Skiløyper i påska

Postet av Liatoppen Skisenter den 22. Mar 2018


Påskeferien står for døra. I år ser det ut til å bli ei strålande skipåske med mykje snø og flott skiføre i våre område. Me håpar mange tek turen til fjells og nyttar skiløypene. Løypene frå Liatoppen innover Votndalsåsen og opp mot Grytingen blir preparert dagleg ved behov.

Har du forresten betalt løypeavgift? Tidlegare i vinter vart det sendt ut giro til hytteeigarar og bygdefolk med oppmoding om å støtte løypekøyringa i området. Har du ikkje betalt enno, set me veldig pris på om du gjer det. Løypebidrag er ei svært viktig og avgjerande inntektskjelde for å halde løypenettet i drift.

Har du ikkje fått giro, men ønskjer å gje eit bidrag kan du også bruke Vipps med kode 127199.

Liatoppen skisenter ønskjer alle brukarar av løypenettet ei riktig god påske!




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.