Viser værstasjonen korrekt temperatur?

Postet av Liatoppen Skisenter den 11. Jan 2010

Dette spørsmålet har skisenteret fått mange gonger i kuldeperioden me opplever no. Mange meiner at den viser ein temperatur som er nokre grader for høg.

Værtilhøva er spesielle om dagen med til dels store temperaturvariasjonar på korte avstandar. Værstasjonen er montert nokså høgt over bakken (ca. 5 m) og slik været er no, kan temperaturen vere høgare litt over bakken. I høve til temperaturmålarar på bilar og langs bakken har me erfart at det kan variere 2-4 grader. Det vil vere feil å kalibrere målaren etter det spesielle været me har for tida. Du som brukar bør leggje inn ein liten margin når du vurderer temperaturen.

Om målaren ikkje er heilt korrekt for tida, er det uansett mykje mildare i høgda enn nede i dalen, så ikkje la deg bli lurt av -25 grader nede i dalen. Oppe på åsen er det kjempeflott!

God tur!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.