Endring i løypenettet Åsetno - Tormodset

Postet av Liatoppen Skisenter den 12. Mar 2008

Denne vinteren blir vegen brøyta frå Åsetno og inn til ny parkering sør for Tormodset. Dette har konsekvensar for skiløypa.

Skiløypa har i alle år følgd vegen frå Åsetno til Tormodset. Først på vinteren vart det forsøkt som ei prøveordning å køyre løype i kanten av den brøyta vegen. Det har kome reaksjonar på sikkerheiten med denne løysinga. Difor er prøveordninga no kutta ut med konsekvens at det ikkje blir preparert skiløype på strekninga.

Målet er å få på plass ein ny og god løypetrase. Både vegstyre/grunneigarar og løypenemd vil arbeide for å få dette på plass til neste sesong, men det vil krevje arbeid i terrenget som ikkje er mogeleg å få utført før til sommaren.

Løypenemnda beklagar den ulempe dette fører med seg for dei som går på ski i området. Me håpar at brukarane kan sjå verdien av det samla løypenettet og brukar resten av det denne ettervinteren.

Løypemaskina har no fått installert GPS som blir nytta i oppdatering av preparerte løyper. Av kartet kan det sjå ut som løypa mellom Åsetno og Tormodset er preparert. Dette er ikkje tilfelle, men skuldast at maskina køyrer strekninga på bilvegen for å halde fram med prepareringa lenger framme.

Løypekartet finn du her.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.