Sparebankstiftelsen Hallingdal gir støtte til løypekøyring på Votndalsåsen

Postet av Liatoppen Skisenter den 7. Apr 2022


Sparebankstiftelsen Hallingdal er den største eigaren av eigenkapitalbevis i SpareBank 1 Hallingdal Valdres. Stiftelsen gir årleg driftsstøtte til løypelag i Hallingdal og Valdres. Liatoppen skisenter er tildelt kr 21.300 for 2022. Dette tilskotet er eit viktig bidrag til løypekøyringa i området i tillegg til innbetaling frå hytteeigarar og brukarar av løypenettet i området.

Meir informasjon om SpareBankstiftelsen Hallingdal sitt arbeid og tildelingar er å finne på stiftelsen si nettside.

Liatoppen skisenter takkar for støtta!



Ribberennet 2021

Postet av Liatoppen Skisenter den 23. Des 2021

Torpo IL arrangerte Ribberennet den 28. desember på Liatoppen. Rennet gjekk i fristil og var for klassane frå og med 8 år til og med junior. 

Godt over 200 deltakarar stilte til start fordelt på 3 kohortar for å ivareta pålagte smitteverntiltak.

Meir informasjon om rennet er tilgjengeleg på Torpo IL sine nettsider.

Startliste Ribberennet

Resultatliste Ribberennet 2021




Webkamera er midlertidig ute av drift

Postet av Liatoppen Skisenter den 13. Nov 2019

Me har ei tid hatt problem med at webkamera berre sender bilete i svart/kvit og ikkje i farger. Dette er det jobba med, men ikkje løyst enno. I samband med feilsøking har me fått problem med opplasting av bileta til vår nettside slik at desse ikkje blir oppdatert. 

Skisesongen er litt i gang på Liatoppen. Rulleskiløypa (1,0 km) er pr. i dag (13. november) preparert med snøscooter og kan brukast til fristil.



Resultatlister Gaurhovdrennet og Showrennet 23. februar 2019

Postet av Liatoppen Skisenter den 18. Feb 2019

Torpo IL arrangerte laurdag 23. februar både turrenn og langrenn på Liatoppen. 

Gaurhovdrennet er eit tradisjonsrikt turrenn som i år vart arrangert for 47. gong. Rennet i klassisk stil har start og mål på Liatoppen. I konkurranseklassen over 24 km var Kjetil Andre Bjerkrheim, Nesbyen IL dagens raskaste, 16 sekund føre Andreas Kirkeng frå IL ROS. I dameklassa hadde Tuva Skarra, Konnerud IL beste tid. Til saman 46 deltakarar deltok i konkurranseklassane.

I Showrennet med fellesstartar for klassane 8-14 år stilte 44 deltakarar til start.

Resultatlister:

Gaurhovdrennet 2019

Showrennet 2019



Rulleskiløypa på Liatoppen er klar til bruk (5.10.17)

Postet av Liatoppen Skisenter den 5. Okt 2017


I løpet av dei siste dagane er asfalten i rulleskiløypa lagt, og løypa er klar til bruk. Det er lagt 1,25 km med asfalt inkludert standplass på skytebanen. Løypa eignar seg for både nybyrjarar og erfarne skiløparar så vel som kombinasjonstrening i skiskyting. Med dette har Liatoppen skisenter fått eit nytt tilbod i sommarhalvåret og eit viktig bidrag til heilårsbruk av anlegget.