Spennande juniorsatsing

Postet av Liatoppen Skisenter den 17. Feb 2008

Ål skiskyttarlag stiller med heile åtte juniorar under NM på heimebane. Ei viktig årsak til at vertsklubben har så mange aktive er ei juniorsatsing som starta for to år sidan, og som har vorte lagt merke til i skiskyttarmiljøet.

- Etter 2006-sesongen hadde me fire 16-åringar som ikkje skulle gå ved NTG på Geilo, men ta vidaregåande på Gol og Ål . Dei hadde lyst til å satse vidare, så me sette i gang eit spesialopplegg for dei. Målet var å gje alle som vil satse eit seriøst tilbod, også etter at dei kjem i junioralderen og ikkje skal gå ved NTG, fortel initiativtakar Jon Olav Tveitehaug i Ål skiskyttarlag.

Sindre Sataslåtten

Han er skytetrenar for juniorgruppa. Per Thorbjørn Ruud tek seg av den fysiske treninga og skitreninga. Fyrste året hadde juniorgruppa fellessamlingar med Ski Hallingdal.

Opplegget går vidare ut på at Ål ssl. set av ein sum som kvar løpar får disponere fritt til treningssamlingar og konkurransar. Kravet for å få utbetalt pengane er at dei går norgescuprenna, junior-NM, Østlandsmeisterskapet og KM.

- Men me stiller ikkje restultatkrav for å vera med. Det spelar ingen rolle om dei blir nummer 6 eller 60. Etter at me starta opp for snart to år sidan har ingen av juniorane våre slutta, seier Tveitehaug.

Susanne Haugo

Juniorteamet har mange samarbeidspartnarar. Lokale sponsorar tente på ideen. Skifabrikkanten Madshus likte opplegget og har inngått rekruttavtale.

Det mest spennande er likevel at Ål vidaregåande skule er aktiv medspelar når det gjeld tilrettelegging for samlingar og konkurransar. I kjølvatnet av juniorsatsinga er Ål vgs. i startfasen med å opprette ei idrettslinje for elevar som går yrkesfagleg studeiretning, og som ein håpar er i gang neste skuleår.

Aslak Bøygard

I år er seks løparar med i juniorteamet i Ål ssl, tre andre går ved NTG på Geilo og får profesjonell hjelp der.

Etterveksten i Ål ssl er veldig god for tida, så det er grunn til å vente solid rekruttering til juniorteamet i åra framover. Klubben har i år 42 aktive frå 10 år og oppover og 11 aspirantar.

- Det er viktig å nemne junioropplegget vårt også gjeld løparar frå andre klubbar både i og utanfor Hallingdal. I år har me med ein løpar frå Simostranda som går ved Ål vgs, men som representerer klubben sin i renn, seier Jon Olav Tveitehaug.

Klare for NM: Ålingar klar for junior-NM på heimebane. Bak f.v. Tor Arne Skråmestø, Øyvind Skråmestø, Aslak Bøygard, Hallgeir Nordheim, Henning Kleven, Jon Inge Tveitehaug. Framme f.v. Lars Erling Killingberg, Sindre Sataslåtten, Susanne Haugo, Olav Kolbjørnsgard.

 


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline