Ribberennet 2011

Postet av Liatoppen Skisenter den 28. Des 2011

Værgudane prøvde alt dei kunne, men klarte ikkje å stoppe det tradisjonsrike og populære Ribberennet på Liatoppen 4. dag jul. Arrangøren, Torpo IL, fekk ei utfordring etter stormen Dagmar sine herjingar juledagane. Løypetraseen var full av rusk og kvist, samt fleire våte parti. Stor dugnadsinnsats gjorde at løypene framsto i bra stand renndagen.

På startstreken stilte 223 deltakarar klare til å få av seg litt av juleribba. Ingen såg ut til å vere synleg hemma av julehelga og alle leverte gode prestasjonar. På førehand lag det an til ein duell mellom dei raskaste skiløparane i Hallingdal for tida, Pål Golberg frå Gol og Vetle Sjåstad Christiansen frå Geilo. Då Pål mangla på start, vart det Vetle som var raskaste herreløper. Av damene var Mari Eide, Øystre Slidre IL den raskaste. Ho gjennomførte eit solid løp på sin 10 km.

Vetle Sjåstad Christiansen, Geilo IL (til venstre) og Håvar Sørbøen, Ål IL (til høgre) i fint driv.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Her er resultat frå Ribberennet 2011: pdf



Alle løyper er preparert

Postet av Liatoppen Skisenter den 18. Des 2011

Løypenettet frå Liatoppen er no preparert med unntak av fjelløypene. Mellom Liatoppen og Skrindohaugen er løypene svært gode. Innover på åsen er det også bra, men med meir snø vil dei bli endå betre.

God tur!



Neste renn på Liatoppen: Ribberennet 28. desember

Postet av Liatoppen Skisenter den 18. Des 2011

Det tradisjonsrike romjulsrennet til Torpo IL blir arrangert på Liatoppen 4. juledag. Rennet startar kl 13.00 og går i fristil.

Påmelding (påmeldingsfrist 26.12.11)

Påmeldte

Vel møtt!



Gladmelding - oppkøyrde skiløyper på Liatoppen!

Postet av Liatoppen Skisenter den 9. Des 2011

Kåre Hagen har i dag (9.12.) preparert skiløypene mellom Liatoppen og Skrindohaugen for både klassisk og skøyting. For dei som har venta på skiføret, er det berre å finne fram skia og starte sesongen.

God tur!



SpareBank 1 Cup-rennet 4. desember er flytta til Geilo

Postet av Liatoppen Skisenter den 30. Nov 2011

Ål skiskytterlag arrangerer det 3. rennet i SpareBank 1 Cup sundag 4. desember. Rennet skulle gått av stabelen på Liatoppen, men er flytta til Geilo. Sjå Ål skiskytterlag si heimeside for informasjon om rennet.


Værmelding frå yr.no

Postet av Liatoppen Skisenter den 27. Nov 2011

Her er værmelding for Liatoppen dei komande dagane:


Kor blir det av snøen?

Postet av Liatoppen Skisenter den 9. Nov 2011

I fjor på denne tida var kuldegradene mange sjølv om me ikkje hadde den store snømengda. Dei siste dagane har det vore høge temperaturar på åsen. Her er bilete frå 9 november då temperaturen var 7 grader midt på dagen:

 

 

 

 

 

 



Bendit Liatoppen skiskytterfestival 2011

Postet av Liatoppen Skisenter den 11. Apr 2011

Årets Bendit Liatoppen skiskytterfestival er historie. Våren slo til for fullt under arrangementet og tok mykje av snøen, men føret held akkurat.


Larsen-stafetten 8. april:

html pdf-format
Fellesstart junior fredag 16. april: html pdf-format  
Bendit laurdag 17. april:

html

pdf-format
Bendit sundag 18. april html pdf-format

 

Meir informasjon finn du på heimesidene til arrangementet:

www.liatoppenskiskytterfestival.no

 



Klubbmesterskap Ål skiskytterlag

Postet av Liatoppen Skisenter den 31. Mar 2011

I vårsnø og tunge forhold arrangerte Ål ssl sitt klubbmesterskap torsdag 31. mars. Løpet gjekk som normalprogram for klassane 16 år og yngre, medan juniorane kjempa seg gjennom ein fellesstart med 4 skytingar.

Resultatliste



Bergsjørennet 2011

Postet av Liatoppen Skisenter den 27. Mar 2011

Årets Bergsjørenn gjekk som vanleg frå Bergsjøstølen til Liatoppen. Det var knytt ei viss spenning til om starten kunne gå i høgfjellet på Bergsjøstølen ettersom vervarselet i forkant varierte mellom bris og stiv kuling. I fjellet var det ikkje vindstille, men ikkje verre enn at løparane hadde ein fin tur på eit raskt føre.

Raskaste "klassiker" på herresida var Kjetil Andre Bjerkrheim, Nesbyen IL på tida 1.27.37 medan raskaste dame var Julie Synnøve Ensrud, Trøsken IL på 1.58.46. I fristilklassa var Joar Tistel, Vik IL raskast på 1.21.25 på dei 32 kilometerane.

Resultatliste



Klubbmesterskap Ål IL

Postet av Liatoppen Skisenter den 24. Mar 2011

Torsdag 24. mars arrangerte Ål IL sitt klubbmesterskap på Liatoppen. Etter mildværet dei siste dagane var det eit skarpt føre som møtte deltakarane. Gledeleg med så mange deltakarar i dei yngre årsklassane.

Resultatliste



Gaurhovdrennet/Showrennet 2011

Postet av Liatoppen Skisenter den 20. Feb 2011

Torpo IL arrangerte Gaurhovdrennet og Showrennet på Liatoppen den 20. februar. Som på gårsdagens Ål-renn, var det eit nydeleg vintervær som møtte deltakarane. Evigunge Tore Bjerkrheim, Nesbyen var dagens raskaste mann på tida 1.06.54. Nærast følgde sonen Kjetil Andre Bjerkrheim på tida 1.08.13. På kvinnesida var det Marte Mestvedthagen som var raskast i den 24 km lange løypa.

I showrennet var Katrine Seim nok ein gong uslåeleg og vann si klasse med god margin.

Resultatliste:     html



Ål-rennet 2011

Postet av Liatoppen Skisenter den 19. Feb 2011

Ål ski arrangerte Ål-rennet 19. februar på Liatoppen skisenter. Rennet gjekk i strålande flott vintervær. Kuldegradene var mange, men på rett side av kuldegrensa. Totalt stilte 98 løparar på startstreken, dei fleste i dei yngste klassane.
 
Resultatliste:    pdf        html


Flotte skiløyper

Postet av Liatoppen Skisenter den 14. Jan 2011

Det er no flotte skiløyper på Liatoppen og innover åsen. Alle løyper er preparert. Sjekk GPS-oppdatering for oversikt over løypeprepareringa.

God tur!



Opplegg smøreboder

Postet av Liatoppen Skisenter den 5. Jan 2011

Her finner du informasjon om smørebodene.

Plan smøreboder
Oversikt smøreboder

Vi minner om at dere bør ta med skjøteledninger til eget bruk. Det er fordelingsskap i hvert telt, men det blir ikke kontakter i hver bod. Vi ber også om at dere ikke bruker mer strøm enn nødvendig, med tanke på overbelastning.

Smøreteltene vil være tilgjengelig fra torsdag morgen/formiddag. Alle bodplassene er nummerert med navn, slik at det er bare å installere seg på sin plass ved ankomst.

På torsdag blir det ikke noen parkeringsvakter på parkeringen ved smøreteltene. Fra fredag til søndag vil det bli tilgjengelig for av- og pålastning ved teltene, for de som må parkere litt i fra teltene.

Siden det ikke vil være noe tilsyn av teltene om natten, er det lurt å ta med seg alt av stor verdi hver kveld.

Vi minner om betaling for smørebodene/oppstillingsplasser, for de som har glemt dette!


Magnus Skrindo
Tlf. 90526422