DNB Cup 3 / Statkraft Junior Cup 1 i skiskyting - 6. til 8. januar

Postet av Liatoppen Skisenter den 12. Des 2016

Ål skiskytterlag i samband med dei andre eigarlaga til Liatoppen skisenter (Fjellet IL, Torpo IL og Ål IL) arrangerte helga 6.-8. januar norgescuprenn i skiskyting på Liatoppen.

Dette var sesongens 3. renn i DNB Cup for senior. For juniorane var det sesongens første renn i Statkraft Junior Cup. Renna samla alle dei beste skiskyttarane i Norge i junior og senior med unntak av dei som var ute og konkurrerte i World Cup og IBU Cup.

Til saman 530 deltakarar frå heile landet stilte til start. Desse representerte til saman 112 ulike klubbar. Fredag var offisiell treningsdag, laurdag sprint og sundagen vart det fellesstart.

Det ustabile veret så langt i vinter gav ekstra utfordringar med løypene. I veka før arrangementet var det lagt ned ein stor dugnadsinnsats med å få løyper, arena og skytebane klar til rennet. Då fredagen kom låg anlegget klappet og klart til storinnrykk.

Arrangementet gjekk heilt etter planen og arrangøren fekk mange gode tilbakemeldingar.

Meir informasjon om arrangementet ligg under menypunktet NC skiskyting 2017 i toppmenyen.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc