Hilde Fenne tok heim kongepokalen

Postet av NM Skiskyting 2019 den 29. Mar 2019

Under NM del 1 tok veteranen Aleksander Os ein overraskande siger. I dag var det "mosjonisten" Hilde Fenne som overraska alle og vann kongepokalen i normalprogrammet for kvinner. I svært krevjande forhold plaffa ho ned 5 blinkar på siste ståande, og vann 37 sek føre Tonje Marie Skjelstadås og Juni Arnkleiv. Løpet bar preg av sterk vind, og landslagsløpera fekk mange bom i dag. Ingrid Landmark Tandervold og Tiril Eckhoff blei best av dei med 12. og 13.plass, heile 6 min bak Hilde Fenne. 

Vi gratulerer Hilde Fenne med kongepokal.

Frå venstre: Tonje Marie Skjelstadås, Hilde Fenne og Juni Arnkleiv

Strålande fornøgd kongepokalvinnar, Hilde Fenne




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.