Rulleskiløype


 

Foto: Erlend Hagen


Rulleskiløypa vart påbegynt i 2016 og vart asfaltert i oktober 2017. Litt pussearbeid vart utført i mai 2018 før offisiell opning 4. juni i 2018. Ytre runde i løypa er ca 1,0 km, men løypa har litt ulike sløyper og det er lagt til saman 1,25 km med asfalt i minst 5 meter breidde. Løypa er godt merka med kva som er korrekt løyperetning. Det blir gått i åtte-tal og med det er runden ca. 1,2 km.

Løypa er godt eigna for både nybyrjarar og erfarne utøvarar. Den har ein "snill" profil som passar til teknikktrening og fartstrening for både langrennarar og skiskyttarar.


Foto: Erlend Hagen


Foto: Erlend Hagen