Stor rennhelg på Liatoppen

Postet av Liatoppen Skisenter den 16. Feb 2017

Helga i slutten av februar er det som vanleg ei stor rennhelg på Liatoppen. Det har blitt ein tradisjon at både Ål IL og Torpo IL har renn denne helga. Tidspunktet gjer at renna fell inn i vinterferien for både aust- og vestlandet.

Laurdag 25. februar arrangerer Ål IL Ålrennet i fristil. Rennet har enkeltstart og er for alle klassar. Løypelengdene er 1-10 km. Meir informasjon om rennet og påmelding:

Ålrennet


Sundag 26. februar arrangerer Torpo IL både Showrennet og turrennet Gaurhovdrennet i klassisk stil. Showrennet er for klassane 8-14 år med klassevise fellesstartar og korte rundar. Gaurhovdrennet blir i år arrangert for 45. gong og har trim og familieklasse som kan gå løyper på 5-24 km. Turrennklassane er frå 15 år og oppover. Løypelengda her er 24 km. Meir informasjon om renna og påmelding:

Showrennet 2017

Gaurhovdrennet 2017


Vel møtt til flotte skidagar på Liatoppen!




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc