Fellesstart menn 17, 18 og 19 år

Postet av NM Skiskyting 2019 den 4. Jan 2019

Det var stor deltaking i dei ulike klassene for menn 17 til 19 år fellesstart, og det blei køyrd tre heat i kvar klasse. Det blei mange skyttarar samstundes på stadion, men til tross for dette og til tross for litt mangel på lys, gjekk det fint. Det blei spesielt spannande i klasse M19 med kun 7 sek mellom ein og to. Alle resultat er lagt ut her.

Like før start under fellesstarten i M-19


Medaljevinnarar i M19

F.v. Vetle Rype Paulsen, Lier (nr 3), vinnaren Håvard Mo, Orkdal og Martin Alfheim, Bossmo & Ytteren (nr 2).


I klasse M18 vann Martin Uldal, Birkenes IL, 35 sek føre Trym Silsand Gerhardsen, Tromsø skiskyttarlag på 2.plass og 50 sek føre Peder Fekjan Solheim, Svene IL på 3.plass.

I klasse M17 vann Albert Riseth, Snåsa Skiskyttarlag, 17 sek føre Hans Knoph Birkeland, Fossum IF, på 2.plass og 1 min føre Simen Aaberg Skar, Asker Skiklubb, på 3.plass.




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.