Skiløypa Åsetno-Tormodset

Postet av Liatoppen Skisenter den 7. Nov 2008

I fjor vinter vart ikkje løypa mellom Åsetno og Tormodset preparert med løypemaskin. Etter at vinterbrøytinga av vegen vart forlenga til ny parkering sør for Tormodset, vart det umogeleg å la skiløypa følgje vegtraseen slik den har gjort i mange år. Vegstyret for vegen har i sommar arbeidd med å få til ein ny trase.

Ny trase er no på plass. Alle involverte grunneigarar i området har stilt seg positive til å la skiløypa gå over sine eigedomar. Traseen ligg vest for den vinterbrøyta vegen.

Me minner om at Liatoppen skisenter kun har ansvar for løypekøyring og har ingen rett i området. For å få til skiløyper, er ein avhengig av at grunneigarar stiller grunn til disposisjon.

Me er glade for at denne saka har fått ei løysing, og håpar brukarane av skiløypa blir nøgd med den nye traseen.

Helsing

Liatoppen skisenter
(løypekøyrarane)




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline