230 deltakarar i årets Ribberenn på Liatoppen

Postet av Liatoppen Skisenter den 27. Des 2008

Torpo IL sitt tradisjonsrike Ribberenn vart arrangert på Liatoppen 3. juledag. Perfekt vinterver dvs. 5-6 minusgrader, vindstille og ei låg sol på himmelen ga alle dei 230 deltakarane gode og jamne forhold. Hilde Lauvhaug frå Skrautvål og Børre Ness frå Efteløt var dagens raskaste kvinne og mann uansett klasse.

Her er resultatlista: Ribberennet 2008


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.