjonen er sponsa av Sjemmedal og Liatoppen Fjellstove i fellesskap. Stor takk til dei! Sjekk webkameraet og bli inspirert til å ta ein tur på ski. Sjekk løypeprepareringa så ser du kva løyper som er preparert og sjekk værstasjonen for å sjå kva du skal smøre med.

God tur!



SpareBank 1-cup skiskyting 8. februar

Postet av Liatoppen Skisenter den 10. Jan 2009

SpareBank 1-cup i skiskyting vart arrangert på Liatoppen sundag 8. februar. Rennet var også KM sprint for Buskerud for klassane 13 år og eldre.

Her er komplett resultatliste: SpareBank 1 Cup skiskyting



Levert av IdrettenOnline