Sogn og Fjordane 1 vann herrestafetten framfor Oppland 1 og Oslo og Akershus 2

Postet av NM Skiskyting 2019 den 31. Mar 2019

Sogn og Fjordane 1, med Ole Martin Erdal, Håvard Gutubø Bogetveit, Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø, vann NM-stafett for herrer. Oppland 1, med Harald Øygard, Emil Nyeng, Vebjørn Sørum og Sivert Guttorm Bakken blei nr to medan Oslo og Akershus 2, med Sturla Holm Lægreid, Jørgen Brendengen Krogsæter, Truls Fjellheim Jorde og Endre Strømsheim tok 3.plassen.

Sivert Guttorm Bakken gjekk ut ca 20 sek bak Johannes Thingnes Bø på siste etappe, og med framifrå skyting med null ekstraskot, ga han verdsmeistaren kamp heilt til døra. Men rutinen avgjorde, og Johannes vann med 16 sek. Oslo og Akershus 2 tok ein svært overraskande 3.plass 3 minutt bak vinnarlaget. Vi gratulerer alle med flotte løp!


Medaljeseremoni NM-stafett menn

Frå venstre: Vinnarlaget med Ole Martin Erdal, Håvard Gutubø Bogetveit, Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø

Brørne Fjeld Andersen frå Geilo, gjekk på kvart sitt Buskerud-lag på fyrste etappe, og dei leia ut frå ståande skyting. Filip på skive ein med startnr 46, vann prestisjeduellen mot storebror, her på skive to med startnr 35, og veksla fyrst.


0 Kommentar

Favorittsiger til Oslo og Akershus i NM-stafett for kvinner

Postet av NM Skiskyting 2019 den 31. Mar 2019

Oslo og Akershus var store favorittar til å vinne NM-stafetten for kvinner, og dei innfridde favorittstempelet. Thekla Brun-Lie gjorde det litt spennande ved å måtte ut i ei strafferunde på sin ståande skyting, men derfra og inn blei det ein parademarsj for Ingrid Tandervold og Tiril Eckhoff. Tiril krona det heile med å plaffe 5 blinkar rett ned på siste ståande skyting. 

Sør-Trøndelag 1 blei nr to 1 min og 45 sek bak medan Nord-Østerdal blei nr tre. Vi gratulerer alle tre med flotte resultat.

Frå venstre: Sør Trøndelag 1, Oslo og Akershus 1 og Nord-Østerdal 1

Frå venstre: Thekla Brun-Lie, Tiril Eckhoff og Ingrid Tandervold

Øvrige resultat finn de her

Liveresultat stafett kvinner

23 lag stilte til start i kvinnestafetten. Her rett etter start sundag morgon


0 Kommentar

Flotte forhold før start på stafettene i dag

Postet av NM Skiskyting 2019 den 31. Mar 2019

Liatoppen viser seg frå si beste side på siste dag av NM del 2. Strålande sol og 5-6 minusgrader, og fantastiske skiløyper. Det er ein litt sur vind som vil gje nokon utfordringar på skytebana, men utøvarane skal vere rutinerte nok til å takle det. Vi ønsker alle utøvarar lykke til på stafetten i dag.


0 Kommentar

Skiskyttarane blei hedra på banketten

Postet av NM Skiskyting 2019 den 31. Mar 2019

Det vanka heider, ære, medaljar og premiar til skiskyttarane på banketten. I tillegg blei det vist fram lokale kulturinnslag med blant anna Stein Torleif Bjella og Darling West. Vi fekk og sjå laus og hallingspringar. Lokal mat med bla hallingtapas blei servert.

Darling West, med ein Åling i bandet, spelte på banketten

Men det viktige denne kvelden var å heidre alle dei gode resultata som utøverane har levert gjennom sesongen i norgescup og under NM del 2. Det er stor rekruttering til skiskyttarmiljøet, og framtida ser veldig bra ut. Mange av desse fekk vi helse på under banketten.


Pallen og premiering for NM normaldistanse menn Pallen NM jakstart kvinner

Hallingspringar


0 Kommentar

Startliste for stafettene er klar

Postet av NM Skiskyting 2019 den 30. Mar 2019

Startliste for NM stafett kvinner og menn senior er klar. Lista finn de her

Startliste


0 Kommentar

Levert av IdrettenOnline