Skiløyper i påska

Postet av Liatoppen Skisenter den 22. Mar 2018


Påskeferien står for døra. I år ser det ut til å bli ei strålande skipåske med mykje snø og flott skiføre i våre område. Me håpar mange tek turen til fjells og nyttar skiløypene. Løypene frå Liatoppen innover Votndalsåsen og opp mot Grytingen blir preparert dagleg ved behov.

Har du forresten betalt løypeavgift? Tidlegare i vinter vart det sendt ut giro til hytteeigarar og bygdefolk med oppmoding om å støtte løypekøyringa i området. Har du ikkje betalt enno, set me veldig pris på om du gjer det. Løypebidrag er ei svært viktig og avgjerande inntektskjelde for å halde løypenettet i drift.

Har du ikkje fått giro, men ønskjer å gje eit bidrag kan du også bruke Vipps med kode 127199.

Liatoppen skisenter ønskjer alle brukarar av løypenettet ei riktig god påske!



Bergsjørennet 2018

Postet av Liatoppen Skisenter den 18. Mar 2018

Vinnar av Bergsjørennet, Kjetil Andre Bjerkrheim, Nesbyen IL/Team Hallingdal


Etter eit par fantastisk flotte dagar i fjellet i forkant av årets Bergsjørenn var det litt overraskande at deltakarane vart møtt med frisk vind på start ved Bergsjøstølen i årets utgave av det 32 kilometer lange rennet i fristil.

Berre 24 deltakarar stilte til start i konkurranseklassane. Saman med trimmarane som starta frå Bergsjøstølen fekk dei ein utfordrande tur i fjellet, spesielt partiet frå Hesthovdstølen til Reine vart strabasiøst med sterk motvind og attblåste løyper. Alle kom seg greitt gjennom det utsette partiet og nærare Liatoppen vart det nydeleg forhold. Dagens raskaste vart Kjetil Andre Bjerkrheim, Nesbyen IL/Team Hallingdal som vann med vel 4 minutt på nestemann Knut Skrindo, Gol IL/Team Hallingdal. Raskast av damene var Tuva Skarra, Konnerud føre Vilde Hagen Friis, Ål IL/Team Hallingdal.

Nytt av året var ein alternativ start for trimmarar frå Tormodset. Her stilte mange lokale born som har delteke på skileik og skitrening i vinter. Dei kosa seg i finveret i flotte løyper på turen til Liatoppen.


Resultatliste Bergsjørennet 2018



Neste renn på Liatoppen er Bergsjørennet 18. mars

Postet av Liatoppen Skisenter den 13. Mar 2018

Ål IL byr på turrenn frå Bergsjøstølen til Liatoppen denne sundagen i mars. Løypa er 32 km og går i fri teknikk.

Det er drikkestasjonar ved Hengsen 22 km fra mål, Tormodset 10 km fra mål og Skrindehaugen 4 km fra mål.

Konkurranseklassane startar kl 12:00 på Bergsjøstølen.

Buss fra Liatoppen til Bergsjøstølen kl 10:00
Buss fra Liatoppen til Tormodset kl 11:45

Nytt av året er at trimløparane kan velje mellom Bergsjøstølen - Liatoppen 32 km, eller Tormodset - Liatoppen 10 km. 

OBS: Starkontingenten aukar med 50% etter 11. mars kl 23:59

Meir informasjon: tlf 456 08 056

Velkommen!


Påmelding Bergsjørennet her

 




SpareBank 1 Cup skiskyting/KM stafett for Buskerud

Postet av Liatoppen Skisenter den 11. Mar 2018

Ål skiskytterlag arrangerte helga 10. og 11. mars årets siste renn i SpareBank 1 Cup i skiskyting på Liatoppen. Laurdag var det KM stafett for Buskerud, medan dei yngste gjekk individuelt renn med normalprogram. Deltakinga var noko mindre enn normalt pga. mange andre arrangement denne helga, bl.a. Norgescup/NM for junior og senior på Voss.

Sundag gjekk alle deltakarane sprint i løypene på Liatoppen. For arrangøren var rennhelga ei grei gjennomkøyring før Bama Liatoppen skiskytterfestival om ein månad.


Resultatlister:

SpareBank 1 cup 10. mars - normal
SpareBank 1 cup/KM stafett 10. mars
SpareBank 1 cup 11. mars - sprint



Showrennet/Gaurhovdrennet

Postet av Liatoppen Skisenter den 3. Mar 2018

Torpo IL arrangerte Showrennet og Gaurhovdrennet sundag 3. mars på Liatoppen. Showrennet er eit langrenn for klassane 8-13 år med fellesstart og korte rundar. Dette blir avvikla medan dei som går turrennet Gaurhovdrennet er ute på sin 24 km lange runde innover åsen og rundt Kinnhovda. Gaurhovdrennet vart arrangert for 46. gongen. Det er plass til mange fleire deltakarar i desse flotte renna med god premiering. 

 

Her er dagens raskaste på Gaurhovdrennet 1 km før mål, Knut Skrindo frå Gol og Trym Halbjørhus Fikke frå Hemsedal. I mål var rekkefølgja bytta om.

Resultatliste frå dagens renn:
Showrennet 2018
Gaurhovdrennet 2018