Liatoppen skisenter klar til å ta imot storinnrykket til helga!

Postet av Liatoppen Skisenter den 9. Apr 2007

Det er berre 4 dagar til startskotet går for Gildestafetten i skiskyting på fredag. 132 lag er påmeldt! Laurdag og sundag held arrangementet fram med Bendit Liatoppen skiskytterfestival, der over 700 deltakarar stiller til start kvar dag.

Det byrjar å bli vårleg i lågareliggjande strok i Norge, og for mange er det kanskje vanskeleg å forstå at på Liatoppen, 930 meter over havet, er det framleis vinterleg. Her er nokre bilete teke i ettermiddag. Det var null grader og 10 cm nysnø i løypene. Været har vore kaldt for årstida den siste veka, og med nysnøen det siste døgnet, bør alt liggje til rette for gode forhold i løypene.

Det er meldt varmare vær frå torsdag, men det er ingen fare med skiføret. Sjekk værmeldinga - følg linken i venstremenyen på nettsidene våre.

Skisenteret ser fram til å få testa den nye stadion etter utbygginga i haust. Den fungerte bra under Kvalfoss-sprinten i januar som vart flytta frå Holmenkollen til Liatoppen. Arrangementet til helga blir likevel ein god del større og byr på fleire utfordringar.

Me ønskjer alle deltakarar, leiarar og foreldre hjarteleg velkomen til Liatoppen skisenter og håpar alle får ei triveleg helg!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.