Lister: Torsdag    Fredag    Laurdag    Sundag

VIPPS for heile arrangementet: 543344

Snarveg til løypekart

Del 1 og Del 2 - NM i skiskyting 2019 på Liatoppen skisenter


Foto: Hallingdølen

Ål Skiskyttarlag og Liatoppen Skisenter arrangerer todelt NM for senior og norgescupfinale for junior i 2019. Utgangspunktet var at heile NM skulle gå frå 27.  til 31. mars 2019.  Norges Skiskytterforbund spurde i mars om me kunne arrangere  todelt-NM fordi det passar med den internasjonale terminlista å ha fyrste del av NM fyrste helga etter nyttår. Det har arrangørkomiteen sagt ja til. Dermed blir det for fyrste gong eit todelt senior-NM i skiskyting.

Fyrste del av NM går på Liatoppen 5. og 6. januar. Då blir det sprint og fellesstart med direkte TV-overføring i NRK begge konkurransedagane.

Andre del av NM går frå 28. til 31. mars med normalprogram, jaktstart og stafettar.  Då blir det ikkje direkteoverføring i NRK, men TV-innslag frå konkurransane og det som skjer rundt NM. Den helga er det også NC-finale for junior, fellesstart.

Foto: Caroline Utti

Ål skiskyttarlag arrangerte senior-NM i 2001, og junior-NM i 1993 og 2008. Me ynskjer skiskyttar-Noreg velkomen tilbake til to NM-helger i Ål og på Liatoppen Skisenter. Det blir to vekers skiskyttarfest på Liatoppen Skisenter i april/mars 2019. Bendit Liatoppen Skiskyttarfestival, med 1100 skiskyttarar i alderen 8-16 år, går helga etter andre del av NM.   Meir informasjon kjem seinare.  

Kontaktperson: 

Tore Bøygard, leiar i NM-komiteen
Tlf.: 917 97 559
E-post: tore.boygard@sdsl.no