Ribberennet 2017

Postet av Liatoppen Skisenter den 28. Des 2017

Torpo IL arrangererte Ribberennet på Liatoppen 4. juledag. Arrangøren kunne by på flotte forhold og fint vinterver då 314 deltakarar i alle aldersgrupper stilte til start i fristilrennet. Den "nye" 5-kilometeren vart brukt for første gong i renn og var nok ei spanande oppleving for dei som ikkje hadde testa den tidlegare. Her finn ein utforkøyringar der farten blir enorm og sugande stigningar som krev godt O2-opptak.

Dagens raskaste i kvinneklassen vart Karoline Simpson-Larsen, Vargar IL/Team Veidekke Vest og Sigurd Hagen Rønning, Vikersund IF tett følgd av junioren Filip Fjeld Andersen, Geilo IL som berre var 10 sekund bak på 10-kilometeren. I kvinneklassen for junior utmerka 17-åringen Marie Helene Fossesholm, Eiker SK seg med ei svært god tid på 5-kilometeren.

Resultatliste:

Ribberennet 2017


0 Kommentar

Velkomen til Ribberennet 28. desember!

Postet av Liatoppen Skisenter den 18. Des 2017

Me står framom ein ny rennsesong på Liatoppen og første rennet går av stabelen 28. desember. Då byr som vanleg Torpo IL inn til det tradisjonsrike "Ribberennet" som går i fristil. Her brukar det å vere god deltaking med mange Hallingdalsferierande på startstreken. Det har vore svært gode snøtilhøve på Liatoppen hittil i vinter og arrangøren kan tilby topp løyper så sant "kakelinna" ikkje klarar å gjere for mykje ugang.


Påmeldingsfristen er 26. desember og kan gjerast her:

Påmelding Ribberennet

Vel møtt!


0 Kommentar

Rulleskiløypa på Liatoppen er klar til bruk (5.10.17)

Postet av Liatoppen Skisenter den 5. Okt 2017


I løpet av dei siste dagane er asfalten i rulleskiløypa lagt, og løypa er klar til bruk. Det er lagt 1,25 km med asfalt inkludert standplass på skytebanen. Løypa eignar seg for både nybyrjarar og erfarne skiløparar så vel som kombinasjonstrening i skiskyting. Med dette har Liatoppen skisenter fått eit nytt tilbod i sommarhalvåret og eit viktig bidrag til heilårsbruk av anlegget.




















0 Kommentar

Ny rulleskiløype snart klar på Liatoppen

Postet av Liatoppen Skisenter den 28. Sep 2017


Det har dei siste vekene vore høg aktivitet på Liatoppen med maskinentreprenør Oddvar Øygard AS i full sving på dagtid og dugnad utført av eigarlaga på kveldstid. I løpet av relativt kort tid vil ny rulleskiløype stå klar til bruk og med det blir bruken av skisenteret i sommarhalvåret utvida.

Mykje av grunnarbeidet vart gjort i fjor, men også i år er det gjort ei vesentleg oppgradering av skisenteret. I tillegg til arbeid med rulleskiløypa er det er laga ny inngang til standplass for å ta ned farten inn til skyting. Det er også laga ei ny, kort løype rundt heile skytebanen. På standplass er det bygd opp ny trener/publikumstribune som er ca. 50 cm høgare enn standplass. I bakkant av denne er det laga ein steinmur. Mykje masse er flytta på for å bygge muren og tribuna.

Det tekniske anlegget er også oppgradert gjennom framføring av fiberkabel til anlegget samt ny straumforsyning. Med dette vil lyd og bildeproduksjonar under arrangement bli både enklare og sikrare. Eit viktig arbeid for å kunne gjennomføre arrangement med høg kvalitet i framtida.




0 Kommentar

Vårskitur på Liatoppen (29.4.17)?

Postet av Liatoppen Skisenter den 29. Apr 2017

Løypekøyrarane har vore ute på morgonen i dag og preparert skiløyper frå Liatoppen og inn til løypekrysset ved Margitbakken. Det er nysnø og kuldegrader i området så det er mogeleg å ta seg ein skitur i preparerte løyper.

God tur!