Alt klart for skiskyttarfest i 3 dagar

Postet av Liatoppen Skisenter den 30. Mar 2017


Liatoppen skisenter er rigga for skiskyttarfest i 3 dagar. Det heile brakar laus fredag 30. mars med stafettar for aldersgruppa 11-16 år, medan dei yngste avsluttar dagen med eit individuelt renn.

Laurdag held festivalen fram med individuelle konkurransar for alle. Festivalen blir avslutt sundag med vanleg enkeltstart for 11-12 år og fartsfylte fellesstartar for aldersgruppa 13-16 år.

I forkant av arrangementet er det jobba mykje med å drenere ut vatn og køyre på snø etter mildveret i byrjinga av veka.

Hallingdølen sender direkte frå festivalen alle dagar. Følg sendingane på arrangementet sine heimesider:

Livesendingar frå Bama Liatoppen Skiskytterfestival




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc