Status skiløyper i starten av påska (8.4.17)

Postet av Liatoppen Skisenter den 8. Apr 2017

Løypemaskina har vore ute på morgonen i dag og prøvd å preparere skiløypene. Dessverre viser det seg å vere umogeleg å koma fram pga. parti utan snø, bekkar som har gått opp og mykje overvatn på myrane. Maskina snudde ved Margitbakken då det var uråd å koma lengre innover. Det er også fleire parti lenger heimpå åsen som er vanskelege.

Dersom ein ønskjer seg ein skitur i området er det lysløypa som har mest snø, men også der er det fleire parti utan snø.

Våren kom alt for tidleg i år....




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc