Program

Postet av Liatoppen Skisenter den 21. Des 2010

Her er oversikt over:


Åpningstider rennkontor

Torsdag 6. januar: Liatoppen Skisenter, kl. 12.00 – 15.00

Fredag 7. januar: Liatoppen Skisenter, kl. 08.00 – til rennet er slutt

Laurdag 8. januar: Liatoppen Skisenter, kl. 07.30 – til rennet er slutt

Sundag 9. januar: Liatoppen Skisenter, kl. 07.30 – til rennet er slutt


Lagleiarmøter

I utgangspunktet kan kvar krets og kvart team møte med to personar kvar.

Torsdag 6. januar: Liatoppen Skisenter, Varmestugu, kl. 20.00

Fredag 7. januar: Liatoppen Skisenter, Varmestugu, kl. 20.00

Laurdag 8. januar: Ål kulturhus, Veslesalen, kl. 20.00


Premieutdelingar

NB! Storesalen i Ål kulturhus har ikkje plass til alle utøvarane på ein gong. Det blir to premieutdelingar fredag og laurdag. Salen vil bli tømt etter fyrste premieutdelinga. Alle utøvarane som skal ha premie kan ha med seg ein person. Det vert gjort for å ta vare på tryggleiken til dei som er i salen. Me ber alle om å overhalde dette.

Fredag 7. januar: Ål kulturhus, storesalen, jenter kl. 16.00 og gutar kl. 17.00

Me ber løyparar som skal ha premie om å setja seg på dei seks fremste radane.

Laurdag 8. januar: Ål kulturhus, storesalen, jenter kl. 18.00 og gutar kl. 19.00

Me ber løyparar som skal ha premie om å setja seg på dei seks fremste radane.

Sundag 9. januar: Liatoppen skisenter, ved stadion så raskt som mogleg etter kvar klasse.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.