Ribberennet 2019

Postet av Liatoppen Skisenter den 28. Des 2019

Torpo IL inviterte til det tradisjonsrike Ribberennet på Liatoppen 4. juledag. 294 deltakarar stilte denne gongen til start. Det var god deltaking i mange klassar. I klasse menn senior stilte heile 34 deltakarar til start. Andreas Kirkeng, IL ROS vann klassen med 22 sekund. Raskaste løper i kvinneklassane vart, ikkje overraskande, Helene Marie Fossesholm, Eiker SK. Resultatlista elles viser mange tette duellar i fleire klassar. Denne gongen var det realt vinterføre som Liatoppen skisenter kunne by på til deltakarane. Ein litt sur vind var det ikkje mogeleg for arrangøren å gjere noko med. 

Resultatliste Ribberennet 2019


0 Kommentar

Ribberennet 28. desember

Postet av Liatoppen Skisenter den 23. Des 2019

Torpo IL ønskjer velkomen Ribberennet  28. desember på Liatoppen.  Rennet går i fristil og har klassar frå 8 år til senior. Parkering kostar kr 50,- og kan betalast kontant eller med Vipps til Torpo idrettslag #102379. Rennkontor på arenaen. Det er svært gode snøforhold på Liatoppen. Vel møtt!

Påmelding 

Påmeldingsfrist 26. desember

Løypelengder:
J/G 8, 9 og 10 år: 1 km
J/G 11 og 12 år: 2 km
J/G 13 og 14 år: 3 km
J/G 15 og 16 år: 5 km
Kvinner 17 og 18 år: 5 km
Kvinner 19/20, menn 17, 18, 19/20 år: 10 km
Kvinner senior: 10 km
Menn senior: 15 km
Pudding kvinner: 5 km
Pudding menn: 7,5 km


0 Kommentar

Løypekartet på skisporet.no fungerer ikkje med nettlesaren Internet Explorer

Postet av Liatoppen Skisenter den 21. Nov 2019

Mange har erfart den siste tida at kartet på skisporet.no ikkje fungerer. Dette ser ut til å gjelde nettlesaren Internet Explorer. Dersom ein nyttar andre nettlesarar, t.d. Microsoft Edge, Google Chrome eller Firefox fungerer kartet som normalt. 


0 Kommentar

Løypekøyrarane er på Facebook

Postet av Liatoppen Skisenter den 21. Nov 2019

Nytt av året er at løypekøyrarane har oppretta si eiga facebook-gruppe der det blir lagt ut oppdateringar om løypeprepareringa på Liatoppen og Votnadalsåsen. Informasjonen her kan vere eit supplement til kartet på skisporet.no. Lenke til gruppa finn du her:




0 Kommentar

Snøen er på plass - skisesongen i gang på Liatoppen (21.11.19)

Postet av Liatoppen Skisenter den 21. Nov 2019

I byrjinga av veka kom det mykje snø i Hallingdal og løypekøyrarane er i full gang med å preparere skiløypene. Så langt er lysløypa på Liatoppen klar, medan løypene innover åsen blir preparert laurdag 23. november.



0 Kommentar

Skisesongen er i gang på Liatoppen

Postet av Liatoppen Skisenter den 13. Nov 2019


Det har vore kuldegrader i lengre tid, men "villsnøen" har ikkje kome i store mengder i området enno. Pr. i dag (13. november) er rulleskiløypa tråkka med snøscooter og eigna til fristil, men hugs å bruke ski du ikkje er redd for.


0 Kommentar

Webkamera er midlertidig ute av drift

Postet av Liatoppen Skisenter den 13. Nov 2019

Me har ei tid hatt problem med at webkamera berre sender bilete i svart/kvit og ikkje i farger. Dette er det jobba med, men ikkje løyst enno. I samband med feilsøking har me fått problem med opplasting av bileta til vår nettside slik at desse ikkje blir oppdatert. 

Skisesongen er litt i gang på Liatoppen. Rulleskiløypa (1,0 km) er pr. i dag (13. november) preparert med snøscooter og kan brukast til fristil.


0 Kommentar

Mimre litt frå NM skiskyting 2019?

Postet av Liatoppen Skisenter den 21. Okt 2019



Liatoppen skisenter hadde ein travel sesong vinteren 2018-19 med heile 3 nasjonale arrangement, NM del 1 og 2 samt den årlege Bama Liatoppen skiskytterfestival.

Under NM del 1 første helga i januar var NRK på plass med direktesendingar av NM-øvingane sprint og fellesstart for damer og herrer. Trass i utfordrande mildver i dagane før arrangementet vart det flotte arrangementsdagar der Liatoppen fekk presentert seg frå si beste side. 

Her kan du mimre litt med strålande TV-bilder frå NM sist vinter.
 

NRK-sendingar NM del 1 2019


0 Kommentar

Alle løyper preparert 25. februar. GPS-sporing fungerer ikkje i dag

Postet av Liatoppen Skisenter den 25. Feb 2019

Alle løyper på Liatoppen og Votndalsåsen er preparert i dag, men sporinga på skisporet.no fungerer ikkje i dag.


0 Kommentar

Resultatlister Gaurhovdrennet og Showrennet 23. februar

Postet av Liatoppen Skisenter den 18. Feb 2019

Torpo IL arrangerte laurdag 23. februar både turrenn og langrenn på Liatoppen. 

Gaurhovdrennet er eit tradisjonsrikt turrenn som i år vart arrangert for 47. gong. Rennet i klassisk stil har start og mål på Liatoppen. I konkurranseklassen over 24 km var Kjetil Andre Bjerkrheim, Nesbyen IL dagens raskaste, 16 sekund føre Andreas Kirkeng frå IL ROS. I dameklassa hadde Tuva Skarra, Konnerud IL beste tid. Til saman 46 deltakarar deltok i konkurranseklassane.

I Showrennet med fellesstartar for klassane 8-14 år stilte 44 deltakarar til start.

Resultatlister:

Gaurhovdrennet 2019

Showrennet 2019


0 Kommentar

Levert av IdrettenOnline