Det 50. Gaurhovdrennet vart arrangert 25. februar med start og mål på Øknin

Postet av Liatoppen Skisenter den 22. Feb 2024

Gaurhovdrennet har sidan 80-talet hatt Liatoppen som start og målområde. I fjor vart rennet arrangert med start frå Øknin og gjekk forbi Gaurhovd som har gitt namn til rennet. Torpo IL synes flyttinga var såpass vellukka at dei i år klemmer til med skikkeleg jubileumsrenn med start og mål på Torpoåsen. Arrangøren lovar premiar til alle.



Her er resultatliste frå det 50. Gaurhovdrennet:        pdf 




Ribberennet 28. desember

Postet av Liatoppen Skisenter den 3. Jan 2024

Torpo IL arrangerte 28. desember Ribberennet i fristil på Liatoppen. Rennet var for alle klassar frå 8 år til senior og hadde som tidlegare år ei innlagt "puddingklasse". Denne gongen gjekk rennet i realt vinterføre og 221 deltakarar stilte til start. Marte Mikkelsplass, Bromma IL var raskaste kvinne på 10-kilometeren, medan Aleksander Elde Holmboe, Bærums Verk var raskaste mann på same distanse. 

I puddingklassa stilte også kjente skinamn på start der vinnarane vart Ine Wigernes, Øystre Slidre IL og evigunge Tore Bjerkrheim, Nesbyen IL. Distansen her var 5 kilometer. 

Resultatliste Ribberennet 2023



Gaurhovdrennet 26. februar

Postet av Liatoppen Skisenter den 14. Feb 2023


Gaurhovdrennet brukar å ha Liatoppen skisenter som start- og målområde for rennet. I år er arrangørklubben, Torpo IL, 100 år og ønskjer å markere dette med å bruke delar av den opprinnelege løypetraseen over Gaurhovd som ein del av løypa. Start og mål blir i år på Øknin der arrangøren også inviterer til familiedag.

Meir informasjon om arrangementet her:

Gaurhovdrennet plakat 2023

Påmelding



Ribberennet 28. desember 2022 m/resultatliste

Postet av Liatoppen Skisenter den 5. Des 2022

Torpo IL inviterer til det tradisjonsrike Ribberennet på Liatoppen i romjula. Rennet blir arrangert 28. desember med klassar frå og med 8 år og opp til senior, samt mosjonsklasse. Rennet går i fristil.

Resultatliste: Resultatliste Ribberennet 2022




Sparebankstiftelsen Hallingdal med 350.000 kroner til nye lysmaster på stadion og nytt lys i lysløypa

Postet av Liatoppen Skisenter den 28. Nov 2022

Lampene i lysløypa har vore i bruk sidan lysløypa vart bygd for over 30 år sidan. Desse har gjort ei god teneste i mange år, men teknologien har gått vidare og moderne lamper er meir energieffektive og gir samstundes eit mykje betre lys. På stadion har det vore ei utfordring å arrangere kveldsrenn då lystilhøva ikkje har vore dei beste. Dette er det no retta etter at Sparebankstiftelsen Hallingdal har gitt Liatoppen skisenter ei gåve på kr 350.000 til nye lysmaster på stadion og nytt lys i lysløypa.

Utstyret er no montert og vil gi både brukarar og arrangørar betre lys på kveldstid. Stor takk til Sparebankstiftelsen Hallingdal for gåva!