Sogn og Fjordane 1 vann herrestafetten framfor Oppland 1 og Oslo og Akershus 2

Postet av NM Skiskyting 2019 den 31. Mar 2019

Sogn og Fjordane 1, med Ole Martin Erdal, Håvard Gutubø Bogetveit, Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø, vann NM-stafett for herrer. Oppland 1, med Harald Øygard, Emil Nyeng, Vebjørn Sørum og Sivert Guttorm Bakken blei nr to medan Oslo og Akershus 2, med Sturla Holm Lægreid, Jørgen Brendengen Krogsæter, Truls Fjellheim Jorde og Endre Strømsheim tok 3.plassen.

Sivert Guttorm Bakken gjekk ut ca 20 sek bak Johannes Thingnes Bø på siste etappe, og med framifrå skyting med null ekstraskot, ga han verdsmeistaren kamp heilt til døra. Men rutinen avgjorde, og Johannes vann med 16 sek. Oslo og Akershus 2 tok ein svært overraskande 3.plass 3 minutt bak vinnarlaget. Vi gratulerer alle med flotte løp!


Medaljeseremoni NM-stafett menn

Frå venstre: Vinnarlaget med Ole Martin Erdal, Håvard Gutubø Bogetveit, Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø

Brørne Fjeld Andersen frå Geilo, gjekk på kvart sitt Buskerud-lag på fyrste etappe, og dei leia ut frå ståande skyting. Filip på skive ein med startnr 46, vann prestisjeduellen mot storebror, her på skive to med startnr 35, og veksla fyrst.


0 Kommentar

Favorittsiger til Oslo og Akershus i NM-stafett for kvinner

Postet av NM Skiskyting 2019 den 31. Mar 2019

Oslo og Akershus var store favorittar til å vinne NM-stafetten for kvinner, og dei innfridde favorittstempelet. Thekla Brun-Lie gjorde det litt spennande ved å måtte ut i ei strafferunde på sin ståande skyting, men derfra og inn blei det ein parademarsj for Ingrid Tandervold og Tiril Eckhoff. Tiril krona det heile med å plaffe 5 blinkar rett ned på siste ståande skyting. 

Sør-Trøndelag 1 blei nr to 1 min og 45 sek bak medan Nord-Østerdal blei nr tre. Vi gratulerer alle tre med flotte resultat.

Frå venstre: Sør Trøndelag 1, Oslo og Akershus 1 og Nord-Østerdal 1

Frå venstre: Thekla Brun-Lie, Tiril Eckhoff og Ingrid Tandervold

Øvrige resultat finn de her

Liveresultat stafett kvinner

23 lag stilte til start i kvinnestafetten. Her rett etter start sundag morgon


0 Kommentar

Flotte forhold før start på stafettene i dag

Postet av NM Skiskyting 2019 den 31. Mar 2019

Liatoppen viser seg frå si beste side på siste dag av NM del 2. Strålande sol og 5-6 minusgrader, og fantastiske skiløyper. Det er ein litt sur vind som vil gje nokon utfordringar på skytebana, men utøvarane skal vere rutinerte nok til å takle det. Vi ønsker alle utøvarar lykke til på stafetten i dag.


0 Kommentar

Skiskyttarane blei hedra på banketten

Postet av NM Skiskyting 2019 den 31. Mar 2019

Det vanka heider, ære, medaljar og premiar til skiskyttarane på banketten. I tillegg blei det vist fram lokale kulturinnslag med blant anna Stein Torleif Bjella og Darling West. Vi fekk og sjå laus og hallingspringar. Lokal mat med bla hallingtapas blei servert.

Darling West, med ein Åling i bandet, spelte på banketten

Men det viktige denne kvelden var å heidre alle dei gode resultata som utøverane har levert gjennom sesongen i norgescup og under NM del 2. Det er stor rekruttering til skiskyttarmiljøet, og framtida ser veldig bra ut. Mange av desse fekk vi helse på under banketten.


Pallen og premiering for NM normaldistanse menn Pallen NM jakstart kvinner

Hallingspringar


0 Kommentar

Startliste for stafettene er klar

Postet av NM Skiskyting 2019 den 30. Mar 2019

Startliste for NM stafett kvinner og menn senior er klar. Lista finn de her

Startliste


0 Kommentar

Referat frå leiarmøte sundag

Postet av NM Skiskyting 2019 den 30. Mar 2019

Her er referat frå leiarmøte sundag

Referat


0 Kommentar

Spennande ending på M17 da Emil Hage Streitlien vann

Postet av NM Skiskyting 2019 den 30. Mar 2019

Det blei ein spennande ending på fellesstart i M17 da 4 karar kom nærast samla inn til siste skyting. Emil Hage Streitlien kom inn på skive 4, men traff på alle 5 blinkane. Dei andre bomma, og dermed gjekk Emil i mål i einsam majestet. Vegard Thon og Arnt Johan Tungen fulgde på plassane bak.

Frå venstre: Vegard Thon, Emil Hage Streitlien og Arnt Johan Tungen


0 Kommentar

Trym Gerhardsen, Tromsø SSL, vann fellesstart M18

Postet av NM Skiskyting 2019 den 30. Mar 2019

Trym Gerhardsen, Tromsø SSL, vann fellesstart M18 framfor Martin Nevland, Figgjo IL og Tobias Ottersen, Ullensaker SSK. Bra skyting med kun 3 bom la grunnlaget for sigeren. 2 og 3 fekk 5 og 6 bom.

Frå venstre: Martin Nevland, Trym Gerhardsen og Tobias Ottersen


0 Kommentar

Fellesstart M19 vunne av Vetle Rype Paulsen

Postet av NM Skiskyting 2019 den 30. Mar 2019

Det blei dobbelt Lier i fellesstart M19. Vetle Rype Paulsen vann føre klubbkollega Mats Øverby og Jørgen Solhaug Sæter frå Os IL. Alt blei avgjort på siste ståande skyting da Mats og Jørgen, som leia inn til skyting, bomma 3 gonger kvar. Vetle traff alle blinkane, og gjekk ut i klar leiing som han held heilt til mål.

Frå venstre: Mats Øverby, Vetle Rype Paulsen og Jørgen Solhaug Sæter, i gul leiartrøye.


0 Kommentar

Gro Njølstad Randby vann fellesstart K17 suverent

Postet av NM Skiskyting 2019 den 30. Mar 2019

Gro Njølstad Randby vann fellesstart K17 på suverent vis framfor Gunn Kristi Stensaker Tvinnerheim og Linnea Winsvold. Alle tre var topp 4 i samandraget i NC samanlagt, og det var derfor ingen store overraskinger i denne klassa. Gro bomma 2 gonger på siste skyting, men heldt unna.

Frå venstre: Gunn Kristi Stensaker Tvinnerheim, Gro Njølstad Randby og Linnea Winsvold.


0 Kommentar

Synne Owren klart best i NC fellesstart K18

Postet av NM Skiskyting 2019 den 30. Mar 2019

Synne Owren vann fellesstart i NC finale K18 framfor Hanna Børve og Hedda Bolstad. Hanna leia fram til siste ståande, men med tre bom blei det for vanskeleg å slå Synne som klarte seg med 1 bom. Synne vann til slutt med over minuttet. 

Frå venstre: Hanna Børve, Synne Owren og  Hedda Bolstad, som vann NC totalt i årets sesong.

To lokal håp, Mari Torsteinsrud og Vilde Veslegard frå Ål SSL, men det blei for mange bom i dag. Men gratulerer med vel gjennomført sesong.


0 Kommentar

Marthe Carlson Møller vann NC finale K19

Postet av NM Skiskyting 2019 den 30. Mar 2019

Marthe Carlson Møller vann NC finale K19 framfor Anne Buneman De Besche og Åsne Skrede. Det var jamnt ut frå siste skyting, men Marthe avgjorde til sin fordel.

 Frå venstre: Anne Buneman De Besche, Marthe Carlson Møller og Åsne Skrede.


0 Kommentar

Tarjei Bø vann NM jaktstart

Postet av NM Skiskyting 2019 den 30. Mar 2019

Tarjei Bø vann NM jaktstart framfor Lars Helge Birkeland og Johannes Thingnes Bø som spurtslo Erlend Bjøntegaard på oppløpet. 

Frå venstre, Lars Helge Birkeland, Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø

Tarjei med god skyting i dag, totalt to bom, ein bom på kvar av del ståande skytingane.

Jamnt inn til fyrste skyting, men Tarjei, startnr 2, skaut best,


0 Kommentar

Thekla Brun Lie vann NM jaktstart for kvinner

Postet av NM Skiskyting 2019 den 30. Mar 2019

Thekla Brun-Lie vann NM jaktstart for kvinner framfor Karoline Knotten og Tiril Eckhoff. Det blei spennande heilt fram til siste sving, men Thekla avgjorde på oppløpet. Tiril Eckhoff og Ingrid Tandervold kjempa lenge om bronse, men Tiril avgjorde med fullt hus på siste skyting. Ingrid blei nr 4. Vi gratulerer alle med eit flott løp.

Frå venstre: Karoline Knotten, Thekla Brun-Lie og Tiril Eckhoff.

Ingrid, startnr 10, og Tiril, startnr 11, måtte starte bak i feltet etter altfor mange bom på normalen


0 Kommentar

Sivert Guttorm Bakken vann fellesstart M20-21

Postet av NM Skiskyting 2019 den 30. Mar 2019

Sivert Guttorm Bakken, Vingrom IL, vann NC finale fellesstart M20-21, 14 sek framfor Filip Fjeld Andersen, Geilo IL og 34 sek framfor Fredrik Bucher-Johannessen, Try IL, på tredje. 

Sivert i einsam majestet over mål som vinnar i M20-21

Sivert blir gratulert av Filip, startnr 137, som gjekk inn til 2.plass.

Frå venstre: Fredrik, Sivert og Filip


0 Kommentar

Mari Wetterhus vann NC fellestart K20-21

Postet av NM Skiskyting 2019 den 30. Mar 2019

Mari Wetterhus vann NC fellestart K20-21 framfor Juni Arnkleiv og Randi Sollid Nordvang. Dei kom 8 og 12 sek bak vinnaren. Vi gratulerer.

Mari Wetterhus inn i mål som vinnar

Pallen i K20-21, Mari Wetterhus, Juni Arnkleiv og Randi Sollid Nordvang.

Pallen fellesstart K20-21, frå venstre Juni, Mari og Randi


0 Kommentar

Fantastisk på Liatoppen i dag

Postet av NM Skiskyting 2019 den 30. Mar 2019

Det er ein fantastisk dag for skiskyting på Liatoppen i dag. Nærast vindstille med eit lite skylag på himmelen. Vi ønsker alle hjarteleg velkomen til NC fellesstart for junior og NM jaktstart for senior.


0 Kommentar

Referat lagleiarmøte laurdag

Postet av NM Skiskyting 2019 den 29. Mar 2019

Her finn de referat frå lagleiarmøtet laurdag

Referat


0 Kommentar

Sindre Pettersen kongepokalvinnar

Postet av NM Skiskyting 2019 den 29. Mar 2019

Sindre Pettersen vann kongepokalen for menn 31 sek framfor Tarjei Bø og 1:17 framfor Erlend Bjøntegård. Johannes Thingnes Bø og Lars Helge Birkeland blei 4 og 5. Imponerande innsats av ungguten som slo alle VM-deltakarane. Gratulerer så mykje.

Guta fekk mykje betre forhold enn jentene tidlegare i dag, og det tre på pallen fekk til saman 7 bom, ein bom meir enn vinnaren i dameklassa fekk aleine. 

                            Gratulerer med kongepokal, Sindre.

Sindre Pettersen saman med fansen.

Tarjei Bø i overkant ivrig på veg ut frå 2.skyting. Han tapte ikkje 31 sek på fallet, men tok allikevel ein flott 2.plass

Frå venstre: Tarjei Bø, Sindre Pettersen og Erlend Bjøntegaard.


0 Kommentar

Hilde Fenne tok heim kongepokalen

Postet av NM Skiskyting 2019 den 29. Mar 2019

Under NM del 1 tok veteranen Aleksander Os ein overraskande siger. I dag var det "mosjonisten" Hilde Fenne som overraska alle og vann kongepokalen i normalprogrammet for kvinner. I svært krevjande forhold plaffa ho ned 5 blinkar på siste ståande, og vann 37 sek føre Tonje Marie Skjelstadås og Juni Arnkleiv. Løpet bar preg av sterk vind, og landslagsløpera fekk mange bom i dag. Ingrid Landmark Tandervold og Tiril Eckhoff blei best av dei med 12. og 13.plass, heile 6 min bak Hilde Fenne. 

Vi gratulerer Hilde Fenne med kongepokal.

Frå venstre: Tonje Marie Skjelstadås, Hilde Fenne og Juni Arnkleiv

Strålande fornøgd kongepokalvinnar, Hilde Fenne




0 Kommentar

NM del 2 er i gang

Postet av NM Skiskyting 2019 den 29. Mar 2019

Da er deltakarane i gang med Silje Bakken som fyrst startande på startnr 2. VI ønsker alle lykke til i krevjande skyteforhold. Barnehagar og skuler frå Ål er på plass som heiagjeng.


0 Kommentar

Velkomen til NM skiskyting del 2 på Liatoppen

Postet av NM Skiskyting 2019 den 29. Mar 2019

Liatoppen skisenter er klar til å ta imot deltakarar, smørjarar, trenarar og publikum til NM del 2. Spesielt velkomen til elevar og lærarar ved dei ulike grunnskulane i Ål som tek turen til Liatoppen i dag.

Det har vore og er vindfullt, men det er ikkje noko problem akkurat nå. Arrangørstab har full kontroll, og snøen held seg godt. Velkomen til NM skiskyting på Liatoppen denne helga. Sjekk meny Program for når dei ulike øvingane tek til.



0 Kommentar

Videohelsing frå Johannes på veg til Ål

Postet av NM Skiskyting 2019 den 28. Mar 2019

Johannes Thingnes Bø er også på veg til NM på Liatoppen. Klikk på linken under for å høyre videohelsing.

Johannes Thingnes Bø 


0 Kommentar

Videohelsing frå Erlend, Tiril og Ingrid

Postet av NM Skiskyting 2019 den 28. Mar 2019

Erlend Bjøntegaard, Ingrid Tandervold og Tiril Eckhof ser fram mot å konkurrere på Liatoppen under NM del 2. Under kan de klikke på video frå dei ulike landslagsutøverane


Erlend Bjøntegaard

Ingrid Tandrevold

Tiril Eckhof


0 Kommentar

Referat lagleiarmøte fredag

Postet av NM Skiskyting 2019 den 28. Mar 2019

Her er referat fra lagleiarmøte fredag

Referat


0 Kommentar

NM jaktstart på Ål - info fra NSSF

Postet av NM Skiskyting 2019 den 28. Mar 2019

Det er første gang vi har arrangert NM jaktstart, basert på resultatene fra NM normal. Her kommer litt info om hvordan man lager grunnlaget for starttider på jaktstart.

Trykk her for detaljer


0 Kommentar

Mannskapslister NM del 2

Postet av NM Skiskyting 2019 den 20. Mar 2019

Mannskapslister for Del 2 av arrangementet vil bli oppdatert dei neste dagane. Følg med under meny Frivillige eller trykk her.


0 Kommentar

Info om Norges Cup finale

Postet av NM Skiskyting 2019 den 20. Mar 2019

Her kjem litt info frå Norges skiskytterforbund om Norges Cup finale generelt og ei presisering for klassene K18 og K19.


http://skiskyting.no/no/nyheter/nyheter_2019/Info+om+Norges+Cup+finale.b7C_wJLYZP.ips


0 Kommentar

NM-BANKETT MED ÅL-STEMPEL

Postet av NM Skiskyting 2019 den 13. Mar 2019

Ingen skal lure på kor dei er, når banketten går av stabelen i Hallingdal Feriepark laurdag 30.mars.
Her vil dei få servert både lokal mat, lokal underhaldning og lokalt produserte premiar.
Kulturkommunen Ål har mykje å by på. 

Kortreist mat kan vere fingermat frå Hallingdal, slik som Hallingtapas.
Ål sine artistar i Norgestoppen som Stein Torleif Bjella og Darling West er òg naturleg å presentere når norgeseliten i skiskyting samlast til feiring her.


Kongepokalvinnarane i dans Ingunn S Lie og Ulf Arne Johannesen toppar det heile saman med dronningfavoritten Cecilie Skrindo som spelemann. Etter banketten vil Hallingdal Feriepark by på «etterbankett» med Loveshack på scena.

Fleire vil slutte seg til tittelen kongepokalvinnar denne kvelden. Me skal dele ut kongepokal for både kvinner og menn, i tillegg til medalje- og premie-utdeling for normaldistansen på fredag og jaktstarten på laurdag.
Mange spør seg om me får tid til eit «talk-show» med Stoltenberg og brørne Bøe ?

Deltakarar som er tidleg ute, får heile pakka for 250 kr.


Dei som betalar bankettbillett etter 20.mars, må betale 300 kroner.
Påmeldingsskjema til banketten ligg på nettsida til NM under fane

For Utøvarar http://nm-skiskyting.idrettenonline.no/p/39040/bankett-2019

Spørsmål kan rettast til tkleppen89@gmail.com eller mobil 99307215.

Bygdefolk og hytteeigarar kan tinge bankettbillett i Hallingdal Feriepark, eller kjøpe ved inngang. Her skal Ål vise at dei kan lage folkefest og set pris på skiskyttarane våre. 


0 Kommentar

Levert av IdrettenOnline