Skirenn på Liatoppen

Postet av Liatoppen Skisenter den 13. Feb 2007

Etter ei liten konkurransepause på Liatoppen går det no mot eit par helgar med mykje aktivitet i anlegget.

Den 25. februar arrangerer Torpo IL det tradisjonsrike Gaurhovdrennet som har start og mål på Liatoppen. Turrennet har både trim- og turklassar. Turklassane går frå 16 år og oppover. Stilarten er klassisk. For meir informasjon, sjå påmeldingssida.

Samstundes med turrennet er det landsrenn for klassane 7-16 år på Liatoppen. Det er klassevise fellesstartar og stilarten er klassisk. Meld deg på her.

To veker seinare er det konkurransar heile helga på Liatoppen. Fredag kveld arrangerer Torpo IL sitt showrenn med fellesstartar og korte rundar. Laurdag arrangerer Ål IL Bergsjørennet som startar på Bergsjøstølen og har mål på Liatoppen. Ein flott tur i skikkeleg fjellterreng. Søndag blir helga avslutta med vanleg langrenn på Liatoppen. Arrangør er ÅL IL også denne dagen. Her er innbydinga til alle arrangement denne helga: Invitasjon skihelg 2007.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.