Ål Skiskyttarlag og Liatoppen Skisenter arrangerer NM for senior og norgescupfinale for junior 27.  til 31. mars 2019. 

Konkurranseprogram:
Torsdag 27. mars: Stafett, kvinner og menn.
Fredag 28. mars:   Sprint, kvinner og menn
Laurdag 30. mars: Jaktstart, kvinner og menn.
Sundag 31. mars:  Fellesstart, kvinner og menn

Laurdag og sundag: NC-finale for junior, fellesstart.
 
Ål skiskyttarlag arrangerte senior-NM i 2001, og junior-NM i 1993 og 2008. Me ynskjer skiskyttar-Noreg velkomen tilbake til NM-dagar i Ål og på Liatoppen Skisenter.

NM-komiteen vart oppretta hausten 2017, og er godt i gang med planlegginga.
 
Det blir to vekers skiskyttarfest på Liatoppen Skisenter i 2019. Bendit Liatoppen Skiskyttarfestival, med 1100 skiskyttarar i alderen 8-16 år, går helga etter NM.

  
Meir informasjon seinare.
 
Kontaktperson:
Tore Bøygard, leiar i NM-komiteen.
Tlf.: 917 97 559
E-post: tore.boygard@sdsl.no


Frivillige

Powered by: Bloc