KM-stafett Buskerud 2020/21

Postet av Liatoppen Skisenter den 15. Des 2020


Startliste

Alle klassar (oppdatert pr. 30.12.20 kl 12.15)pdf


Resultatlister:
Alle klassarpdf


Smittevernplan (oppdatert 29.12)

Smøretips glid/feste (oppdatert 29.12)

Løypekart (1 km, 2 km og 3,3 km)


Velkomen til KM-stafett 2020/21

Liatoppen skisenter ynskjer velkomen til KM-stafett for sesongen 2020/21 onsdag 30.desember. Me har flotte forhold på Liatoppen, og alle konkurranseløyper er preparerte. No er me klare for innrykk av ivrige skiløparar.

Det er mange påmeldte lag i 13-16 år i forhold til tidlegare år. Dette betyr at me må redusere på antal vaksne som kan vera med, og må difor redusere til 1 vaksen/støtteapparat pr. lag også for 13-16 år. Da er me innafor koronakrava. Vi gjer dette for at alle påmeldte lag skal få vere med på arrangementet.

Det er spesielle tider der koronaviruset styrer mykje av det me kan gjera. Me har vore i dialog med kommuneoverlegen, og han har sagt at me får arrangere meisterskapet dersom me lagar ein god smittevernplan. Den har me på plass (sjå eigen link lenger opp i artikkelen).

Me har sett opp ein plan for dagen der me har delt inn i tre kohortar. Me må tømme anlegget før neste kohort kan sleppe inn. Det betyr at dagen vert noko lengre enn vanleg. I samarbeid med Buskerud skikrets har me kome fram til desse kohortane:

Kohort 1: Startar kl. 10:00. Me reknar med at alle er ute av anlegget ca. kl. 11:30.

Kohort 2: Slepp inn i anlegget kl. 11:45. Fyrste start er kl. 12:30. Me reknar med at alle er ute av anlegget kl. 14:00.

Kohort 3: Slepp inn i anlegget kl. 14:15. Fyrste start er kl. 15:00.

PS! Ingen må gå opp på stadion før førre kohort er ute av anlegget.

Alle må lese igjennom smitteverntiltak før de kjem til Liatoppen og følgje desse. Spesielt viktig er det å halde avstand til andre, og forlate anlegget raskt etter rennet.

Fleire detaljar finn de i innbeding og smitteverntiltak under

Innbyding til KM-stafett

Ny Informasjon (27.12)


Helsing

Liatoppen skisenter

Svein T. Furuhaug
Rennleiar



Mykje av løypenettet er preparert i helga (13.12.20)

Postet av Liatoppen Skisenter den 13. Des 2020

I helga er ein god del av løypene innover åsen frå lysløypa preparert for første gong denne vinteren. Det er 50-60 cm snø i området. Litt fukt på myrane og kvist er det innimellom, men i det store heile nokså gode forhold. Det er meldt meir snø komande veke som gjer at det er gode utsikter for flotte skiturar i jula.

God tur! 





Skiføre på Liatoppen (6.12.20)

Postet av Liatoppen Skisenter den 4. Des 2020


Skisesongen er i gang på Liatoppen. Så langt er stadionområdet og lysløypa til Skrindohaugen preparert for klassisk og fristil. Det er best forhold i det me kallar "rulleskiløypa" (1 km) der underlaget er asfalt. I dei resterande løypene er det brukbart, men i nokre parti er det noko kvist. Om du ikkje brukar dei beste skia, er det mogeleg å nyte ein mosjons- eller treningstur i det som byrjar å bli eit fint vinterlandskap i våre løyper.


2 Kommentarer

Web-kamera publiserer ikkje oppdaterte bilete for tida (4.12.20)

Postet av Liatoppen Skisenter den 4. Des 2020

 

Webkameraet som normalt skal vis flotte bilete frå skistadion på Liatoppen har ikkje publisert oppdaterte bilete denne veka. Det betyr at det er meir snø i området enn det bileta viser. Me arbeider med feilsøk og håpar å ha det på lufta att over helga. 





Resultatlister Gaurhovdrennet og Showrennet 2020

Postet av Liatoppen Skisenter den 17. Feb 2020

Laurdag 29. februar inviterer Torpo IL til både Gaurhovdrennet og Showrennet på Liatoppen.

Gaurhovdrennet er eit turrenn i klassisk stil på 25 km. med start og mål på Liatoppen. Rennet har klassar for 15 år og eldre. Det er også trimklasse for alle aldersgrupper. 

Medan turrenndeltakarane er ute på sin runde kan dei yngre delta på Showrennet. Dette er eit renn i klassisk stil for aldersgruppa 8-14 år med fellesstart. 

Påmelding Gaurhovdrennet

Påmelding Showrennet


Resultatliste Gaurhovdrennet 2020

Resultatliste Showrennet 2020