Flotte skiløyper på Liatoppen

Postet av Liatoppen Skisenter den 24. Des 2010

Det er no flotte skiløyper på Liatoppen. GPS-oppdateringa av løypeprepareringa er dessverre ute av drift slik at løypekøyringa ikkje blir regstrert på løypekartet. I dag, juleeftan, blir heile løypenettet preparert. Konkurranseløypene omkring Liatoppen er i svært bra stand etter dugnad med snømaking denne veka. Innover i turløypene er det litt meir ujamnt og litt kvist. Dersom kuldegradene ikkje blir for mange i jula er det ingen grunn til å sitje heime. Ta deg ein skitur.

Sjekk løyperapporten for meir detaljar om preparerte skiløyper.

Liatoppen skisenter ønskjer alle brukarar av skiløypene ei riktig god jul og eit godt nyttår!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.