Ny konkurranseløype til årets sesong

Postet av Liatoppen Skisenter den 18. Nov 2015


Til årets sesong står ein ny 5 kilometer klar til bruk. Arbeidet med denne har pågått dei 2 siste somrane og før den første snøen kom låg løypa ferdig og nysådd. Løypa tek av frå eksisterande løyper etter ca. 500 meter og går ut til høgre og ned i lia mot Svartetjørni. Vidare går den opp frå Svartetjørni og innom heimstølen Selsslettan før den kjem inn på eksisterande trase i løypekrysset ved Sletthovdun. Traseen er grave ut med maskin og breidda er 12-14 meter for å tilfredsstille krava til både NM og internasjonale renn. Den nye løypa har ein krevjande profil som vil utfordre både topp og breidde.

For å få til denne nye løypa har grunneigarane Odd Runar Knutsen, Odd Kåre Skjervheim og Eilev Sørbøen velvillig stilt sin grunn til disposisjon. Maskinarbeidet er utført av entreprenør Einar Medhus. Eigarlaga (Fjellet IL, Torpo IL, Ål IL og Ål skiskytterlag) har i tillegg til skisenteret sin dugnadsgjeng lagt ned om lag 500 timar med dugnad i løypa.

Bilete frå arbeidet med ny 5 km

Ein del av utbyggingsprosjektet har også vore utbetring av stadion. I fjor vart det gjort mykje arbeid bak Nilsehaugen for å tilpasse skiløypa til den nye hytteparken Liapark som ligg like inntil skiløypa. I tillegg vart løypa lagt over Nilsehaugen for å gje meir motbakkar inn mot mål. Her vart maskinarbeidet utført av Oddvar Øygard AS.

Bilete frå arbeidet rundt Nilsehaugen.

Prosjektet med utbetring av stadion og ny 5 km har kosta om lag 2,1 mill. kroner som blir finansiert med tippemidlar, kommunale midlar og eigeninnsats.

Etter ombygginga vil skisenteret ha 3 ulike 5-kilometerar som kan nyttast til skirenn. Dette gir god fleksibilitet og gjer at Liatoppen kan tilby gode løyper til store nasjonale renn. Løypenettet inneheld løyper frå 0,5 til 10 kilometer og vil etter denne utbygginga bli resertifisert av det internasjonale skiforbundet FIS.





Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc