Informasjon mannskap

Lenker

Mannskapsliste pdfOppdatert 05.01.2017
Mannskapsliste WordOppdatert 05.01.2017
Arrangørhandbok NSSF

Til alle funksjonærar på Norgescup skiskyting 2017

Det er Liatoppen Skisenter som arrangerer dette Norgescuprennet. Det betyr at det er eit samarbeid mellom dei fire eigarlaga ved skisenteret; Ål skiskyttarlag, Torpo IL, Ål IL og Fjellet IL.


Liatoppen Skisenter og Ål skiskyttarlag er avhengig av gode hjelparar. Mannskapsheftet syner at det er mange som stiller på dugnad. Me er veldig glade for at så mange stiller opp på dei store arrangementa på Liatoppen! I skrivande stund er det plussgrader og lite snø. Me håpar det kjem meir snø slik at det blir perfekte forhold fyrste helga i januar.

Denne gongen er det junior- og seniorløyparar som skal konkurrere. Det vert difor nokre nye fokusområde samanlikna med når me arrangerer for rekruttar. Sikkerheit er veldig viktig anten me arrangerer for vaksne eller for ungar. Me må difor vera nøye med våpenkontrollen. Det gjeld etter innskyting, på start, i mål og ute i løypa dersom nokon bryt.

Dersom du har spørsmål omkring jobben du skal gjere, ta kontakt med den ansvarlege der du jobbar.

Du kan lesa alt om arrangementet på nettstaden vår www.liatoppen.com . Her finn du informasjon til funksjonærar, dagsprogram, info om premieutdelingar, start- og resultatlister, arenakart og mykje anna.

Tusen takk til alle dykk som stiller opp for oss på Norgescuprennet!

Med helsing frå Liatoppen Skisenter.

Svein T. Furuhaug
Rennleiar
Mob: 915 18 610 E-post: svein.furuhaug@aal.kommune.no


Matservering:


Alle funksjonærar får mat og drikke under arrangementet. Det blir mange gode BAMA-produkt å få tak i. Det er den ansvarlege på kvart område som bestemmer korleis serveringa blir gjennomført; Anten på staden der du jobbar, eller i ei pause i garasjen under rennkontoret. Garasjen blir opphaldstad for alle funksjonærar. I garasjen blir det sjølvbetjening av mat og drikke.


Transport / parkering:


Det er begrensa parkeringstilhøve på Liatoppen. Me oppmodar om samkøyring, eller bruk av felles transport. Funksjonærar må rekne med å måtte parkere eit stykke unna stadion. Difor må de vera ute i god tid før avtala oppmøtetid.


.



Powered by: Bloc