NM Del 1 – Vel overstått
Postet av NM Skiskyting 2019 den 11. Jan 2019
Da er NM del 1 vel overstått. 250 funksjonærar har vore med og bidrege til at senior NM og norgescup i skiskyting vart gjennomført til toppkarakter. Vind og mildvær gav oss store utfordringar, men stor innsats frå funksjonærane gjorde at alt var klart til rennstart.
Løparane som stilte fekk forhåpentleg gode minne frå Liatoppen. Det vart mange jamne duellar og mange flotte prestasjonar. NRK fekk det været dei ønskja seg, og vi fekk vist Liatoppen frå si beste side. Tv-bilda som gjekk ut var god reklame for Ål og Hallingdal.
Takk til alle for eit vellykka meisterskap, og vi ynskjer alle velkomen tilbake til Liatoppen under NM del 2 frå 28.mars til 31.mars.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra NM Skiskyting 2019
Flotte forhold før start på stafettene i dag
31.03.2019
Skiskyttarane blei hedra på banketten
31.03.2019
Startliste for stafettene er klar
30.03.2019
Referat frå leiarmøte sundag
30.03.2019