NM Del 1 – Vel overstått

Postet av NM Skiskyting 2019 den 11. Jan 2019

Da er NM del 1 vel overstått. 250 funksjonærar har vore med og bidrege til at senior NM og norgescup i skiskyting vart gjennomført til toppkarakter. Vind og mildvær gav oss store utfordringar, men stor innsats frå funksjonærane gjorde at alt var klart til rennstart. 

Løparane som stilte fekk forhåpentleg gode minne frå Liatoppen. Det vart mange jamne duellar og mange flotte prestasjonar. NRK fekk det været dei ønskja seg, og vi fekk vist Liatoppen frå si beste side. Tv-bilda som gjekk ut var god reklame for Ål og Hallingdal.

Takk til alle for eit vellykka  meisterskap, og vi ynskjer alle velkomen tilbake til Liatoppen under NM del 2 frå 28.mars til 31.mars.



Vebjørn Sørum vinnar i NC fellesstart junior

Postet av NM Skiskyting 2019 den 6. Jan 2019

Sjølv med 3 bom vann Vebjørn Sørum, Søndre Ål sportsklubb, NC fellesstart for junior. Han vann føre Magnus Bøe, Try IL med 4 bom og Rasmus Scheie Krogstad, også han frå Try IL, med 2 bom. Dei kom 19 og 45 sek bak vinnaren. 

F.v. Magnus Bøe, Rasmus Scheie Krogstad og Vebjørn Sørum



Oddbjørn Hjelmeset skryt av dugnadsgjengen på Liatoppen

Postet av NM Skiskyting 2019 den 6. Jan 2019

Idrettssjef i Norges Skiskytterforbund, Oddbjørn Hjelmeset oppsummerer arrangementet på følgjande måte: eventyrleg bra. Han skryt spesielt av dugnadsinnsatsen som blir lagt ned på Ål natt og dag. 

Arrangementet inneheldt alt som høyrer med i eit NM; tette duellar, dramatikk med disk i vinnarklasse for kvinner, overraskelser med Aleksander Os med fyrste og andreplass og ellers fine forhold og blide folk.

Han ber om orsaking for landslagsløparar som ikkje kom til start, men lova at alle kjem til del 2 seinare i vinter. 

Til slutt takker han arrangøren med flott innsats i fantastisk vær på Liatoppen.

Oddbjørn Hjelmeset er veldig godt nøgd med arrangementet.



Marthe Kråkstad Johansen vann fellesstart NC junior

Postet av NM Skiskyting 2019 den 6. Jan 2019

Marthe Kråkstad Johansen, Bossmo & Yttern vann fellesstart NC junior føre Hilde Fosse, Voss skiskyttarlag og Kjersti Kvistad Dengerud, Steinkjer skiklubb.

Marthe Kråkstad Johansen inn til siger



Stor dugnadsinnsats på Liatoppen

Postet av NM Skiskyting 2019 den 6. Jan 2019

Det hadde ikkje vorte NM skiskyting på Ål utan stor dugnadsinnsats. Det er mange som har eit utall timar i førebuingane til rennet og som funksjonær under sjølve arrangementet. NM del 1 er eit av heile tre store arrangement på Liatoppen skisenter i 2019. Del 2 av NM går frå 28. til 31.mars før Bendit Liatoppen Skiskyttarfestival som starter veka etter.

Rennleiar Svein Furuhaug som har jobba hundrevis av timer i førebuingane til NM

Sjef for standplass, Eilef Sørbøen

Ansvarlege for start, nokre av mange funksjonærar på Liatoppen



NM-gull til "pensjonisten" Aleksander Os

Postet av NM Skiskyting 2019 den 6. Jan 2019

Aleksander Os, Ishavslaget, vann NM fellesstart på suverent vis med berre ein bom totalt. Det blei spurtoppgjer om dei øvriga plassane på pallen, og Tore Leren, Vingelend IL knep andreplassen framfor Petter Austberg Bjørn, Alvdal IL, og det lokale håpet, Aleksander Fjeld  Andersen, Geilo IL, som dermed kom på den sure 4.plassen. Dei kom alle i mål 15 sek bak Os.

F.v.  Tore Leren, 2.pl , Aleksander Os, 1.pl og Petter Austberg Bjørn, 3.pl

Aleksander Os I mål i einsam majestet



Eline Grue vann NM fellesstart føre Ingrid Landmark Tandrevold

Postet av NM Skiskyting 2019 den 6. Jan 2019

Eline Grue, Kvikne IL vann NM fellesstart for kvinner føre Ingrid Landmark Tandrevold, Fossum IL og Lotte Li, Skatval Skilag. Eline vart med det dronning av NM del 1 med to sigrar av to moglege. Med berre ein bom totalt, vann ho halvminuttet føre Ingrid med 4 bom. Ho tapte tid pga eit fall like før mål, men held unna for Lotte med nokre sekund. 

F.v. Ingrid Landmark Tandrevold nr 2, Eline Grue, Nr 1 og Lotte Li, nr 3.


Eline Grue kjem i mål i ensom majestet

Eline Kvikne er strålande fornøgd med NM-siger både på sprint og fellesstart.



Fantastisk vinterdag på Liatoppen

Postet av NM Skiskyting 2019 den 6. Jan 2019

Liatoppen viser seg frå sin beste side i dag. Nærast vindstille, 0 grader og like før sola titter fram over fjella. Det må derfor bli ein strålande siste dag av NM del 1 som inneheld fellesstart for kvinner og menn. Med unntak av Ingrid Landmark Tandrevold, er det ingen landslagsutøvera som stiller til start.

Kvinnene starter kl 9:30 og menn kl 11:15. NRK sender direkte på hovudkanalen.

Stadion sundag morgon



Tette og spannande dueller i sprintklassen for junior/ungdom menn

Postet av NM Skiskyting 2019 den 5. Jan 2019

De vart tette og spannande dueller i NC junior/ungdom. I menn 19 år skilte det kun 5,7 sek mellom 1. og 3.plass. Mats Øverby, Lier IL vann føre Håvard Mo, Orkdal IL og Vetle Rype Paulsen, Lier IL.

Medaljevinnarar M19

Frå venstre Håvard Mo, Orkdal IL, Mats Øverby, Lier IL og Vetle Rype Paulsen, Lier IL

I klassen M18 vann Trym Silsand Gerhardsen, Tromsø skikskyttarlag suverent framfor Morten Hol, Målselvs Skiskyttere og Martin Nevland, Figgjo IL.

Medaljevinnarar M18

Frå venstre Morten Hol, Målselvs Skiskyttere, Trym Silsand Gerhardsen, Tromsø skikskyttarlag og Martin Nevland, Figgjo IL. 

I klassen M18 vann Emil Hage Streitlien, Folldal IF suverent framfor Arnt Johan Tungen, Orkdal IL og Ole Tafjord Suhrke, Ivrig IL

Medaljevinnarar M17

Frå venstre Arnt Johan Tungen, Orkdal IL, Emil Hage Streitlien, Folldal IF og Ole Tafjord Suhrke, Ivrig IL




Startlister og innskytingslister for sundag er lagt ut

Postet av NM Skiskyting 2019 den 5. Jan 2019

Ei endring i startidene er at kvinner senior startar kl 9.32 i staden for kl 9.30. Alle påmeldte i denne klassen vil starte i same heat.

Juniorklassane som har eit lårnummer skal ha det på høgre fot. Dette er ei endring i forhold til det som vart presisert på lagleiarmøtet.


Listene finn de her



NC kvinner junior/ungdom er ferdig

Postet av NM Skiskyting 2019 den 5. Jan 2019

Då er NC sprint for K17, K18 og K19 ferdig under meget flotte forhold på Liatoppen.

Under kan de sjå bilete av dei ulike medaljevinnarane

Medalje K19

Frå venstre, Nora Dokken Berget, Svene IL, Anne Bunemann De Besche, Try Idrettslag og Ingvild Tronstad Andersen, IL Bevern

Medalje K18

Frå venstre, Ukaleq Astri Slettemark, Geilo IL, Synne Owren, Vingrom IL og Hanna Børve, Kvam Langrenn

Medalje K17

Frå venstre, Ingeborg Almeland Rolstad, Oslo Skiskytterlag, Gry Njølstad Randby, Ivrig IL og Hanne Kråkstad Johansen, Bossmo og Yttern IL 



Dramatikk i kvinneklassen, Eline Grue, Kvikne IL, vann

Postet av NM Skiskyting 2019 den 5. Jan 2019

Det blei dramatikk i kvinneklassen då Karoline Offingstad Knotten, Vingrom IL, fyrst vart utropt som vinnar. Men ho fekk 2 min tillegg fordi ho gløymde å gå ei strafferunde. Eline Grue, Kvikne IL, vart derfor vinnar, 24 sek framfor Jenny Enodd, Budal IL og Randi Sollid Nordvang, Vingelen IL. Tiril Eckhof, Marthe Olsbu Røiseland og Ingrid Landmark Tandrevold stilte ikkje til start.

Frå venstre: Jenny Enodd, Budal IL, Eline Grue, Kvikne IL og Randi Sollid Nordvang, Vingelen IL



Kvinnene er i gang

Postet av NM Skiskyting 2019 den 5. Jan 2019

Kvinnene er i gang med sin sprint. Dessverre står dei fleste landslagsutøvarane over distansen i dag, men då har andre moglegheit til å ta NM-gull i solskinnet på Liatoppen.

Startnr 2, Anne Marit Bredalen, Åsnes Skiskytterlag, er her på veg ut frå fyrste liggande skyting.

Tidlegera landslagsutøvar, Fanny Horn Birkeland, gjer eit lite comeback dag. Spørsmålet er om ho kan kopiere ektemannen som vann herreklassen og dermed overgå ein annan tidlegare landslagsutøver, Aleksander Os, som to ein svært overraskande sølvmedalje i herreklassen.

Fanny Horn Birkeland på veg ut frå sin eine bom på liggande skyting




Favoritt vann, men skrell på andreplass for herrane

Postet av NM Skiskyting 2019 den 5. Jan 2019

Lars Helge Birkeland var blant favorittane, og vann sprinten for herrer. Men Aleksander Os, som la opp i 2016, overraska alle og blei nr 2. Erlend Bjøntegård gjekk raskt på siste runde, og knep tredjeplassen foran Martin Fermsteinvik.

Medaljevinnarane, frå venstre, Aleksander Os, Lars Helge Birkeland og Erlend Bjøntegård.

Aleksander Os har gjeve alt i dag, og det gav han ein flott 2.plass

Det var varierende resultat av Hallingane. Vetle Sjåstad Christansen skuffet i dag med sin 13.plass, men Aleksander Fjeld Andersen kom på ein svært gledeleg 7.plass, kun 22 sek bak vinnaren, med ein bom.

Aleksander Fjeld Andersen i samtale med NRK



Herrane er i gang

Postet av NM Skiskyting 2019 den 5. Jan 2019

Herrane har nå starta på sin sprint.

Magnus Håkonsen, Bø skiskyttarlag starta dagen.

Lars Berger gjer eit lite comeback i dag, gjenferdet på Liatoppen som han sjølv kommenterte det.

Lars Berger på veg ut frå start

4 treff på fyrste liggande på Lars Berger



Alt klart før fyrste øving i NM del 1

Postet av NM Skiskyting 2019 den 5. Jan 2019

Liatoppen skisenter er klar for fyrste øving i NM del 1 for seniorar og NC for junior og ungdom. I dag står sprint på programmet, og det blir ein hard kamp blant seniorane om å få bli med vidare i WC og VM. NRK er på plass, og sender direkte på NRK1. Herrer senior starter kl 10 og kvinnene kl 12:30.

Det har vore mildt dei seianaste dagane, Det er skarpt i løypa, men nok snø. Vinden har løya, og sola er i ferd med å stå opp. Med andre ord: det blir en kjempedag på Liatoppen i dag!

Sol brøytar seg veg gjennom skyene

Flotte farger på Liatoppen laurdag morgon




Referat lagledermøte fredag

Postet av NM Skiskyting 2019 den 4. Jan 2019

Her finn de referat frå lagledermøte fredag 4.januar

Lagledermøte fredag 2019-01-04



Startlister for sprint senior laurdag er lagt ut

Postet av NM Skiskyting 2019 den 4. Jan 2019

Ligg under lister.



Fellesstart menn 17, 18 og 19 år

Postet av NM Skiskyting 2019 den 4. Jan 2019

Det var stor deltaking i dei ulike klassene for menn 17 til 19 år fellesstart, og det blei køyrd tre heat i kvar klasse. Det blei mange skyttarar samstundes på stadion, men til tross for dette og til tross for litt mangel på lys, gjekk det fint. Det blei spesielt spannande i klasse M19 med kun 7 sek mellom ein og to. Alle resultat er lagt ut her.

Like før start under fellesstarten i M-19


Medaljevinnarar i M19

F.v. Vetle Rype Paulsen, Lier (nr 3), vinnaren Håvard Mo, Orkdal og Martin Alfheim, Bossmo & Ytteren (nr 2).


I klasse M18 vann Martin Uldal, Birkenes IL, 35 sek føre Trym Silsand Gerhardsen, Tromsø skiskyttarlag på 2.plass og 50 sek føre Peder Fekjan Solheim, Svene IL på 3.plass.

I klasse M17 vann Albert Riseth, Snåsa Skiskyttarlag, 17 sek føre Hans Knoph Birkeland, Fossum IF, på 2.plass og 1 min føre Simen Aaberg Skar, Asker Skiklubb, på 3.plass.





Innskytingslister for laurdag er lagt ut

Postet av NM Skiskyting 2019 den 4. Jan 2019

Innskytingslistene for laurdag er klare. Dei ligg under Lister, eller klikk her



Fellesstart kvinner 17, 18 og 19

Postet av NM Skiskyting 2019 den 4. Jan 2019

Fellesstart for kvinner 17, 18 og 19 er ferdig, og vi gratulerer med flotte resultat. Det var utfordrande vindforhold for K19, men betre for dei øvrige klassene. Løypene har helde seg veldig godt i mildveret dei seinaste dagane.

K19 med Marte Carlson Møller frå Trysilgutten IL (startnr 3), Åsne Skrede frå Geilo (startnr 2) og Sanna Bjørkli frå Forland IL (startnr 14) i godt driv etter fyrste skyting.

Under ser de bilder av medaljevinnarane.

Medaljevinnare K19

Frå venstre, Nora Dokken Berget frå Svene IL (nr 2), Anne Bunemann De Besche frå Try IL (nr 1) og Ingvild Tronstad Andersen frå IL Bevern

Medaljevinnare K18

Frå venstre Maren Bakken frå Os IL (nr 2), Frida Tormodsgard Dokken frå Svene IL (nr 3) og Ukaleq Astri Slettemark frå Geilo IL (nr 1)

Medaljevinnare K17

Frå venstre Linnea Windsvold frå Lier IL (nr 3), Eivor Melbybråten frå Øystre Slidre SSL (nr 1) og Amalie Storlien frå Mjøs Ski (nr 3) 




Klart for NM-helg på Liatoppen

Postet av NM Skiskyting 2019 den 4. Jan 2019

Liatoppen skisenter ynskjer deltakarar, medhjelparar, tilskodararar, frivillige og alle andre velkomen til NM-helg frå fredag til sundag. Fredag morgon er det utfordrande vindforhold, men viss vermeldinga slår til, skal det løye utover dagen. Laurdag og sundag, når seniorane skal gå, ser det betydeleg betre ut.


Rydding i målområdet etter ei vindfull natt

Til tross for mildver og mykje vind dei siste dagane, er det bra med snø, og løypene held seg veldig godt. Alt er difor under kontroll eit par timar før det brakar laus.


Stadion er rigga



Skiveinndeling offisiell trening fredag

Postet av NM Skiskyting 2019 den 3. Jan 2019

Her er skiveinndeling for den offisielle treninga for junior og seniorklassane på fredag. Treningstida er frå 8.00-10.45.

Skiveinndeling offisiell trening fredag



Referat lagledermøte torsdag

Postet av NM Skiskyting 2019 den 3. Jan 2019

Her finn de referat frå lagledermøte torsdag 3.januar

Lagledermøte torsdag 2019-01-03



Inndeling offisiell trening torsdag

Postet av NM Skiskyting 2019 den 2. Jan 2019

Inndeling offisiell trening torsdag K/M 17-19 er nå klare. De finn lista her.

Andre lister for dei ulike dagane blir lagt ut fortløpande under meny For utøvarar - Lister

Snarvegen finn de her



Transport og parkering

Postet av NM Skiskyting 2019 den 2. Jan 2019

Transport og parkering for publikum, frivillige og deltakarar

Publikum

Vi oppmodar publikum til å ta buss til Liatoppen Skisenter då det kan bli trangt med parkering.

Gratis buss startar på Vangen kl. 09.00 laurdag 5. januar og 08.30 sundag 6. januar.

Retur etter siste premieseremoni for senior, ca 14:00 på laurdag og ca 12:45 på sundag.

Bussen går frå Vangen og følgjer Sundrevegen opp til Liatoppen og stopper på signal.

Parkering: Det koster 50 kr pr dag som kan betalast med VIPPS til 543344

Bubilparkering

Alle bubilar skal parkerast hos Liapark AS.
Ring og bestill plass på telefonnr. 950 76 196.

Funksjonærar

Det er sett opp buss for funksjonærar laurdag og sundag. Bussen går frå Vangen kl 8:15 på laurdag og kl 8:00 på sundag, følgjer Sundrevegen til Hallingmøbler, deretter opp Liagardane. Den tek opp funksjonærar undervegs.

Vi oppmodar dei som kan om å ta buss. Ikkje alle kan gjera det, og dei må køyre bil. Er det mogleg med samkøyring er det bra. Sjå på lista om det er nokon som skal starte samstundes.

Alle funksjonærar skal parkere ved flislageret til Liapark AS. Køyr til venstre rett før brattbakken opp til stadion. Flislageret ligg innerst.

Når dykk har parkert går dykk på stien rett ovafor flislageret. Då kjem de opp på stadion.



Levert av IdrettenOnline