Tiril Eckhoff ynskjer velkomen til NM på Liatoppen

Postet av NM Skiskyting 2019 den 31. Des 2018

Tiril Eckhoff ynskjer velkomen til NM på Liatoppen i denne videoen. 




Filmprodusentane medhjelpar for NRK

Postet av NM Skiskyting 2019 den 28. Des 2018

Dagleg leiar i Filmprodusentane AS, John Storhaug, er lokal medhjelpar for NRK under direkteoverføringa på TV. Han har også hatt ei nøkkelrolle under planlegginga.


Det er eit enormt apparat som blir sett i sving for å få NM i skiskyting rett inn på TV-skjermane. NRK stiller med 20 TV-kamera og eit mannskap på 34 med produsent Ola Fagerheim og kommentatorane Andreas Stabrun Smith og Ola Lunde i spissen.

Direkteoverføring er også kostbart. Budsjettet til NM-arrangøren  auka med over 1,7 millionar kroner på grunn av TV-overføringa.


I midten av desember var eit team frå NRK på Liatoppen og sette opp ei skotsikker brakke ved standplassen. Der kan fotografane sitja trygt og filme.

Mannskap frå NRK var på Liatoppen i midten av desember og sette opp ei skotsikker brakke på standplassen. Her er Morten Hugo Hansen t.v. og Morten Knudsen i NRK-staben i gang med monteringa. Foto: Torbjørn Gunhildgard


Etter sju års erfaring frå Bendit Liatoppen Skiskytterfestival, fekk John Storhaug i Filmprodusentane AS i oppdrag å vera teknisk rådgivar og bindeledd mellom NRK og NM-arrangøren.

­ - Me har gått opp løypa før og kjenner utfordringane på Liatoppen. Største utfordringa var å få to semitrailarar på 18 meter og 40 tonn opp på stadion. Løysinga er å bruke vegen opp til hyttene i Liapark, seier Storhaug.

NRK-produsent Ola Fagerheim t.v. og medhjelpar John Storhaug i Filmprodusentane AS på plattingen  ved standplassen der den skotsikre brakka er sett opp. Foto: Torbjørn Gunhildgard

 ­- Di rolle under NM?

- Min jobb er å passe på at TV-signala blir overført på storskjerm på stadion. Utanom sending skal me levere dagsaktuelle glimt frå dagleglivet i Ål slik at det alltid er bilete på storskjermen.

 

­Filmprodusentane AS har hovudkontor på Ål med John Storhaug og Hallgrim Ødegård som fast tilsette. Jørgen Storhaug jobbar ved Oslo-kontoret, Hallgrim Haug er freelancearbeidar og held til i Los Angeles.



Opningstider skytebanen

Postet av NM Skiskyting 2019 den 27. Des 2018

I samband med førebuing og gjennomføring av NM skiskyting 3.-6. januar vil det vere avgrensa opningstider på skytebanen i perioden frå 28. desember til 7. januar. Klikk på dokumentet for detaljar rundt opningstidene: 

Opningstider skytebanen fram til 7 jan


Foto: Ål Utvikling AS




Frå treningsløyper til NM-arena

Postet av NM Skiskyting 2019 den 23. Des 2018

Senior-NM i 2019 er det fjerde norske meisterskapet i skiskyting på Liatoppen Skisenter.


Av TORBJØRN GUNHILDGARD


Den fyrste skiløypa på Liatoppen vart køyrt opp med snøskuter på midten av 1980-talet. Eldsjeler i langrenn og skiskyting rydda treningsløyper på åsen der snøen kjem tidleg og ligg lenge.

Sentral under oppstarten var den unge og lovande skiskyttaren Hans Jørgen Tveito. Det var han som stikka fyrste løypa for å ha ein snøsikker treningsarena i nærområdet. Dessverre omkom han i ei tragisk trafikkulykke i 1988 då han banka på landslagsdøra, 22 år gamal.


At Liatoppen skulle bli eit topp moderne skisenter for skiskyting og langrenn var det ingen som drøymde om under oppstarten. Liatoppen skulle vera trenings- og reservearena for skianlegga nede i bygda i snøfattige vintrar og kuldeperiodar.

Men vegen frå reservearena til sentralanlegg vart kort. I løpet av eit par år fekk Liatoppen Skisenter status som felles skiarena for Ål Skiskyttarlag, Ål idrettslag, Torpo idrettslag og Fjellet idrettslag.

Det tidlege og fruktbare samarbeidet mellom dei fire idrettslaga er nøkkelen til at Liatoppen Skisenter vart realisert så raskt. I ein mannsalder har utbygginga av løyper, arena, standplass og servicebygg gått kontinuerleg. Siste tilveksten er ei asfaltert rulleskiløype som vart opna i fjor.

Eldsjeler som har gått i bresjen, enorm dugnadsinnsats, positive grunneigarar og solid økonomisk støtte frå Ål kommune er årsakene til at Liatoppen Skisenter vart eit topp moderne skianlegg med internasjonal standard.


Liatoppen Skisenter er kanskje mest kjent for den årvisse massemønstringa i april. Liatoppsprinten vart fyrste gong arrangert i 1987 og utvikla seg til å bli verdas største skiskyttarrenn. Fyrste helga i april avsluttar 1100 skiskyttarar i alderen 8-16 år sesongen under Bama Liatoppen Skiskyttarfestival.

Senior-NM 2019 er det fjerde norske skiskyttarmeisterskapet på Liatoppen. Også i 2001arrangerte Ål skiskyttarlag senior-NM.

Junior-NM i 1993 var eldprøva for Liatoppen Skisenter og det fyrste nasjonale meisterskapet. Også i 2008 kjempa juniorane om NM-medaljar på Liatoppen.

I tillegg til fire nasjonale meisterskap har Ål skiskyttarlag arrangert noregscup- og europacuprenn. Ål idrettslag, Torpo idrettslag og Fjellet idrettslag har vore rennarrangørar for fleire norgescuprenn i langrenn. Så det er ein rutinert arrangørstab  som tek i mot norgeseliten fyrste helga i januar og siste helga i mars.


NM-arenaen i fugleperspektiv. Tilsendt frå: Liapark AS

NM-arenaen sett frå lufta i mars 2018. Foto: Filmprodusentane AS



Tilskot frå Ål kommune

Postet av NM Skiskyting 2019 den 20. Des 2018

Ål kommune har gjeve 300.000 kr i tilskot til NM skiskyting på Liatoppen skisenter. Arrangøren er svært glad for denne tildelinga, og takkar Ål kommune for tilskotet og for eit veldig godt samarbeid i samband med arrangementet.



Tilskot frå Sparebankstiftelsen Hallingdal

Postet av NM Skiskyting 2019 den 18. Des 2018

NM skiskyting 2019 er svært glad for at Sparebankstiftelsen Hallingdal gjer tilskot på kr. 200.000 til meisterskapet vårt.

Dette kjem godt med, og gir alle som jobbar med dette store prosjektet stolte over at alle blir prissatt for jobben de legg ned.



Arenakart NM del 1

Postet av NM Skiskyting 2019 den 8. Des 2018

Arenakart for NM del 1 er nå klare.

Arenakart fredag

Arenakart laurdag

Arenakart sundag




Invitasjon og informasjon til media

Postet av NM Skiskyting 2019 den 4. Des 2018

Ål Skiskyttarlag arrangerer NM for senior, del 1, på Liatoppen Skisenter 5. og 6. januar 2019. 

Konkurranseprogrammet er sprint og fellesstart, menn og kvinner. Det er også norgescup for junior/ungdom.
For fyrste gong blir det todelt NM med direkteoverføring i NRK fjernsyn frå del 1. Andre del av NM (normalprogram, jaktstart og stafett) og norgescupfinale for junior/ungdom går på Liatoppen 27 . til 31. mars 2019. 

Informasjon om NM på www.nm2019.no og www.liatoppen.com

Ål skiskytterlag ventar stor interesse/oppslutning frå presse/media til NM 5. og 6. januar fordi konkurransane også er avgjerande for laguttak til World Cup og IBU-cup.
For at presse/media skal få gode arbeidsvilkår på Liatoppen 5. og 6. januar, treng me oversikt over medieoppslutninga innan 20. desember 2018.

Akkreditering/tilbakemelding til th-gunhi@online.no

Mvh
NM-komiteten i Ål skiskyttarlag

                                                                                             
Torbjørn Gunhildgard                                                                                              
presse/medieansvarleg                                                                                                                    
Tlf.:91 55 14 32                                                                                                                                  
E-post: th-gunhi@online.no                                                                                                                 

Tore Bøygard                                                                                                                                              
leiar i NM-komiteen
Tlf.: 917 97 559
E-post: tore.boygard@sdsl.no



Løypekart og løypeprofil

Postet av NM Skiskyting 2019 den 18. Nov 2018

Løypekart og løypeprofil for NM 2019 er klare. Detaljane finn de under følgjande link:

https://cgd.no/loypekart/index.php/disp/map/17#




Elektroniske skiver på Liatoppen

Postet av NM Skiskyting 2019 den 4. Nov 2018

For å ha direkte TV-overføringar i skiskyting er det eit krav med elektroniske skiver.

Det finske selskapet Kurvinen Biathlon Target System produserer og leverer elektroniske skiver over heile verda. På seinhausten var direktør Marko Kurvinen på Liatoppen og kopla dei manuelle opptrekkskivene om til eit avansert elektronisk system. Kongsberg Targetsystems, som den utflytte ålingen Ole Rabbevåg står bak, er samarbeidspartnar for det finske selskapet i Norge

 

Dei elektroniske skivene blir permanent og kan koplast til tidtakarsystemet. Dermed er tida med snoropptrekking over på Liatoppen. Heretter kan ein trykke på knappar på standplassen når skivene skal nullast ut. Skivene kan også stillast på automatisk opptrekk.

Det er Liatoppen Skisenter som tek investeringa. Prisen for 30 elektroniske skiver er 1,8 millionar kroner og blir finansiert med ei tredeling mellom spelemidlar, kommunalt tilskot og eigenfinansiering.

Ål kommune har betalt sin tredel og forskotterer skisenteret sin del av spelemidlane. 

Kommunen har også gitt NM-arrangøren eit tilskot på 250.000 kroner.

F.v. Svend Korbu i Kongsberg Targetsystems, standplassjef Eilev Sørbøen (bak skiva), direktør Marko Kurvinen i det finske produsentfirmaet Kurvinen Biathlon, og Steinar Larsen og Kåre Hagen i arrangørstaben under installeringa.

Direktør Marko Kurvinen i det finske produsentfirmaet Kurvinen Biathlon og Svend Korbu i Kongsberg Targetsystems var på Liatoppen og hjelper til med med installeringa.

NM-sjefar: Leiar i organisasjonskomiteen, Tore Bøygard, og rennleiar Svein T. Furuhaug.




Invitasjon

Postet av NM Skiskyting 2019 den 24. Okt 2018

Velkommen til NM

 
Senior del 1
NC senior nr. 3
NC junior nr. 2
NC ungdom nr.1


Liatoppen Skisenter, Ål
03 - 06.januar 2018

Invitasjonen for NM skiskyting på Ål senior, NC senior, NC junior og NC ungdom er klar. Hele invitasjonen kan dere lese her  Invitasjon NM2019



NM bankett

Postet av NM Skiskyting 2019 den 21. Okt 2018

NM-bankett 30. mars.

NM banketten 2019 blir i Hallingdal Feriepark.

Mat: Hallingtapas

Premiering for alle øvingar fredag 29.3 og laurdag 30.3

Underhaldning, ja sjølvsagt blir det noko av det beste Ålkulturen har av stjerner.
Følg med, detaljane vil me røpe seinare.

Pris: 250 kr for full pakke.

Påmelding til banketten gjør du her : 



Kongepokal 2019

Postet av NM Skiskyting 2019 den 17. Sep 2018

Styret i NSSF har vedtatt at Kongepokalen under NM Skiskyting 2019 er satt opp på Normalprogrammet.

Fredag 29. mars under NM DEL 2 går Normalprogrammet.

Sist Kongepokalen var satt opp på Normalprogrammet var sesongen 2011/2012.



Levert av IdrettenOnline