Løypekøyring i helga (17.2.17)

Postet av Liatoppen Skisenter den 17. Feb 2017


Nok ein gong har me fått varmegrader i fjellet, og det er framleis lite snø i området. Til denne helga som også er starten på vinterferien for mange, er alle løyper frå Liatoppen som ligg i skogen preparert. Der er det som tidlegare gode forhold med unntak av myrane ved Åsetno og eit par andre stader rundt Kinnhovda.

På snaufjellet er det problematisk å få til gode løyper, men det er maskinpreparert løyper med varierande kvalitet langs vegen frå Svarthamar til Fekjastølen og vidare til Lya. Frå Tormodset til Lya er det køyrd opp løype med snøscooter. Det er også strekningen frå Svarthamar til Hyttehovda (løypenettet på Leveldåsen).

Sjekk også skisporet.no for oppdatering av løypepreparering.

God tur!




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc