Rulleskiløypa offisielt opna
Postet av Liatoppen Skisenter den 15. Jun 2018
Foto: Erlend Hagen
Måndag 4. juni var det offisiell opning av den nye rulleskiløypa på Liatoppen. Nærare 100 personer hadde møtt opp for å være med på opninga. Styreleiar for skisenteret, Svein Furuhaug, ønskte velkomen og orienterte dei frammøtte om prosjektet.
Ordfører Solveig Vestenfor klypte snora for rulleskiløypa og ønskte Liatoppen Skisenter og eierlaga lykke til med ei trafikksikker treningsløype for alle som vil gå på rulleski og slapp med det ivrige utøvarar og mosjonistar ut i løypa.
Løypa har kosta litt over kr 2,8 mill. å bygge noko som er under kostnadsoverslaget. Liatoppen skisenter er svært takknemleg for at Sparebankstiftelsen Hallingdal, Ål kommune, tippemidlar og Skiskytterforbundet/Skiforbundet har vore med å finansiere løypa.
Kåre Hagen har vore skisenteret sin mann under bygginga. Skisenteret er med rulleskiløypa blitt eit meir komplett anlegg for både sommar- og vinterbruk.
Svein Furuhaug ønskte velkomen og orienterte om prosjektet.
Ordførar Solveig Vestenfor sto for den offisielle opninga.
Ordførar og prosjektleiar omkransa av representant frå SpareBank 1 Hallingdal Valdres (Espen Karlsen) og entreprenør Oddvar Øygard AS (Ole Bjørn Øygard)
Så var det klart for prøving.
Heider til Kåre Hagen og Svein Åsmund Tveito
Postet av Liatoppen Skisenter den 7. Jun 2018
Svein Åsmund Tveito til venstre og Kåre Hagen, nr. 3 frå venstre, fekk pris saman med mange kjente profilar innan skiskyting (Foto: Norges skiskytterforbund)
Eldsjelene til Liatoppen skisenter - Kåre Hagen og Svein Åsmund Tveito fekk heiderspris på årets skiskyttarting.
Avisa Hallingdølen skriv følgjande om prismottakarane:
Kåre Hagen (80) og Svein Åsmund Tveito (75) har vore eldsjeler, frontfigurar og dugnadsbasar under utbygginga på Liatoppen Skisenter gjennom ein mannsalder. Dei er Liatoppens svar på Knoll og Tott.
Hagen og Tveito har vore sentrale i det meste som har skjedd, både sportsleg og arenamessig, heilt frå Liatoppen var ein treningsarena, til ein topp moderne ski- og skiskyttararena.
Under middagen på skiskyttartinget laurdag 2. juni vart Knoll og Tott heidra for storinnsatsen og fekk skiskyttarforbundet sin standard. Det er ein heider som går til kretsar, klubbar og enkeltpersonar som har gjort ein framifrå innsats for å fremje sporten gjennom mange år. Dei var innstilt av Ål skiskyttarlag.
Også Ole Einar Bjørndalen vart heidra på skiskyttartinget. 44-åringen frå Simostranda som no har valt å avslutte den fantastiske karrieren, vart kåra som æresmedlem i skiskyttarforbundet.