NM-BANKETT MED ÅL-STEMPEL

Postet av NM Skiskyting 2019 den 13. Mar 2019

Ingen skal lure på kor dei er, når banketten går av stabelen i Hallingdal Feriepark laurdag 30.mars.
Her vil dei få servert både lokal mat, lokal underhaldning og lokalt produserte premiar.
Kulturkommunen Ål har mykje å by på. 

Kortreist mat kan vere fingermat frå Hallingdal, slik som Hallingtapas.
Ål sine artistar i Norgestoppen som Stein Torleif Bjella og Darling West er òg naturleg å presentere når norgeseliten i skiskyting samlast til feiring her.


Kongepokalvinnarane i dans Ingunn S Lie og Ulf Arne Johannesen toppar det heile saman med dronningfavoritten Cecilie Skrindo som spelemann. Etter banketten vil Hallingdal Feriepark by på «etterbankett» med Loveshack på scena.

Fleire vil slutte seg til tittelen kongepokalvinnar denne kvelden. Me skal dele ut kongepokal for både kvinner og menn, i tillegg til medalje- og premie-utdeling for normaldistansen på fredag og jaktstarten på laurdag.
Mange spør seg om me får tid til eit «talk-show» med Stoltenberg og brørne Bøe ?

Deltakarar som er tidleg ute, får heile pakka for 250 kr.


Dei som betalar bankettbillett etter 20.mars, må betale 300 kroner.
Påmeldingsskjema til banketten ligg på nettsida til NM under fane

For Utøvarar http://nm-skiskyting.idrettenonline.no/p/39040/bankett-2019

Spørsmål kan rettast til tkleppen89@gmail.com eller mobil 99307215.

Bygdefolk og hytteeigarar kan tinge bankettbillett i Hallingdal Feriepark, eller kjøpe ved inngang. Her skal Ål vise at dei kan lage folkefest og set pris på skiskyttarane våre. 


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline