Ribberennet 2018

Postet av Liatoppen Skisenter den 28. Des 2018

Pål Golberg, Gol IL

Årets Ribberenn er historie. 311 deltakarar i alderen frå 8 år til godt vaksen gjennomførte rennet på Liatoppen. Mange gode prestasjonar i alle aldersklassar, men det var golingar som var dei raskaste av begge kjønn, Emilie Fleten av kvinnene og Pål Golberg av mennene. 


Her er resultatlista:

181228 Resultatliste Ribberennet 2018.pdf



Neste arrangement på Liatoppen - Ribberennet 2018

Postet av Liatoppen Skisenter den 19. Des 2018

Sesongens første arrangement på Liatoppen blir arrangert av Torpo IL 28. desember. Det tradisjonelle Ribberennet brukar å samle mange deltakarar frå både aust og vest til skikkelege duellar i romjula. Rennet går i fristil og med distansar frå 1,25-15 km. Rennet er for 8 år og eldre. Puddingklassane for kvinner og menn brukar å vere populære for dei som er over sitt toppnivå. 

Vel møtt!


Til påmelding Ribberennet 2018




Skisesongen er i gang på Liatoppen (3.11.18)

Postet av Liatoppen Skisenter den 2. Nov 2018

Dei siste dagane har det kome såpass med snø i området slik at dei ivrigaste allereie har prøvd skiføret. 4 km er tråkka med scooter. I rulleskiløypa (1 km) er det gode forhold. Dei lengre rundane har noko kvist og er litt ujamne, men det blir sett spor i dag. Viktig å bruke ski ein ikkje er redd for.



Rulleskiløypa offisielt opna

Postet av Liatoppen Skisenter den 15. Jun 2018

Foto: Erlend Hagen

Måndag 4. juni var det offisiell opning av den nye rulleskiløypa på Liatoppen. Nærare 100 personer hadde møtt opp for å være med på opninga. Styreleiar for skisenteret, Svein Furuhaug, ønskte velkomen og orienterte dei frammøtte om prosjektet.

Ordfører Solveig Vestenfor klypte snora for rulleskiløypa og ønskte Liatoppen Skisenter og eierlaga lykke til med ei trafikksikker treningsløype for alle som vil gå på rulleski og slapp med det ivrige utøvarar og mosjonistar ut i løypa.  

Løypa har kosta litt over kr 2,8 mill. å bygge noko som er under kostnadsoverslaget. Liatoppen skisenter er svært takknemleg for at Sparebankstiftelsen Hallingdal, Ål kommune, tippemidlar og Skiskytterforbundet/Skiforbundet har vore med å finansiere løypa.

Kåre Hagen har vore skisenteret sin mann under bygginga. Skisenteret er med rulleskiløypa blitt eit meir komplett anlegg for både sommar- og vinterbruk.


Svein Furuhaug ønskte velkomen og orienterte om prosjektet.

Ordførar Solveig Vestenfor sto for den offisielle opninga.

Ordførar og prosjektleiar omkransa av representant frå SpareBank 1 Hallingdal Valdres (Espen Karlsen) og entreprenør Oddvar Øygard AS (Ole Bjørn Øygard)

Så var det klart for prøving.




Heider til Kåre Hagen og Svein Åsmund Tveito

Postet av Liatoppen Skisenter den 7. Jun 2018

Ole Einar Bjørndalen tildeles Norges Skiskytterforbunds hederstegn og æresmedlemskapSvein Åsmund Tveito til venstre og Kåre Hagen, nr. 3 frå venstre, fekk pris saman med mange kjente profilar innan skiskyting (Foto: Norges skiskytterforbund)

Eldsjelene til Liatoppen skisenter - Kåre Hagen og Svein Åsmund Tveito fekk heiderspris på årets skiskyttarting.

Avisa Hallingdølen skriv følgjande om prismottakarane:

Kåre Hagen (80) og Svein Åsmund Tveito (75) har vore eldsjeler, frontfigurar og dugnadsbasar under utbygginga på Liatoppen Skisenter gjennom ein mannsalder. Dei er Liatoppens svar på Knoll og Tott.

Hagen og Tveito har vore sentrale i det meste som har skjedd, både sportsleg og arenamessig, heilt frå Liatoppen var ein treningsarena, til ein topp moderne ski- og skiskyttararena.

Under middagen på skiskyttartinget laurdag 2. juni vart Knoll og Tott heidra for storinnsatsen og fekk skiskyttarforbundet sin standard. Det er ein heider som går til kretsar, klubbar og enkeltpersonar som har gjort ein framifrå innsats for å fremje sporten gjennom mange år. Dei var innstilt av Ål skiskyttarlag.

Også Ole Einar Bjørndalen vart heidra på skiskyttartinget. 44-åringen frå Simostranda som no har valt å avslutte den fantastiske karrieren, vart kåra som æresmedlem i skiskyttarforbundet.



Offisiell opning av rulleskiløypa på Liatoppen

Postet av Liatoppen Skisenter den 29. Mai 2018

Måndag 4. juni kl. 18:00

Liatoppen skisenter er no ferdig med rulleskiløypa. Det er asfaltert 1 km, og det er fleire mindre sløyfer som kan nyttast.

Dette må vi feire med ei høgtidleg opning. Ordførar Solveig Vestenfor kjem for å klippe snora.

  • Alle som har rulleski vert oppmoda om å kome å gå nokre rundar i anlegget.

  • Dei som ikkje har eigne rulleski kan få låne. Idrettslaga har nokre par som er til utlån. Hugs hjelm!


Program: 

Kl. 18:00               Velkommen.                     v/Svein T. Furuhaug, Liatoppen Skisenter

Kl. 18:10               Opning                             v/Solveig Vestenfor, ordførar

Kl. 18:30 (ca)        Servering av kake

 

Vel møtt!

Styret for Liatoppen skisenter



Liatoppen skisenter feirar 30 år og innbyr til aktivitetskveld

Postet av Liatoppen Skisenter den 18. Apr 2018


Liatoppen skisenter feirar i år 30 år og vil markere dette med ein aktivitetskveld for alle interesserte tysdag 24. april kl. 17.00-20.00. Sjå fullstendig program i artikkelen.


Program for kvelden:

17.00-18.00:
Gratis hamburger, pølse og saft

18.00-20.00:
Aktivitetar for barn og vaksne

  • Prøv deg som skiskyttar. Open standplass
  • Bli med på skileik og langrennscross

For vaksne:

  • Kurs i klassisk- og skøyteteknikk. Oppstart kl 18.00 og 19.00
  • Kurs i gliding av ski


Velkomen til alle!


Helsing eigarlaga Ål IL langrenn, Fjellet IL, Torpo IL og Ål skiskytterlag.





Førebuing til Bama Liatoppen skiskytterfestival

Postet av Liatoppen Skisenter den 9. Apr 2018

Komande helg går årets utgåve av Bama Liatoppen skiskytterfestival av stabelen. Førebuingane på stadion er i full gang og fire dagar før det brakar laus vart det jobba med standplass og skytebanen. Vanlegvis må ein flytte snø inn i anlegget for å sikre at det er nok å gå på konkurransedagane. I år er det behov for å få noko av all snøen vekk.






Skiløyper i påska

Postet av Liatoppen Skisenter den 22. Mar 2018


Påskeferien står for døra. I år ser det ut til å bli ei strålande skipåske med mykje snø og flott skiføre i våre område. Me håpar mange tek turen til fjells og nyttar skiløypene. Løypene frå Liatoppen innover Votndalsåsen og opp mot Grytingen blir preparert dagleg ved behov.

Har du forresten betalt løypeavgift? Tidlegare i vinter vart det sendt ut giro til hytteeigarar og bygdefolk med oppmoding om å støtte løypekøyringa i området. Har du ikkje betalt enno, set me veldig pris på om du gjer det. Løypebidrag er ei svært viktig og avgjerande inntektskjelde for å halde løypenettet i drift.

Har du ikkje fått giro, men ønskjer å gje eit bidrag kan du også bruke Vipps med kode 127199.

Liatoppen skisenter ønskjer alle brukarar av løypenettet ei riktig god påske!



Bergsjørennet 2018

Postet av Liatoppen Skisenter den 18. Mar 2018

Vinnar av Bergsjørennet, Kjetil Andre Bjerkrheim, Nesbyen IL/Team Hallingdal


Etter eit par fantastisk flotte dagar i fjellet i forkant av årets Bergsjørenn var det litt overraskande at deltakarane vart møtt med frisk vind på start ved Bergsjøstølen i årets utgave av det 32 kilometer lange rennet i fristil.

Berre 24 deltakarar stilte til start i konkurranseklassane. Saman med trimmarane som starta frå Bergsjøstølen fekk dei ein utfordrande tur i fjellet, spesielt partiet frå Hesthovdstølen til Reine vart strabasiøst med sterk motvind og attblåste løyper. Alle kom seg greitt gjennom det utsette partiet og nærare Liatoppen vart det nydeleg forhold. Dagens raskaste vart Kjetil Andre Bjerkrheim, Nesbyen IL/Team Hallingdal som vann med vel 4 minutt på nestemann Knut Skrindo, Gol IL/Team Hallingdal. Raskast av damene var Tuva Skarra, Konnerud føre Vilde Hagen Friis, Ål IL/Team Hallingdal.

Nytt av året var ein alternativ start for trimmarar frå Tormodset. Her stilte mange lokale born som har delteke på skileik og skitrening i vinter. Dei kosa seg i finveret i flotte løyper på turen til Liatoppen.


Resultatliste Bergsjørennet 2018



Neste renn på Liatoppen er Bergsjørennet 18. mars

Postet av Liatoppen Skisenter den 13. Mar 2018

Ål IL byr på turrenn frå Bergsjøstølen til Liatoppen denne sundagen i mars. Løypa er 32 km og går i fri teknikk.

Det er drikkestasjonar ved Hengsen 22 km fra mål, Tormodset 10 km fra mål og Skrindehaugen 4 km fra mål.

Konkurranseklassane startar kl 12:00 på Bergsjøstølen.

Buss fra Liatoppen til Bergsjøstølen kl 10:00
Buss fra Liatoppen til Tormodset kl 11:45

Nytt av året er at trimløparane kan velje mellom Bergsjøstølen - Liatoppen 32 km, eller Tormodset - Liatoppen 10 km. 

OBS: Starkontingenten aukar med 50% etter 11. mars kl 23:59

Meir informasjon: tlf 456 08 056

Velkommen!


Påmelding Bergsjørennet her

 




SpareBank 1 Cup skiskyting/KM stafett for Buskerud

Postet av Liatoppen Skisenter den 11. Mar 2018

Ål skiskytterlag arrangerte helga 10. og 11. mars årets siste renn i SpareBank 1 Cup i skiskyting på Liatoppen. Laurdag var det KM stafett for Buskerud, medan dei yngste gjekk individuelt renn med normalprogram. Deltakinga var noko mindre enn normalt pga. mange andre arrangement denne helga, bl.a. Norgescup/NM for junior og senior på Voss.

Sundag gjekk alle deltakarane sprint i løypene på Liatoppen. For arrangøren var rennhelga ei grei gjennomkøyring før Bama Liatoppen skiskytterfestival om ein månad.


Resultatlister:

SpareBank 1 cup 10. mars - normal
SpareBank 1 cup/KM stafett 10. mars
SpareBank 1 cup 11. mars - sprint



Showrennet/Gaurhovdrennet

Postet av Liatoppen Skisenter den 3. Mar 2018

Torpo IL arrangerte Showrennet og Gaurhovdrennet sundag 3. mars på Liatoppen. Showrennet er eit langrenn for klassane 8-13 år med fellesstart og korte rundar. Dette blir avvikla medan dei som går turrennet Gaurhovdrennet er ute på sin 24 km lange runde innover åsen og rundt Kinnhovda. Gaurhovdrennet vart arrangert for 46. gongen. Det er plass til mange fleire deltakarar i desse flotte renna med god premiering. 

 

Her er dagens raskaste på Gaurhovdrennet 1 km før mål, Knut Skrindo frå Gol og Trym Halbjørhus Fikke frå Hemsedal. I mål var rekkefølgja bytta om.

Resultatliste frå dagens renn:
Showrennet 2018
Gaurhovdrennet 2018




Klubbmesterskap Ål skiskytterlag

Postet av Liatoppen Skisenter den 6. Feb 2018

Tysdag 6. februar arrangerte Ål skiskytterlag klubbmesterskap på Liatoppen. Øvinga i år var sprint. 32 deltakarar frå laget og 4 golingar stilte til start.

Her er resultatlista:

Klubbmesterskap Ål ssl 2018



Problem med løypemaskina - løypene blir preparert med snøscooter i dag

Postet av Liatoppen Skisenter den 1. Jan 2018

Problematisk start på det nye året for løypekøyrarane. Løypemaskina vil ikkje starte i dag og løypene blir preparert med 2 snøscooterar. I og med dei ikkje er utstyrt med GPS, vil det ikkje gå fram på skisporet.no kva løyper som er preparert. Dei tek sikte på å preparere så mykje av løypenettet som dei rekk i dag.