Ribberennet 2013

Postet av Liatoppen Skisenter den 28. Des 2013

Heile 321 deltakarar stilte til start i årets Ribberenn på Liatoppen. Liatoppen skisenter kunne by på gode forhold for løparane og Torpo IL gjennomførte rennet rask og effektivt.

Dagens raskaste på herresida vart som i fjor, Sindre Bjørnestad Skar, Bærums Verk IF. På damesida var skiskyttaren Tiril Kampenhaug Eckhoff, Fossum IF den klart raskaste. Elles er det grunn til å merke seg 17-åringen Aleksander Fjeld Andersen som vart raskaste junior med ei tid som hadde helde til 3. plass i herreklassa.

Her er resultatlista: Ribberennet 2013

Dagens raskaste Sindre Bjørnestad Skar, Bærums Verk IF

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Nr. 3 i herreklassa Sondre Turvoll Fossli, Hokksund IL



Preparerte skiløyper på Liatoppen/Votndalsåsen

Postet av Liatoppen Skisenter den 20. Des 2013

Det har kome ein del nysnø i det siste som gjer at mykje av løypenettet no er preparert og klart til julehelga. Førebels er alle løyper i skogen køyrd opp, medan det på snaufjellet framleis er for lite snø.

Løypene er i god stand. Kan vere litt lite snø enkelte stader.

Me ønskjer alle brukarar av løypene på Liatoppen/Votndalsåsen ei riktig god jul med mange fine skiturar!



Live-oppdatering av løypekøyring - Skisporet.no

Postet av Liatoppen Skisenter den 8. Des 2013

Du kan følgje live-oppdatering av kvar og når skiløypene på Liatoppen og elles i Ål er preparert via kommunen sin nye trackingleverandør - Skisporet.no. Alle i Hallingdal brukar no denne leverandøren. Vel det kartutsnittet du ønskjer. Zoom deg inn til du har kartet så detaljert som du ønskjer ved å bruke zoomknappen oppe til venstre på kartet. Vil du ha ein detaljert kartbakgrunn så vel «Statkart» oppe til høgre.

Løysinga er om lag som før, men no med andre fargar (lys grønt er nyast). I tillegg til bruk via PC (utan krav til Java) er denne løysinga også godt tilrettelagt for bruk på nettbrett og smarttelefon. Last ned app for Skisporet frå Apple Iphone / Android så får du skiløypene med deg der du er.

Her er link til oversiktskart for Ål:
http://skisporet.no/buskerud/alhallingdal

Kartet for Liatoppen/Votndalsåsen finn du i venstremenyen under Løypenett og Løypepreparering eller link her:
http://skisporet.no/buskerud/liatoppenvotndalsasen



Nysnø = skiløyper (06.12.13)

Postet av Liatoppen Skisenter den 5. Des 2013

Endeleg har det kome nysnø. I dag er heile lysløypa preparert dvs. 9 km.

For oppdatert status på løypeprepareringa kan du sjekke den nye tenesta skisporet.no.

God tur!


Lite snø på Liatoppen (20.11.13)

Postet av Liatoppen Skisenter den 19. Nov 2013

Etter ein flott start på skisesongen for eit par veker sidan er denne no sett på vent på Liatoppen. Mildveret sist helg tok stort sett knekken på skiføret i løypenettet. Me får kryssa fingrane og håpe på meir snø med det første.


Preparerte løyper på Liatoppen

Postet av Liatoppen Skisenter den 8. Nov 2013

Følgjande løyper er preparert 8. november:

Lysløypa:Klassisk og skøyting 
Konkurranseløypa:Klassisk og skøyting
Rundt Kinnhovda:Klassisk

Til saman er dette ca. 25 km med preparerte skiløyper der 11 km er preparert for skøyting.

Det er nokså gode forhold i løypene etter årstida. Kan vere litt kvist innimellom så bruk ski som du ikkje er redd for.

God tur!



SkiTrac er ikkje i drift

Postet av Liatoppen Skisenter den 6. Nov 2013

Liatoppen skisenter har dei siste åra hatt såkalla GPS-sporing på tråkkemaskina slik at ein kan sjå når løypene er preparert. Ål skal no bytte leverandør av denne tenesta og for tida er ikkje sporinga i drift. Det betyr at det ikkje er mogeleg å sjå prepareringsstatus inntil vidare.

Me vil forsøke å leggje ut informasjon om løypepreparering på nettsida.



Skiføre på Liatoppen! (04.11.13)

Postet av Liatoppen Skisenter den 4. Nov 2013

Etter snøværet sundag og natt til måndag er det no preparert skiløyper på Liatoppen. I første omgang er det 5-kilometeren i lysløypa og konkurranseløypa som er gjort klar for skøyting.


Webkamera

Postet av Liatoppen Skisenter den 21. Mai 2013

Bileta blir oppdatert kvart 15. min
i tidsrommet 7.00-20.00.

Sponsor web-kamera:

Varmestugu

 

Nytt rennkontor

 

Tidtakar- og speakerbu

Stadion

Skytebanen 1

Skytebanen 2

Inngang til stadion

Nilsehaugen



Bendit Liatoppen Skiskytterfestival 2013

Postet av Liatoppen Skisenter den 26. Mar 2013

Årets store høgdepunkt på Liatoppen vart arrangert 5.-7. april. 

Alt frå arrangementet finn du her:

www.liatoppenskiskytterfestival.no



Klubbmesterskap for Ål IL - langrenn

Postet av Liatoppen Skisenter den 21. Mar 2013

Torsdag 21. mars arrangerte Ål IL sitt klubbmesterskap under flotte, men kalde tilhøve på Liatoppen. For eit år sidan herja mildværet med løypene. I år gjekk rennet -9 grader og eit svært vinterleg vær. 49 deltakar stilte til start og det er spesielt gledeleg å sjå at det er mange deltakarar i dei yngste klassane.

Resultatliste klubbmesterskap Ål IL - langrenn



Bergsjørennet sundag 24. mars

Postet av Liatoppen Skisenter den 19. Mar 2013

Palmesundag arrangerte Ål IL det tradisjonsrike Bergsjørennet med start på Bergsjøstølen og målgang på Liatoppen i eit fantastisk vintervær. Dei som valde å ta turen denne dagen, angra nok ikkje på det. Det 32 km lange rennet har klassar for både klassisk og fristil. Dagens raskaste i løper i klassisk vart Arne Post, Team Skigo. Raskaste dame vart Julie Synnøve Ensrud, Trøsken IL.

I fristilklassen var Kjetil Andre Bjerkrheim, Sportsmaster og Sissel Stave, Ål IL raskast.

Resultatliste Bergsjørennet 2013



Resultat frå rennhelga på Liatoppen 23. og 24. februar

Postet av Liatoppen Skisenter den 23. Feb 2013

Første rennet i rennhelga er unnagjort. Ål-rennet samla 136 deltakarar som fullførte rennet. Fin temperatur gav god glid og lett føre renndagen.

Her er resultatliste frå Ål-rennet:   pdf     html

Sundag gjekk Showrennet og Gaurhovdrennet med Torpo IL som arrangør. Flott vintervær ga deltakarande ein flott tur innover åsen. Dei yngste gjord unna fellesstarten med korte rundar medan turløparane var ute i løypa.

Resultatliste frå Gaurhovdrennet og Showrennet:   pdf      html



SkiTrac er midlertidig ute av drift

Postet av Liatoppen Skisenter den 15. Feb 2013

SkiTrac, systemet som viser oppkøyrde løyper, er ute av drift frå og med fredag 15. februar. Alle løyper blir preparert i dag, men det vil ein ikkje sjå spor etter på kartet. Me håpar å ha systemet i drift att over helga.

God tur!



Neste rennhelg på Liatoppen: 23. og 24 februar

Postet av Liatoppen Skisenter den 7. Feb 2013

Det er absolutt grunn til å leggje starten på vinterferien til Ål og Liatoppen. Laurdag 23. februar arrangerer langrennsgruppa i Ål idrettslag Ål-rennet. Det er eit fristilrenn for alle klassar frå 8 år til senior.

Sundag 24 februar arrangerer Torpo IL både Showrennet for klassane 8-16 år med fellesstart og korte rundar, og det tradisjonsrike Gaurhovdrennet som hadde 40-årsjubileum i fjor. Løypa frå jubileumsrennet i fjor på 44 km kjem til å bli nytta også i år. Begge desse renna går i klassisk stil.

Påmelding Ål-rennet                Startliste:    pdf    html
Påmelding Show-rennet
Påmelding Gaurhovdrennet

Velkomen til ei flott rennhelg på Liatoppen!



Ikkje ski-NM til Liatoppen i 2015

Postet av Liatoppen Skisenter den 31. Jan 2013

Skistyret i Norges Skiforbund tildelte 29. januar Røros arrangementet i 2015. Det betyr at Liatoppen med Ål IL som søkjar ikkje nådde heilt opp. Dei fleste som søkjer om eit slikt arrangement må gjerne søkje fleire år så det er grunn til å vente at ny søknad blir sent for komande meisterskap. Dette blir det teke stilling til seinare.