Utbygginga ligg før tidsskjema

Postet av Liatoppen Skisenter den 5. Nov 2006

Utbygginga ser ut til å vere ferdig 2 veker tidlegare enn opprinneleg planlagt. Dermed kan arbeidet avsluttast i midten av november.

Utvidinga til 30 skiver har gjort at den nye skytebanen blir over 90 meter brei og er flytta ca 15 meter vestover. Prislappen på utbygginga er i underkant av 3 mill. kroner. I løpet av 2 hektiske haustmånader er det sprengt ut og knust 9400 kubikkmeter masse.

Den nye skytebanen tek form (Foto: Hege Fjørtoft Bjørnstad).

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Prosjektet hadde ikkje vore gjennomførbart til denne prisen utan avtala med Oddvar Øygard AS som går ut på eit arbeidsbyte. Entreprenøren har gjort alt maskinarbeid mot delvis betaling i form av steinmassen på området som er knust og som blir lagra i nærleiken til seinare bruk.

I tillegg til alt maskinarbeidet er det lagt ned ein stor dugnadsinnsats frå skisenteret sine eigarlag (Fjellet IL, Torpo IL, Ål IL og Ål skiskytterlag), og ein gjeng med spreke pensjonistar som har vore i sving på dagtid, kveldstid og i helgane.

Anleggsleiar Kjell-Arild Baklien i Oddvar Øygard AS til venstre og leiar av Liatoppen Skisenter Kåre Hagen (Foto: Hege Fjørtoft Bjørnstad).


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.