Bama Liatoppen Skiskytterfestival 2017

Postet av Liatoppen Skisenter den 9. Apr 2017


Helga 31. mars til 2. april arrangerte Ål skiskytterlag året store "happening" på Liatoppen. Med over 1100 unge skiskyttarar på start kan arrangementet titulere seg som verdas største skiskyttarrenn. Festivalen over 3 dagar vart gjennomført med høg kvalitet og god presisjon. Første konkurransedag deltok 225 stafettlag i det som er den største klubbstafetten for desse aldersklassane. I tillegg avslutta 190 nybyrjarar dagen med individuell konkurranse, dessverre i regnvær.

Laurdag var det sprint på programmet. Første innskyting starta kl 07.00 og siste deltakar var i mål ca. kl 18.00. Deltakarar, foreldre, funksjonærar og andre kosa seg i vårsola denne dagen. Løypene var faste og fine først på dagen, men vart naturleg nok lausare og våtare utover dagen.

Sundag var det klart for den store "rock'n roll-dagen". Først med individuell start for årsklassane 11 og 12 år før årsklassane 13 til 16 år køyrde fellesstartar. Til saman 22 fellesstartar vart gjennomført.

Datoen for neste års festival er 13.-15. april 2018.

Sjå også festivalen sine heimesider: www.liatoppenskiskytterfestival.no





Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc