Postet av Liatoppen Skisenter den 23. Jan 2008

Innbyding NM junior/ungdom 2008

Ål skiskyttarlag og Liatoppen skisenter ynskjer velkomen til Norgesmeisterskap for junior/ungdom i skiskyting 2008!

Arena

Liatoppen skisenter i Ål kommune.

Program

Sjå program på heimesidene våre.

Kretsar som ynskjer skiver ved sida av kvarandre under innskyting, må fortelje oss det ved påmelding.

Klasseinndeling

Normal og sprint: Ungdom kvinner og menn 17 år
Normal og sprint: Ungdom kvinner og menn 18 år
Normal og sprint: Ungdom kvinner og menn 19 år
Normal og sprint: Junior kvinner og menn 20-21 år

Stafett: Junior/ungdom menn 17 – 19 år
Junior/ungdom menn 17 – 21 år
Junior/ungdom kvinner 17 -21 år

Påmelding

Online lagvis påmelding til dei individuelle distansane.

Påmelding av lag til stafetten, kretsvis til leifo-sa@online.no

Rennleiaren må få melding om lagoppsettet innan laurdag 1/3 kl. 16.00.

Frist for påmelding: 18. februar 2008

Det er viktig at alle løparar hugsar brikkene sine. Me har dessverre ikkje ekstrabrikker.  

Startkontingent

Ungdom/junior 110 kroner pr. renn
Stafett 170 kroner pr. lag

Startkontingenten vil bli fakturert i ettertid til det enkelte lag/team.

Påmelding etter fristen (18/2) blir sett på som etteranmelding, og me krev dobbel påmeldingsavgift.

Lag/team er ansvarleg for at løparane har betalt lisens og har gjennomført tryggleikskurs.

Rennkontor

Rennkontoret på stadion er ope alle løpsdagar frå kl.08.00. Dei dagane det er offisiell trening opnar rennkontoret kl.09.00.
Me leverer ut startnumra lagvis saman med annan informasjon på rennkontoret.

Dei som ikkje leverer attende startnummeret sitt, må betale eit gebyr på 300 kroner.

Garderobe/dusj

I garderobeanlegget til Liatoppen skisenter ved stadion.

Innkvartering/overnatting

Sjå informasjon på heimesidene våre.

Premieutdeling/bankett

Blomeseremoni på arenaen etter løpa, alle renndagar.

Premieutdeling for normalprogrammet blir ute ved Kulturhuset i Ål sentrum torsdag kveld kl. 18.00.

Premieutdeling for sprintprogrammet blir på banketten i Ål idrettshall laurdag kveld kl. 18.00.

Billett til banketten får du kjøpt på rennkontoret på Liatoppen skisenter. Billetten kostar 150 kroner.

Premieutdeling for stafetten blir på arenaen på Liatoppen etter rennet.

Kafeteria/kiosk

Kiosk på stadion alle dagar.

Reservearena

Geilo er reservearena. Avgjerd om eventuell flytting blir teke i samsvar med NSSF sine reglar. Overnattinga går som planlagt uavhengig av flytting (avstanden er innanfor godkjent avstand).

Teknisk delegerte

Svein Hjorth, mob. 952 73 289, e-post: svein.hjorth@advansia.no

Egil Ekrehagen, mob. 900 58 599, e-post: egil-ek@online.no

Rennleiar

Leif Ove Sataslåtten, mob. 930 65 402, e-post: leifo-sa@online.no

Regelverk

Rennet blir arrangert i samsvar med NSSF sitt regelverk.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline