Løypestatus 14.11.14

Postet av Liatoppen Skisenter den 17. Nov 2014

Har kome litt snø dei siste dagane og i dag er løypene opp til 3,3 km preparert for skøyting. Framleis litt lite snø, så vent med å bruke dei beste skia til seinare. Mogeleg at fleire løyper blir preparert i løpet av helga. God tur!



Bergsjørennet 2014

Postet av Liatoppen Skisenter den 13. Apr 2014

Kraftig vind i fjellet gjorde at årets utgåve av Bergsjørennet måtte gå i alternativ trase med start og mål på Liatoppen. For dei som deltok var ikkje vinden verre enn at det vart ein fin tur.

Dagens raskaste i fristil vart Andrejs Rastojujevs frå Latvia. I klassisk var det Tommy R Wilhelmsen frå IL Bevern/NTG Geilo som gjekk av med seieren. Av damene var Sissel Stave, ÅL IL raskast i fristil og Agnes Karlseng frå Lyn i klassisk.

Resultatliste Bergsjørennet 2014



Bergsjørennet har start og mål på Liatoppen

Postet av Liatoppen Skisenter den 12. Apr 2014

På grunn av sterk vind i fjellet og melding om aukande vind fram mot sundag blir løypetraseen for Bergsjørennet endra. Start og mål blir på Liatoppen der det også er rennkontor.


Ål-rennet 2014

Postet av Liatoppen Skisenter den 12. Apr 2014

Siste helga i mars arrangerte Ål IL - langrenn sitt årlege Ål-renn på Liatoppen. Rennet går i fristil og hadde denne gongen 106 deltakarar.

Resultatliste Ål-rennet 2014



Bendit Liatoppen Skiskytterfestival 2014

Postet av Liatoppen Skisenter den 12. Apr 2014

Nok ein gong har Liatoppen skisenter vore arena for verdas største skiskyttarrenn. Denne gongen med 227 stafettlag og 1150 deltakarar påmeldt. Nokre fall frå fram til start, men på laurdagen var rekordmange 1105 unge skiskyttarar på start. All informasjon om festivalen ligg på heimesidene www.liatoppenskiskytterfestival.no 

Årets resultat:
Larsen-stafetten 2014
Bendit Liatoppen Skiskytterfestival 2014 - laurdag
Bendit Liatoppen Skiskytterfestival 2014 - sundag



Mange skirenn på Liatoppen på slutten av sesongen

Postet av Liatoppen Skisenter den 26. Mar 2014

Det nærmar seg slutten av skisesongen og på Liatoppen skal det gjennomførast mange skirenn før påskeferien startar. Den 29. mars arrangerer Ål IL sitt årlege landsrenn i langrenn, Ål-rennet. Rennet går i fristil og er for alle klassar. Meir informasjon om rennet ligg på laget sine nettsider.

Påfølgjande helg, 4.-6. april blir det storinnrykk. Då er det klart for verdas største skiskyttarren, Bendit Liatoppen Skiskytterfestival med 1150 deltakarar og over 250 funksjonærar i sving for å gjennomføre arrangementet. Arrangementet har eigne nettsider.

Rennsesongen på Liatoppen blir avslutta med Bergsjørennet frå Bergsjøstølen til Liatoppen sundag 13. april (palmesundag). Eit turrenn i flott høgfjellsterreng som ein bør få med seg. Rennet har klassar for både klassisk og fristil eller ein kan ta det rett og slett som ein fin skitur.



Klubbmesterskap Ål skiskytterlag

Postet av Liatoppen Skisenter den 18. Mar 2014

Tysdag 18. mars arrangerte Ål skiskytterlag sitt klubbmesterskap på Liatoppen med nokre "gjesteløparar" frå Gol og Hemsedal.

Resultatliste: pdf



Klubbmesterskap Ål IL

Postet av Liatoppen Skisenter den 13. Mar 2014

Torsdag 13. mars arrangerte Ål IL klubbmesterskap i langrenn på Liatoppen. På ein vindfull kveld, men med skarpt føre stilte 40 deltakarar til start.

Resultatliste:  pdf



Fjelletstafetten 2014

Postet av Liatoppen Skisenter den 25. Feb 2014

Fjellet IL flytta årets stafett frå lysløypa i Leveld til Liatoppen pga. vanskar med å krysse elva pga. dårleg is. 38 lag med løparar i alderen 8-16 år stilte til start i dei ulike klassane.

Her er resultatlista frå stafetten:           pdf



Gaurhovdrennet og Showrennet 2014

Postet av Liatoppen Skisenter den 25. Feb 2014

Torpo IL er svært fornøyd med renna og fekk mange positive tilbakemeldingar. Totalt var det 170 deltagere på Liatoppen denne fine skidagen. Spesielt i Gaurhovdrennet var det ein bra auke frå i fjor noko som arrangøren trur er eit resultat av att rennet har gått tilbake til løypa på 24 km.
 
Det vart store smøreproblem med 4-5 plussgrader og mykje drevsnø etter hard vind om natta. Løypa vart også ganske laus på ein del stader. Best klaff med skia hadde nok dei som satsa på rubbing av skia. Dei hadde godt feste men litt dårlegare gli.
 
Evigunge Kristen Aaby vart nok ei gong for sterk for ungdommen men han måtte etter eige utsagn "ta i skikkeleg" for og riste av seg to blad Hulbak, Ole og Sigurd. Kristen gjekk inn til sin tolvte seier i rennet og tok dermed sin 4. vandrepremie til odel og eige.
 
Mange imponerande resultat i Showrennet der det vart utkjempa mange duellar i dei mange rundane som vart gått.
 
Resultatliste frå Gaurhovdrennet og Showrennet:       pdf


Problematiske isforhold berører turløyper

Postet av Liatoppen Skisenter den 16. Feb 2014

Istilhøva i fjellet skapar litt utfordringar for løypekøyringa denne vinteren. Turløypa som brukar å gå over Svartetjørn er på grunn av dårleg is og overvatn for tida ikkje mogeleg å preparere.

Også kryssing av elva Lya mellom Fekjastølen og Hellebu samt mellom Tormodset og Opheimsåsen er vanskeleg. Har kan løypetraseen bli flytta for å finne stader ein kan krysse på ein sikker måte.



Sonerenn på Liatoppen 3. februar

Postet av Liatoppen Skisenter den 3. Feb 2014

Flotte forhold på Liatoppen då Fjellet IL og Ål IL inviterte til sonerenn i langrenn for Hallingdal denne måndagskvelden. Etter mykje snøver i lang tid, vart det denne kvelden fin temperatur, flott føre og gode løyper. 101 unge deltakarar stilte til start.

Resultatliste: Sonerenn Liatoppen



Nytt skileikområde på Liatoppen

Postet av Liatoppen Skisenter den 22. Jan 2014

 

 
Liatoppen skisenter starta for 2-3 år sidan med å rydde skog for å gje plass til eit nytt skileikområde. I løpet av hausten og første del av vinteren er området klargjort og bygd ut med grillhytte. I tillegg er det plassert ut benkar og bålpanne. Området ligg solvendt og for dei minste er det eit høveleg turmål å gå på ski til leikeområdet som ligg 500 meter vest for skistadion.

Skisenteret håpar liten og stor brukar området til skileik og bålkos utover vinteren.



Langrennsglede

Postet av Liatoppen Skisenter den 22. Jan 2014

Ål Utvikling har laga ein flott film om det godt utbygde løypetilbodet i Ål kommune. Filmen kan sjåast her:



Neste arrangement på Liatoppen: Fjellet-stafetten 22. februar og Showrennet/Gaurhovdrennet 23. februar

Postet av Liatoppen Skisenter den 12. Jan 2014

Det ligg an til ei stor skihelg på Liatoppen denne helga. Laurdag 22. februar går Fjellet-stafetten på Liatoppen. Denne stafetten arrangerer vanlegvis Fjellet IL i Leveld, men i år har ikkje elva som må kryssast frose til og dei flyttar difor denne populære stafetten til Liatoppen.

Meir informasjon om stafetten finn du på Fjellet IL si heimeside.

Sundag 23. februar arrangerer Torpo IL "Showrennet" i langrenn, eit sprintrenn i klassisk stil for 8-16 år med fellesstart og korte rundar. Same dag arrangerer dei også "Gaurhovdrennet", eit turrenn på 24 km med start og mål på Liatoppen. Rennet blir arrangert for 42. gong.

Meir informasjon om renna finn du på Torpo IL si heimeside.



SpareBank 1 cup skiskyting / KM Buskerud 11. og 12. januar

Postet av Liatoppen Skisenter den 8. Jan 2014

Helga 11. og 12. januar arrangerte Ål skiskytterlag i sambarbeid med Drammen Strong og Bødalen IF SpareBank 1 cup i skiskyting med innlagt KM for Buskerud. Renna skulle opprinneleg gått på Hønefoss, men pga. snømangelen i låglandet tok desse klubbane over arrangementet. Rundt 275 deltakarar frå både aust og vest stilte til start begge dagane.

Laurdag vart normalprogram avvikla. Tåka kom snikande utover dagen og gjorde det til tider nokså vanskeleg å sjå blinkane så godt som ein brukar. Sundag var det sprint for nybyrjarane og fellesstart for 11 år og eldre. Mange tette og flotte duellar på skytebanen og i løypa denne dagen. Kaldt, men fint vintervær ga ei fin ramme rundt arrangementet.

Her er resultat frå renna:
SpareBank 1 Cup - normal 11.01.14
SpareBank 1 Cup - sprint og fellesstart 12.01.14



Fellessamling alle lag i Ål

Postet av Liatoppen Skisenter den 5. Jan 2014

Helga 4. og 5. januar hadde Ål skiskytterlag si årvisse skisamling på Liatoppen. Denne gongen var alle laga i Ål kommune invitert. Gledeleg at det vart godt oppmøte og stor aktivitet i løypene.

Samlinga vart avslutta med testløp på sundag ettermiddag. Her er resultatlista frå rennet:

140105 Testrenn langrenn og skiskyting