Mange skirenn på Liatoppen på slutten av sesongen

Postet av Liatoppen Skisenter den 26. Mar 2014

Det nærmar seg slutten av skisesongen og på Liatoppen skal det gjennomførast mange skirenn før påskeferien startar. Den 29. mars arrangerer Ål IL sitt årlege landsrenn i langrenn, Ål-rennet. Rennet går i fristil og er for alle klassar. Meir informasjon om rennet ligg på laget sine nettsider.

Påfølgjande helg, 4.-6. april blir det storinnrykk. Då er det klart for verdas største skiskyttarren, Bendit Liatoppen Skiskytterfestival med 1150 deltakarar og over 250 funksjonærar i sving for å gjennomføre arrangementet. Arrangementet har eigne nettsider.

Rennsesongen på Liatoppen blir avslutta med Bergsjørennet frå Bergsjøstølen til Liatoppen sundag 13. april (palmesundag). Eit turrenn i flott høgfjellsterreng som ein bør få med seg. Rennet har klassar for både klassisk og fristil eller ein kan ta det rett og slett som ein fin skitur.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.