Bergsjørennet 2008

Postet av Liatoppen Skisenter den 29. Mar 2008

Etter flytting av starten for årets Bergsjørenn frå Bergsjøstølen til Liatoppen pga. dårlege vervarsel i fjellet, stilte 37 deltakarar i turrennklassa og ein god del i trimklassen til start i årets Bergsjørenn.

Deltakarane møtte nysnøføre og temperatur like under null grader denne sundagen. Løypa gjekk innover til Svarthamar der ein kom inn på den ordinære traseen slik at siste halvdel av løypa vart den same. Tilhøva var greie og mykje betre enn frykta.

Raskast i dei ulike stilartar vart:

Klassisk: Live Båsen, Vikersund og Per Øyvind Mythe, Hemsedal.
Fristil: Kari Rommen Syversen, Lillomarka SK og Lars Erling Killingberg, Ål.

Her er resultatlista: Bergsjørennet 2008.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.