Bergsjørennet 2018

Postet av Liatoppen Skisenter den 18. Mar 2018

Vinnar av Bergsjørennet, Kjetil Andre Bjerkrheim, Nesbyen IL/Team Hallingdal


Etter eit par fantastisk flotte dagar i fjellet i forkant av årets Bergsjørenn var det litt overraskande at deltakarane vart møtt med frisk vind på start ved Bergsjøstølen i årets utgave av det 32 kilometer lange rennet i fristil.

Berre 24 deltakarar stilte til start i konkurranseklassane. Saman med trimmarane som starta frå Bergsjøstølen fekk dei ein utfordrande tur i fjellet, spesielt partiet frå Hesthovdstølen til Reine vart strabasiøst med sterk motvind og attblåste løyper. Alle kom seg greitt gjennom det utsette partiet og nærare Liatoppen vart det nydeleg forhold. Dagens raskaste vart Kjetil Andre Bjerkrheim, Nesbyen IL/Team Hallingdal som vann med vel 4 minutt på nestemann Knut Skrindo, Gol IL/Team Hallingdal. Raskast av damene var Tuva Skarra, Konnerud føre Vilde Hagen Friis, Ål IL/Team Hallingdal.

Nytt av året var ein alternativ start for trimmarar frå Tormodset. Her stilte mange lokale born som har delteke på skileik og skitrening i vinter. Dei kosa seg i finveret i flotte løyper på turen til Liatoppen.


Resultatliste Bergsjørennet 2018




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.