Julehelsing

Postet av Liatoppen Skisenter den 23. Des 2012



Liatoppen skisenter ønskjer alle brukarar av løypenettet ei riktig god skijul og eit godt snørikt nyttår!


Ribberennet 2012

Postet av Liatoppen Skisenter den 16. Des 2012


28. desember arrangerte Torpo IL det tradisjonsrike Ribberennet på Liatoppen. 239 deltakarar stilte til start i flott vinterver. 

Vinnarar i seniorklassane vart Celine Brun-Lie, Njård og Sindre Bjørnestad Skar, Bærums Verk IF.

 

Celine Brun-Lie, Njård

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Sindre Bjørnestad Skar, Bærums Verk IF

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 



Her er komplett resultatliste frå rennet:

Resultatliste Ribberennet 2012

 



SpareBank 1 Cup 15. og 16. desember

Postet av Liatoppen Skisenter den 13. Des 2012

Ål skiskytterlag, Bødalen IF og Drammen Strong arrangerte denne helga to renn i SpareBank 1 Cup i skiskyting på Liatoppen. Laurdag var det normalprogram og sundag sto sprint på programmet.

SpareBank 1 Cup er ein serie med renn for skiskyttarar i alle aldersklassar i Buskerud, men alle renn er opne for alle kretsar.

I underkant av 200 deltakarar stilte til start i snøværet begge dagar. Her er resultat frå renna:

SpareBank 1 Cup 15.12.12 - normalprogram
SpareBank 1 Cup 16.12.12 - sprint



Gode skiforhold (01.12.12)

Postet av Liatoppen Skisenter den 1. Des 2012

Alle løypene frå Liatoppen er no preparert med unntak av fjell-løypene mot Kråkhamar, Fekjastølen og Nystølane. Det er bra med snø og godt skiføre i heile det preparerte løypenettet.


Gode forhold i skiløypene (05.11.12)

Postet av Liatoppen Skisenter den 5. Nov 2012

Etter snøfallet den siste tida er det no gode skiforhold i løypenettet frå Liatoppen. Lysløypa er preparert for klassisk og skøyting. Her er det svært gode forhold. I tillegg er 5 km som blir nytta til konkurransar oppkøyrd.

Innover åsen er mykje av løypenett preparert og er fullt brukande, men det er litt lite snø på enkelte parti. Sjekk SkiTrac for meir informasjon om løypekøyringa.

God tur!



SkiTrac er i drift

Postet av Liatoppen Skisenter den 3. Nov 2012

SkiTrac heiter systemet som til ei kvar tid viser kva skiløyper som er preparert. Systemet er no i drift for vinteren og viser status på løypenettet i Ål kommune. Du finn oversikten i venstremenyen både under punktet "Før skituren" og under "Løypenett" eller følg linken nedanfor:

SkiTrac - avansert versjon

SkiTrac - standard versjon

Avansert versjon viser alle løyper i Ål kommune på eit kart medan standar-versjonen viser status for løypene som blir preparert med maskin frå Liatoppen.



5 kilometeren er klar for skøyting og klassisk (29.10.12)

Postet av Liatoppen Skisenter den 29. Okt 2012

Løypekøyraren melder at etter snøfallet i natt er 5 kilometeren på Liatoppen preparert for både klassisk og skøyting.

God tur!



Skiføre på Liatoppen! (16.10.12)

Postet av Liatoppen Skisenter den 16. Okt 2012

Etter snøfallet i det siste er det i dag tråkka 2 km med skøyteløype på Liatoppen. Ål skiskytterlag har fellestrening i kveld på ski.

NB! Lite snø, bruk gamle ski.



Ål og Vikersund søkjer om ski-NM

Postet av Liatoppen Skisenter den 3. Okt 2012

Liatoppen Skisenter, ved Ål idrettslag i samarbeid med Vikersund søkjer om å få arrangere NM i nordiske greiner del 1 i 2015. Her er pressemeldinga i samband med søknaden:

Ål idrettslag, saman med dei andre eigarlaga til Liatoppen Skisenter og Vikersund, står som søkjar til å arrangere senior-NM i nordiske greiner i 2015.

- Dette året fyller Ål idrettslag 125 år og me ønskjer å markere jubileet ved å arrangere ein noregsmeisterskap. Vikersund vil stå for hoppdelen av arrangementet, medan alle langrennsøvingar vil bli gjennomført på Liatoppen skisenter. Her vil som ved tidlegare nasjonale arrangement, eigarlaga Ål IL, Torpo IL, Fjellet IL og Ål Skiskytterlag samarbeide om gjennomføringa, seier Svein Furuhaug.

Verdas største skiskyttararrangement
Liatoppen Skisenter har vore arena for mange store nasjonale renn både i langrenn og skiskyting. I skiskyting er det arrangert noregsmeisterskap for både junior og senior. Kvart år er verdas største skiskyttararrangement, Bendit Liatoppen Skiskyttarfestival, sesongavslutning for over 1000 unge skiskyttarar.

Saman for skiidretten
Hoppdelen av NM vil bli arrangert i 117-metersbakken i Vikersund. Den nest største bakken i Vikersund har heis, frysespor og anna viktig infrastruktur for å arrangere NM i ein moderne hoppbakke. - Vikersund synes det er kjekt å bli spurt om å vere med på ein skikkelig Buskerudsøknad og at me saman kan vere med på å lyfte skiidretten i Buskerud gjennom eit NM. Hoppbakkane våre er til for å brukast, fortel Halvor Hartz, styreleiar i Skiflyving Vikersund. Vikersund arrangerte NM hopp seinast i 2010, då saman med Stokke i Vestfold. I 1989 arrangerte Konnerud og Vikersund NM saman, det var siste gong heile NM gjekk i Buskerud. Vikersund arrangerte sist vinter skiflygings-VM, og siste helga i januar arrangerer dei igjen verdscup i skiflyging.

Oppgraderer Liatoppen
Ein seniormeisterskap i nordiske greiner inneheld hopp, kombinert og langrenn. Liatoppen Skisenter skal gå gjennom ein del endringar for å tilfredstille krava til Norges Skiforbund. Dette betyr at stadion skal tilretteleggjast for fellesstart, skibytte samt få eit betre oppløp mot mål. I tillegg vil løypa måtte utvidast og flyttast nokre stadar. Ein ny 5 km er også under planlegging til NM. Arbeidet vil starte opp neste år.

Me ønskjer å gjennomføre ein flott meisterskap for både løparar og publikum. Ål og Modum kommunar har mykje å by på i tillegg til idretten. Arrangørane vil leggje opp til gode kulturelle innslag under eit NM.

Norges Skiforbund avgjer kven som får NM i desember eller i januar.

- Me ventar spent på avgjerda, seier Svein Furuhaug.

For meir informasjon, kontakt:
Svein T. Furuhaug, leiar av organisasjonskomiteen Telefon: 915 18 610

Halvor Hartz, styreleiar Skiflyging Vikersund Telefon: 930 61 212



Værstasjonen er i drift (19.9.12)

Postet av Liatoppen Skisenter den 19. Sep 2012

Etter å ha mangla straum på Liatoppen i sommar er den no på plass og værstasjonen er i drift. Legg merke til at værdata for april-september manglar i statistikken.

Web-kameraet er framleis ute av drift, men me reknar med det er i gang i løpet av nokre dagar.



Løypene blir preparert på Votndalsåsen (21. april)

Postet av Liatoppen Skisenter den 21. Apr 2012

Det har den siste veka kome mykje snø i fjellet. Difor blir alle løypene frå Liatoppen og innover åsen preparert i dag. Det er mogeleg å nytte parkeringsplassane på Liatoppen, Skrindohaugen, Myset, Svarthamar, Åsetno og Tormodset som utgangspunkt for ein fin skitur på vårsnø. 

GPS-oppdatering av løypeprepareringa er ute av drift, så ein vil ikkje sjå dei preparerte løypene på kartet. 

God tur!


Bendit Liatoppen skiskytterfestival 2012

Postet av Liatoppen Skisenter den 16. Apr 2012

Foto: Jon Olav Tveitehaug

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Bendit Liatoppen skiskytterfestival er no historie. Etter snømangel i mars månad, starta fredagen med nysnø av ein slik konsistens at den klarte å lage trafikkaos i Liagardane den første konkurransedagen. Heile programmet måtte utsetjast med ein time for å få alle utøvarar og støttepersonell opp på stadion. Resten av dagen gjekk alt etter planen og siste løper var i mål ca. 19.30. 207 stafettlag og 55 juniorar stilte til start denne dagen.

Laurdagen vart ein kanondag med flott vintervær og godt føre. Alt gjekk på skinner og løypene heldt godt. Ein rekorddag med 1048 startande.

Arrangøren var spent på før sundagens konkurransar. Værmeldinga sa at det kunne koma ein god del snø i morgontimane og utover dagen. Ville det bli trafikkaos på nytt? Heldigvis vart det ikkje noko av snøværet og det vart ein fin dag med mange tette duellar på fellesstartane. Siste løper gjekk i mål kl. 18.30.

Også i år vart det laga ein Bendit-film som vart vist på premieutdelingane i Ål kulturhus. Filmen kan du sjå her:

Bendit-filmen 2012

Bama laga også ein stemningsrapport frå festivalen som du kan sjå her:

Stemningsrapportar

Lokalavisa Hallingdølen laga i forkant av festivalen ein videoreportasje om snøtransporten som sikra arrangementet som du kan sjå her:

Snømangel stoppar ikkje skirenn

Komplette resultatlister


Larsen-stafetten 13. april:

html pdf-format
Fellesstart junior fredag 13. april: html pdf-format
Bendit laurdag 14. april:

html

pdf-format
Bendit sundag 15. april html pdf-format

Meir informasjon finn du på heimesidene til arrangementet:

www.liatoppenskiskytterfestival.no

Me ønskjer alle deltakarar, lagleiarar, foreldre og anna støttepersonell velkomen attende 5.-7. april i 2013!



Filminnspeling på Liatoppen med Ole Einar Bjørndalen

Postet av Liatoppen Skisenter den 8. Apr 2012

I slutten av mars var Liatoppen "location" for ei filminnspeling. Selskapet Filmprodusentane frå Ål brukte anlegget til å spele inn scener til ein film som Norges Skiskytterforbund skal nytte i samband med sin søknad om VM i Holmenkollen i 2016.

Ole Einar Bjørndalen er ein viktig del av filmen, og han kom direkte frå Italia til Liatoppen for å vere med. I tillegg var lokale skiskyttarar og skuleelevar statistar "på settet".

Lokalavisa Hallingdølen har laga ein videoreportasje om filminnspelinga:

Filminnspeling på Liatoppen



Klubbmesterskap Ål skiskytterlag 2012

Postet av Liatoppen Skisenter den 28. Mar 2012

Tysdag 27. mars arrangerte Ål skiskyttarlag sitt klubbmesterskap på Liatoppen. 39 ivrige skiskyttarar stilte til start på skikkeleg vårsnø. Lite snø på stadion gjorde at strafferundane måtte kuttast ut, og deltakarane fekk i staden tillegg i tid tilsvarande tidsbruken på ein strafferunde.

Resultatliste



Bergsjørennet 2012

Postet av Liatoppen Skisenter den 25. Mar 2012

På ein varm vårdag vart årets Bergsjørenn arrangert 25. mars med litt endringar i høve til opprinneleg plan. Fleire dagar før rennet vart det klart at den vanlege starten på Bergsjø ikkje var mogeleg å få til pga. lite snø i delar av traseen på snaufjellet. Start og mål vart bestemt lagt til Liatoppen. Likevel måtte det til iherdig dugnadsinnsats for å få til ei rundløype til deltakarane. I nokre parti var det lite snø, men fullt forsvarleg å ta seg rundt på ski.

Bergsjørennet har i tillegg til vanlege turrennklassar for menn og kvinner også ei fristilklasse for kvart kjønn som startar 15 min. etter dei vanlege klassane. Raskaste løparar i dei vanlege turrennklassane i dagens renn vart Julie Synnøve Ensrud, Trøsken IL og Helge Brandsdal, Skedsmo BIL. I fristilklassen var Kjetil Andre Bjerkrheim, Sportsmaster raskast gjennom løypa på 21 km.

Resultatliste



Klubbmesterskap Ål IL

Postet av Liatoppen Skisenter den 15. Mar 2012

Torsdag 15. mars arrangerte Ål IL sitt klubbmesterskap på Liatoppen. 49 deltakarar stilte til start denne kvelden. Etter mange dagar med mildver fekk deltakarane oppleva eit skarpt føre med god glid.

Resultatliste



Alle løyper blir preparert i dag - 29. februar

Postet av Liatoppen Skisenter den 29. Feb 2012

GPS-registreringa i løypemaskina er ute av drift. Det betyr at løypekartet som viser oppkøyrde løyper ikkje blir oppdatert. Alle løyper i løypenettet frå Liatoppen er preparert no på morgonen.

Siste: GPS-registreringa er i drift att, men viser ikkje heile ruta til løypemaskina i dag.



Mildværet skapar framleis problem for løypekøyringa (16.3.12)

Postet av Liatoppen Skisenter den 29. Feb 2012

Mildværet som sette inn for 3 veker sidan har gjort at snøtilhøva i fjellet er vanskelege. Store område utan snø gjer det vanskeleg å koma fram med løypemaskina.

Løypekøyrarane har i dag (16. mars) vore ute i løypenettet og drenert vekk vatn. Dei melder om at det er uråd å gå på ski frå Gaukelie mot Lya, elva går i tillegg open. Elles i løypenettet i skogen er det greie forhold. Lysløypenettet frå Liatoppen, Skogsløypa og Kinnhovdløypa er alle brukande.

God tur!



Gaurhovdrennet/Showrennet 2012

Postet av Liatoppen Skisenter den 27. Feb 2012

Frå starten av det 40. Gaurhovdrennet Foto: Hallingdølen

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Sundag 26. februar arrangerte Torpo IL Gaurhovdrennet for 40. gongen. I samband med jubileet hadde arrangøren lagt opp til ei flott løype på 44 km som mellom Tormodset og Gaurhovd følgde delar av den opprinnelege løypetraseen frå Leveld til Gol. Vær og føre var det aller beste, og deltakarane fekk ei flott oppleving.

I herreklassa kunne ingen slå evigunge Kristen Aaby, Nedre Sigdal som har vunne rennet mange gonger, fyrste gongen på 80-talet. Raskaste dame vart utflytta åling Kjersti Simpson-Larsen som no representerer Rollag og Veggli.

Medan turløparane var ute på sine 44 km, vart Showrennet for klassane 8-16 år arrangert. Her var det klassevise fellesstartar og fleire rundar i den korte løypa på 500 meter.

Her er resultatlista: pdf

Dagens vinnar vart evigunge Kristen Aaby, Nedre Sigdal til høgre føre unge Kjetil Andre Bjerkrheim, Nesbyen. Foto: Hallingdølen

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kjetil Andre Bjerkrheim i løypa ved Tormodset. Foto: Hallingdølen
 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Eivind Torsethaugen vart utnemnd til æremedlem i Torpo IL for sin innsats for idretten gjennom mange år. Foto: Hallingdølen

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Vinnar av jenter 13 år i Showrennet: Vilde Hagen Friis, Ål. Foto: Hallingdølen

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 



Neste renn på Liatoppen: Bergsjørennet 25. mars

Postet av Liatoppen Skisenter den 27. Feb 2012

Den siste sundagen i mars arrangerer Ål IL det tradisjonsrike Bergsjørennet som startar på Bergsjøstølen og har målgang på Liatoppen. Turrennet er 32 km langt og har klassar for både klassisk (vanlege aldersklassar) og fristil (ei klasse). I tillegg er det trimklasse for dei som ønskjer å bruke litt tid på denne flotte turen i noko av det beste fjellterrenget i kommunen.

Det er busstransport frå Liatoppen til Bergsjøstølen på morgonen. Nytt høvet til å bli frakta opp til start for så å kunne nyte turen på ski attende til Liatoppen.

Innbyding
Påmelding

Pga. snømangel i fjellet blir løypetraseen lagt om. Start og mål blir på Liatoppen. Rennet vil gå i fjorårets Gaurhovdrenntrase og blir på 25 km.

Påmelding ved start eller til helge@hallingbio.no

Starten blir framskunda til kl 11.00. Trimklasse startar frå kl.10.00.



Resultat Ål-rennet

Postet av Liatoppen Skisenter den 25. Feb 2012

Ål-rennet vart arrangert på Liatoppen 25. februar. Etter noko ruskut vær dei siste dagane var det flotte tilhøve som møtte dei 124 deltakarane som stilte til start i fristilrennet. Det vart konkurrert i klassane frå 8 år og opp til senior.

Her er resultatlista:  pdf     html



Værstasjonen er ikkje i drift

Postet av Liatoppen Skisenter den 9. Feb 2012

Etter nokre dagar med normal drift har me fått problem med værstasjonen. Feilsøk pågår, men inntil vidare blir ikkje værdata levert.

Me beklagar dette!



Værstasjonen er i normal drift

Postet av Liatoppen Skisenter den 30. Jan 2012

Etter nokre dagar med kommunikasjonsproblem, er den no i normal drift.

Me har rett nok eit problem med at den stoppar av og til, så sjekk dato og klokkeslett over temperaturmålaren for å sjå at verdiane er oppdatert. Hvis ikkje, vil den henge på dato og klokkeslett.

God tur!



Neste rennhelg på Liatoppen: 25. og 26 februar

Postet av Liatoppen Skisenter den 3. Jan 2012

I slutten av februar blir det ei flott rennhelg på Liatoppen med ikkje mindre enn 3 konkurransar. Laurdag 25. februar går Ål-rennet i fristil arrangert av Ål IL av stabelen. Sundag 26. februar arrangerer Torpo IL sitt Showrenn i klassisk med klassevise fellesstartar. Same dag arrangerer også klubben turrennet Gaurhovdrennet for 40. gong. Start og mål er på Liatoppen og delar av løypa går i samband med jubileet i den opprinnelege traseen. Løypelengda er difor auka til 44 km.

Velkomen til ei flott rennhelg på Liatoppen i vinterferien!

Invitasjon Ål-rennet
Invitasjon Gaurhovdrennet/Showrennet

Startlister:
Ål-rennet:  pdf             html

Gaurhovdrennet/Showrennet:  html



Levert av IdrettenOnline