Frå treningsløyper til NM-arena

Postet av NM Skiskyting 2019 den 23. Des 2018

Senior-NM i 2019 er det fjerde norske meisterskapet i skiskyting på Liatoppen Skisenter.


Av TORBJØRN GUNHILDGARD


Den fyrste skiløypa på Liatoppen vart køyrt opp med snøskuter på midten av 1980-talet. Eldsjeler i langrenn og skiskyting rydda treningsløyper på åsen der snøen kjem tidleg og ligg lenge.

Sentral under oppstarten var den unge og lovande skiskyttaren Hans Jørgen Tveito. Det var han som stikka fyrste løypa for å ha ein snøsikker treningsarena i nærområdet. Dessverre omkom han i ei tragisk trafikkulykke i 1988 då han banka på landslagsdøra, 22 år gamal.


At Liatoppen skulle bli eit topp moderne skisenter for skiskyting og langrenn var det ingen som drøymde om under oppstarten. Liatoppen skulle vera trenings- og reservearena for skianlegga nede i bygda i snøfattige vintrar og kuldeperiodar.

Men vegen frå reservearena til sentralanlegg vart kort. I løpet av eit par år fekk Liatoppen Skisenter status som felles skiarena for Ål Skiskyttarlag, Ål idrettslag, Torpo idrettslag og Fjellet idrettslag.

Det tidlege og fruktbare samarbeidet mellom dei fire idrettslaga er nøkkelen til at Liatoppen Skisenter vart realisert så raskt. I ein mannsalder har utbygginga av løyper, arena, standplass og servicebygg gått kontinuerleg. Siste tilveksten er ei asfaltert rulleskiløype som vart opna i fjor.

Eldsjeler som har gått i bresjen, enorm dugnadsinnsats, positive grunneigarar og solid økonomisk støtte frå Ål kommune er årsakene til at Liatoppen Skisenter vart eit topp moderne skianlegg med internasjonal standard.


Liatoppen Skisenter er kanskje mest kjent for den årvisse massemønstringa i april. Liatoppsprinten vart fyrste gong arrangert i 1987 og utvikla seg til å bli verdas største skiskyttarrenn. Fyrste helga i april avsluttar 1100 skiskyttarar i alderen 8-16 år sesongen under Bama Liatoppen Skiskyttarfestival.

Senior-NM 2019 er det fjerde norske skiskyttarmeisterskapet på Liatoppen. Også i 2001arrangerte Ål skiskyttarlag senior-NM.

Junior-NM i 1993 var eldprøva for Liatoppen Skisenter og det fyrste nasjonale meisterskapet. Også i 2008 kjempa juniorane om NM-medaljar på Liatoppen.

I tillegg til fire nasjonale meisterskap har Ål skiskyttarlag arrangert noregscup- og europacuprenn. Ål idrettslag, Torpo idrettslag og Fjellet idrettslag har vore rennarrangørar for fleire norgescuprenn i langrenn. Så det er ein rutinert arrangørstab  som tek i mot norgeseliten fyrste helga i januar og siste helga i mars.


NM-arenaen i fugleperspektiv. Tilsendt frå: Liapark AS

NM-arenaen sett frå lufta i mars 2018. Foto: Filmprodusentane AS


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.